At teologar over heile verda forstår tekstane på ein ny og annan måte enn slik dei tradisjonelt er blitt forstått, er ikkje fordi ein er blitt offer for "tidsånda", men er resultat av grundigare teologisk forsking.
At teologar over heile verda forstår tekstane på ein ny og annan måte enn slik dei tradisjonelt er blitt forstått, er ikkje fordi ein er blitt offer for "tidsånda", men er resultat av grundigare teologisk forsking.

Bibelen og homofili

Kim Friele og Karsten Isachsen - kvar på sin måte er dei fridomsheltar. Og kampen har ført fram, både i samfunnet generelt, og ikkje minst, i kyrkja, skriv Knut Inge Johnsen.

LESARBREV: Personar som utfordrar vedtekne haldningar, standpunkt og verdiar, blir gjerne sett på som brysomme bråkmakarar og provokatørar, og med tvilsom moral. Først i ettertid ser ein at den same personen i staden var ein helt.

Kim Friele er ein slik person. Midt på 70-tallet tok ho for alvor opp kampen for dei homofile sine rettar, menneskeverd og anerkjenning. På same tid blei det arrangert ei solidaritetsgudsteneste for homofile i Oslo. Presten, Karsten Isachsen, blei spurt om å tala. Frå kyrkjeleg hald fekk han beskjed om å la vera. Karsten Isachsen svarte likevel ja - utan å nøla. Men eg veit han grua seg - noko vanvittig. Han var så altfor klar over prisen han kom til å betala..

Artikkelen held fram under annonsen.

Fridomsheltar

Karsten Isachsen var på mange måtar den norske kyrkja sin "wonderboy", med ei heilt unik formidlingsevne. Men han visste at den kvelden han entra den talarstolen, kom han til å mista minst halvparten av den norske kyrkja sine talarstolar. Han blei aldri meir spurt om å vera talar i Misjonssambandet, Misjonsselskapet, Indremisjonen, Frikirken, Skolelaget eller knapt nok i KFUM - der han sjølv voks opp - og mange kyrkjer og sokneråd strauk han.

Kim Friele og Karsten Isachsen - kvar på sin måte er dei fridomsheltar, saman med mange andre, sjølvsagt. Og kampen har ført fram, både i samfunnet generelt, og ikkje minst, i kyrkja. Biskopane sitt endelege ja til likekjønna vigsel, er ein ny, viktig milepåle.

Dreier seg om oss

Det pågår ein debatt om homofili/Bibelen/Guds vilje etc. i Os & Fusaposten. Utgangspunktet er Per Torgeir Nilsen (som presenterer seg som avtroppande leiar for Os sokneråd) sitt innlegg «Bibelen og homofili», der han bruker velkjende sitat både frå GT og NT for å underbyggja påstanden om at homofili er mot Guds vilje.

Eg kom til å tenkja på Karsten Isachsen då eg las innlegget, og eg lurer på kor mange gonger nokon har sitert nettopp desse bibelversa for han, for å fortelja at han tar feil.

Karsten Isachsen er teolog - og kjenner sjøvsagt til desse tekstane betre enn dei fleste, både på norsk og på grunnteksten.

Det same gjeld sjølvsagt alle (og det er mange!) teologar, prestar, biskopar som har skifta meining i dette spørsmålet, underteikna medrekna.

Vi veit utmerka godt korleis ordlyden er. Sjølv ein 5-åring som har lært å lesa, kan sitera han - men å sitera har ingenting med teologi å gjere. Difor skulle dette for lengst vera eit tilbakelagt stadium i dette spørsmålet.

For dette dreier seg ikkje f.o.f. om Bibelen. Det dreier seg om oss - om kor vi står, kvar vi kjem frå, kven vi er, kva "briller" vi har på oss, kor vi har fokus og i kva retning peikefingeren vår peikar. Ei lita forskyvning i dette, ein uro, eit møte etc. - og vi ser det same spørsmålet i eit heilt nytt lys - eller eit lys som sakte blir slått på. Slik var det i kampen mot slaveriet, då kristne i Sør-Afrika begynte å stilla spørsmål kring apartheid (Biskop Tutu samanliknar kampen for dei homofile sine rettar med kampen mot apartheid) - og ikkje minst, i synet på kvinnelege prestar.

Artikkelen held fram under annonsen.

I ein ny samanheng

Biskop Tor Jørgensen fortalde t.d. nyleg at han skifta syn på homofili då han blei kjent med at ein nær ven, som døydde, hadde skjult legninga si heile livet. Det er det mange kristne som har gjort, gjerne ved å gøyme seg inne i "skapet", ekteskapet..

Mange har liknande historiar, t.d. prestar som opplever at eins eigne barn fortel at dei er homofile. Og mange kjenner homofile som lever med skamkjensler og sjølvmordstankar. Det betyr ikkje at ein "set strek over" tekstar i bibelen, men at ein går til dei på nytt, forstår og reflekterer over dei i eit nytt lys - og set dei i ein ny samanheng.

At teologar over heile verda forstår desse tekstane på ein ny og annan måte enn slik dei tradisjonelt er blitt forstått, er ikkje fordi ein er blitt offer for "tidsånda", men er resultat av grundigare teologisk forsking.

Teologi er krevjande vitskapleg arbeid, ulik meir eller mindre privat synsing - på same måte som at medisinsk forsking er noko anna enn ei samling gamle kjerringråd.

Knut-Inge Johnsen