Trener Endre Vik Larsen. Andreas Vik Larsen var ikke tilstede da bilete vart teke. (Privat foto)
Trener Endre Vik Larsen. Andreas Vik Larsen var ikke tilstede da bilete vart teke. (Privat foto)

Bogeskyttarar klare for nordisk meisterskap

Til helga reiser seks bogeskyttar frå Fana Bueskytterklubb til nordisk meisterskap i Danmark. Fem av utøvarane er frå Os.

- Dette er rimeleg stort for Fana Bueskytterklubb. Seks utøvarar er klare for å delta i nordisk meisterskap i bueskyting. Det må jo vera rekord, seier trenar og osing, Endre Vik Larsen.

Dei fem osingane som skal konkurrera er Andreas Vik Larsen, Asbjørn Olav Ovredal, Bettina Moberg Johansen, Håkon Johnsen og Karl Ludvik Tøsdal. I tillegg er Susanne Basteson Ingebrigtsen frå Fana med i troppen som gjer seg klar for meisterskap.

Trener og lagledeiar for følgjet er altså Endre Vik Larsen. Han er med i Ungdomsutvalget i Norges Bueskytterforbund.

- Konkurransen går av stabelen i Hiullerød frå og med komande fredag til måndag, fortel Vik Larsen.

Samling i Hvaler

Før avreise til Danmark skal gjengen frå Os vera med på ein samling i Hvaler der 60 unge bogeskyttarar frå ulike deler av Noreg skal delta i ein konkurranseform kalla, Archery Tag. Archery Tag er på mange måtar det same som paintball, berre med pil og boge.

Deltakarane får her utlevert fullt tryggleiksutstyr. Pilene har ein kanonball-liknande klump i staden for spiss.