I høve brakkene på skuleplassen har det kome reaksjonar på plassering av flyktningbustadene. I Os Frp har vi stor forståing for desse reaksjonane, skriv Eirik André Hesthamar.
I høve brakkene på skuleplassen har det kome reaksjonar på plassering av flyktningbustadene. I Os Frp har vi stor forståing for desse reaksjonane, skriv Eirik André Hesthamar.

Brakkene på Søfteland må flyttast

Os Frp vil på det sterkaste rå til at kommunen flyttar brakkene til Hjellemarka barnehage og dei framtidige flyktningebustadane til ein meir eigna plass.

Os kommunestyre vedtok i haust at kommunen skal busetja 45 flyktningar per år dei neste tre åra. Dette er monaleg fleire enn dei 15 flyktningane som Os kommune har tatt i mot tidlegare. Administrasjonen i kommunen arbeider difor no med å skaffa bustader til flyktningane, og har i 1.fase sett på eigedommar og bygg som Os kommune eig sjølv og som kan eigna seg for ombygging til bustadføremål. Til formannskapsmøte 12. april ligg det sak om ombygging av to bygg, - den gamle barnehagen på Søfteland og brakkene som Hjellemarka barnehage har hatt på skuleplassen på Søfteland.

I høve brakkene på skuleplassen har det kome reaksjonar på plassering av flyktningbustadene. I Os Frp har vi stor forståing for desse reaksjonane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Då brakkene vært plassert på skuleplassen i 2009, vart det lovt at dette var midlertidig, og at crossbanen for sykkel som låg på området skulle byggast opp at av kommunen når brakkene vart fjerna. Dette vart mellom anna kommunisert klårt frå kommunen sin eigedomssjef på den tida gjennom intervju med BA. Ein av verdiane til Os kommune er at «Vi gjer det vi seier». Kommunen må derfor stå for sine lovnader til Søftelands-krinsen og dugnadsgjengen som i si tid la til rette for crossbanen. Å no endra standpunkt vil ikkje akkurat fremja engasjementet i frivillig sektor, og vera klårt i strid med føringane i Os inspirerer-prosjektet

Eit anna spørsmål er om det i det heile tatt er fornuftig å leggja flyktningebustader midt inne i eit oppvekstsenter med skule, barnehage og Friplassen. Dette verkar ikkje naturleg. Os Frp vil difor på det sterkaste rå til at kommunen flyttar brakkene og dei framtidige flyktningebustadane til ein meir eigna plass!

Eirik Andre Hesthamar

Gustav Bahus

Os Fremskrittsparti