Bru - nei takk!

Me bur på Niklashaugen i Øyane fordi me likar den rolege atmosfæren her. Me likar å ha natur og ope landskap rundt oss. Berre tanken på ein motorveg med mykje støy rett nedforbi forbi hagen vår, gjer at me får lyst til å pakka tinga våre, selja huset vårt og leita etter ein ny, fredeleg plass å bu.

Det er hårreisande at nokon andre vil bestemma at me skal få ein motorveg og ei bru me ikkje treng til nabo! Legg vegen heller der dei vil ha han; der det kan gagna samfunnet rundt - ikkje øydeleggja det!

Veit du som vil ha bru at kysttorskbestanden i Bjørnafjorden ikkje toler støyen frå bilar på ei bru? Dei kjem òg til å leita etter ein ny plass å bu. Skal me sitja igjen med ein daud fjord etterpå? Er det det du vil? Havforskningsinstituttet -som er ekspertar på fjord og sjø- åtvarar sterkt mot bru. Korfor høyrer ikkje vegvesenet og andre forkjemparar på dei? Handlar dette meir om prestisje og kapital for nokre få, enn omtanke for mangfaldet av natur og folk? Det burde i så fall vore omvendt!

Artikkelen held fram under annonsen.

Marion Dale Wollertsen

Jim-Einar Wollertsen

Matilde Dale Wollertsen

Juliane Dale Wollertsen

Niklas Dale Wollertsen

Astrid Dale

Anne Kari Dale

Andreas Årvik

Artikkelen held fram under annonsen.

Chrisander Dale Larsen

Aron Årvik

Kimberly Årvik

Linda Hermansen

Olav Dale

Einar Hermansen Dale

Lars Hermansen Dale

Nils Petter Lund

Artikkelen held fram under annonsen.

Kjellaug Lund

Viktor Arntzen