Storparten av kundane som er innom i dag, kjem for å gjera ein bytehandel, fortel Merete Johnsen Bjørkeli (t.v.) hjå Osøyro Libris.
Storparten av kundane som er innom i dag, kjem for å gjera ein bytehandel, fortel Merete Johnsen Bjørkeli (t.v.) hjå Osøyro Libris.

Bytehandel på Osøyro

Den første handledagen etter jul, vert gjerne rekna som den store bytedagen. Så også på Osøyro.

- Dei fleste som har vore innom til no, har vore innom for å byta, fortel Merete Johnsen Bjørkeli hjå bokhandlaren Libris på Osøyro.

Klokka har såvidt passert 11. Bokhandlaren har halde ope i to timar.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er litt tidleg enno, men det tek seg nok opp ut over dagne, trur Bjørkeli.

Det kundane byter, er gjerne bøker som selde godt før jul. Dei store bestseljarane som Joyo Moyes sin "Etter deg", Roy Jacobsen sin "Hvitt hav" og "Turbok fra Bergenhalvøyen", er døme på bøker som dei tilsette hjå Osøyro Libris reknar med å få i retur.

- Årsaka er som regel at kundane har fått to eksemplar av same bok, fortel Bjørkeli i det det ringjer i dørbjella.

Magnus Moberg Risøen (8) får høve til å finna seg ei ny bok. Gåva han fekk til jul, hadde han lese frå før.
Magnus Moberg Risøen (8) får høve til å finna seg ei ny bok. Gåva han fekk til jul, hadde han lese frå før.

Ann Walaker Nordeide har med seg ein pose med eit eksemplar av den overnemnte "Etter deg". Ho fekk boka i julegåve, men hadde alt sikra seg eit eksemplar på eiga hand.

- Eg klarte ikkje å venta til jul, så eg kjøpte han sjølv, seier Nordeide og legg til:

- Eg tenkte at eg måtte ha boka og kosa meg med i jula.

Når det gjeld barnebøker, er det ofte bøker som er del av ein serie som kjem i retur.

- Dei som handlar veit gjerne ikkje kva bøker borna har lest frå før, seier Bjørkeli.

Artikkelen held fram under annonsen.

Så er tilfelle for Magnus Moberg Risøen. Åtteåringen er i bokhandlaren i lag med mora Nina Moberg Hauge for å byta boka "Operasjon Tordensky" av Jørn Lier Horst og Hans Jørgen Sandnes.

- Han har lest ho før, fortel Hauge før jakta på nytt lesestoff startar.