Denne veka er bornas veke

Tusenvis av våre håpefulle små og store born gjer seg denne veka klare for eit nytt barnehage, og skuleår. Mange med både små og store sommarfuglar i magen. Ikkje berre hos borna, men og hos deira næraste - foreldra.

Det er nok litt spenning for alle dei barnehagetilsette og lærarar som har eit stort ansvar også, for at alle skal få ein så god start som mogeleg.

Dessverre er det også sånn at etter ein sommar er det fleire familiar som ikkje fungerer saman lengre. Mange foreldre skil lag noko som er trist og leit. Men her er det viktig at ein som foreldre heile tida klarer å setja borna først. Ikkje la konfliktar og ego gå utover borna.

Artikkelen held fram under annonsen.

Regjeringa har sett av mykje midlar til familievernet, nettopp for å kunna hjelpa ved familiebrot, slik at familien skal kunna halda fram til det beste for borna, sjølv om familien er vorten todelt.

Eg har snakka med mange born som opplever skilsmisse. Deira ønskeliste er kort, men av stor verdi. Ein verdi som foreldra bør ha som fasit når eit brot er den einaste løysinga. Born ønskjer å bu i nærleiken. Dei ønskjer at foreldra er vener. Dei ønskjer ikkje krangling i deira nærleik. Spør borna kva dei meiner, men la dei ikkje bestemma kva som skjer. Ikkje konkurrer om kven som er den beste forelderen. Borna er like glade i begge foreldra sine. Ikkje bruk borna som bodbringarar. Og la dei behalda deira liv.

For alle desse borna er det kanskje ekstra sårt og vanskeleg å starta opp i barnehage og skule. Difor er det viktig at alle desse også får den gode starten på det vidare livet saman med alle andre.

Denne veka er bornas veke og den er viktig. Ein god start er ei god investering i det vidare livet.

Ønskjer alle born og deira foreldre, samt alle tilsette som gjer sitt til at born trivst og har det godt, ein god barnehage og skulestart.

Laila Reiertsen

Familiepolitisk talskvinne, FrP