Sigmund Søfteland og Gerard Maarse på startstreken på 500 m i OL på Bislett 1952. Søfteland var medaljefavoritt.
Sigmund Søfteland og Gerard Maarse på startstreken på 500 m i OL på Bislett 1952. Søfteland var medaljefavoritt.

Det sto om GULL

Os-bygda har fostra framifrå skøyteløparar. Sprintaren Sigmund Søfteland var i verdseliten og deltok i vinter-OL i både i 1952 og 1956. Han var ein folkehelt i si tid.

Sigmund er fødd og oppvaksen på Søfteland. Han hadde sju søsken. Den eldste broren Olav døydde seks år gamal i 1928 av difteri. Sigmund var då berre fire år. Ein yngre bror av Sigmund fekk også namnet Olav. Guten var fire år då han vart påkøyrd og mista livet i 1934.

Sigmund var 16 år då krigen braut ut. Foreldra Anna Vårdal Søfteland og Jon Søfteland dreiv gard. Anna og Jon gav mykje hjelp til fangane i Ulven leir - og seinare i leiren på Espeland. Barna vart trekte inn i dette arbeidet. Anna og Jon skaffa mat, og dei formidla kontakt mellom dei som sat sperra inne og pårørande utanfor. Etter kvart godtok tyskarane at fangar kunne koma og jobba på garden. Dette letta hjelpearbeidet. Men heile tida frykta familien Søfteland at tyskarane kunne venda den vrange sida til. Det var ein vanskeleg balansegang. Sigmund involverte seg i det organiserte motstandsarbeidet i Os, og var innrullert i Milorg. Sigmund snakka ofte seinare med barna sine om dei vanskelege krigsåra.

Artikkelen held fram under annonsen.

Idrettslaget på Søfteland hadde ikkje skøytegruppe, men Sigmund var ivrig turnar og han var ein talentfull fotballspelar. Han slong seg med på eit skøytestemne på Vindalsvatnet i 1947 og fekk ei framifrå tid. Fetteren Odd Søfteland introduserte han for Fana Idrettslag med tanke på eit stemne på Lille Davos - som Nesttunvatnet vart kalla. Det var ikkje plass i juniorklassen, men han fekk gå mot Leif Eriksen som var den einaste seniorløparen. Sigmund Søfteland vann. Han vart innmeldt i Fana.

Utover vinteren gjorde han fleire gode løp og då sesongen var over, hadde han kapra vestlandsrekordane både på 500 m og 1 500 m.

OL-plassen rauk

Med dei forbausande resultata i 1947 fekk Sigmund Søfteland delta i nyttårsløpa på Bislett i 1948. Han vart nr. tre på 1500 meter for junior. Aftenposten trykte eit handteikna portrett av Sigmund med teksten: "Lovende junior fra Vestlandet". Eit par dagar etter vann han 500 meter for junior på Gjøvik på 45,2. Avisa 1ste Mai skrytte: "Oppsiktvekkende tid av en vestlending". Etter løpa på Bislett påfølgande helg skreiv Aftenposten: "Sigmund Søfteland vant begge juniorløpene etter overbevisende innsats".

- Morfar var som ein far for meg, fortel barnebarnet Carina Blålid. Ho sit med utklippsboka til Sigmund Søfteland med alle fanbreva.
- Morfar var som ein far for meg, fortel barnebarnet Carina Blålid. Ho sit med utklippsboka til Sigmund Søfteland med alle fanbreva.
Sigmund Søfteland med premiesamlinga.
Sigmund Søfteland med premiesamlinga.
- Unge, lovende knekter. Sigmund Søfteland er ein av dei. Oppslag i eit vekeblad, truleg frå 1952. (Privat arkiv)
- Unge, lovende knekter. Sigmund Søfteland er ein av dei. Oppslag i eit vekeblad, truleg frå 1952. (Privat arkiv)
Ei skisse signert Sigmund Søfteland. Han likte å teikna. 

(Privat arkiv)
Ei skisse signert Sigmund Søfteland. Han likte å teikna. (Privat arkiv)
Sigmund Søfteland med typisk skøyte-hodeplagg, populært kalla djevellue. (Privat arkiv)
Sigmund Søfteland med typisk skøyte-hodeplagg, populært kalla djevellue. (Privat arkiv)
Johannes Folgerø (t. v.) og Sigmund Søfteland på Vindalsvatnet i 1947. (Privat arkiv)
Johannes Folgerø (t. v.) og Sigmund Søfteland på Vindalsvatnet i 1947. (Privat arkiv)

Sigmund Søfteland kom ikkje med i OL-toppen til St. Moritz. Han var skuffa. Helga etter vinterleikane slo han gullmedaljevinnaren Finn Helgesen med 0,1 sekund i Skien. Tida var 44,0 for Sigmund og Roald Konsmo. "En helt utmerket prestasjon på den ikke helt gode isen", fastslo Aftenposten.

Junior-NM på Myravatnet

21.-22. februar 1948 arrangerte Fana Idrettslag norgesmeisterskap for junior for første gong - på Myravatnet. Det kom mykje folk - 3000 på laurdagen og 7000 på søndagen. Programmet var 1500 m på laurdagen og 500 m og 5000 m på søndagen. Sigmund var favoritt, spesielt på 500 m. Dersom han vann dei to kortaste distansane, ville han verta noregsmeister same kor dårleg han gjekk på 5000 m. Han vann 1500 m. På 500 m vart han slått av Roald Konsmo. På 5000 m gjekk Sigmund ut i eit forrykande tempo. Han datt to gongar på same runden og vart nr. 15. Samanlagt vart han nr. 6. Eit stort vonbrot for skøyteentusiastane på Vestlandet!

Etter sesongslutt tildelte Vestlandske Skøytekrets diplom til Sigmund Søfteland for "fremragende og banebrytende innsats for skøytesporten på Vestlandet".

Flyttesjau

Sigmund Søfteland viste ny framgang i 1949-sesongen, hans første sesong som senior. Men vonbrotet over at han ikkje vart uttatt til OL i St. Moritz, sat i. Sigmund hadde ei kjensle av at det var vanskeleg å verta rekna med i det gode skøyte-selskapet viss ein ikkje var austlending eller trønder. På ettersommaren 1949 fekk han jobb i eit forsikringsselskap i Oslo og flytta. Han meldte overgang frå Fana Idrettslag til Oslo Idrettslag hausten 1950. Han var i ferd med å finstilla siktet: Målet var å stå på startstreken i dei olympiske vinterleikane i Oslo i 1952.

Han gjorde det jamt bra i vintersesongen 1950/51. Midt i januar delte han 1. plassen med OL-meisteren på 500 m. Seinare i sesongen betra han den personlige rekorden til 43,8 på 500 m og sette også ny pers på 1500 m med 2,22,7. I NM vart det 3. plass på 500 m.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sommaren 1951 møtte Sigmund Søfteland til 14 dagars HV-kurs på Tromøy, og Oslo-avisa Arbeiderbladet intervjuar vestlendingen. Spørsmåla er på bokmål, men Sigmund får svara på nynorsk. Journalisten lurer på om soldatlivet er hardt:

"- Ja, det var nok hardt for mange, men eg trur at dei fleste berre har hatt godt av ei slik tørn - det var eit sunt og friskt liv".

Vinterleikar på heimebane

Oppkøyringa til OL på heimebane i 1952 vert følgt tett av avisene. I midten av januar slår Sigmund konkurrenten Finn Helgesen med 0,5 i samløp i Skien. Dagen etter sigrar Sigmund på 500 meter i Horten. I NM i Trondheim deltok Sigmund Søfteland i eigen sprintklasse og vart nummer to etter Finn Helgesen. Hjalmar "Hjallis" Andersen sette nye verdsrekord på 10 000 m. Arbeidarbladet roser Helgesen med "meget overbevisende form. Også Søfteland kom meget bra frå uttaksprøven". Det er berre tre veker til OL-elden skal tennast på Bislett.

Så er det løp på OL-arenaen eit par dagar etter NM. Finn Helgesen slår Sigmund med ein tiendel. Arbeiderbladet: "Medaljene vinker".

Den siste store formtesten før leikane var skøytelandskampen på Hamar - Norge mot resten av verda. Det er her Hjallis set sin legendariske verdsrekord på 10 000 m på 16,32,6. Sigmund Søfteland vann 500 m. Aftenposten refererer: "Etter et gnistrende løp fullførte Søfteland på 43,2. Særlig var første sving meget god". Arbeiderbladet er like positiv: "Etter en prima start og første langside laget nordmannen en innersving som fikk jubelen på topp". Bergens Tidende helte litt malurt i begeret: ". det sies at han lider av et visst Bislett-kompleks".

På startstreken

Torsdag 16. februar! Dagen er opprunnen for den første skøytedistanse under dei olympiske vinterleikane 1952. For første gong stiller ein skøyteløpar frå Vestlandet i eit OL. Sigmund Søfteland gjer seg klar til å gå i 15. par mot nederlendaren Gerard Maarse. Storfavoritten Ken Henry frå USA har i paret før gått i mål på sterke 43,2.

Den legendariske skøytereporteren Finn «Niff» Amundsen formidla løpet til Søfteland direkte i radio. Over seksti år seinare anar vi framleis forventningane og dramatikken. Slik skildra Finn Amundsen løpet:

"Nå håper vi alle på Søfteland. Maarse i indre. Det tror jeg er en fordel for Søfteland. Ja, han burde nesten kunne krysse foran. Men vi får nå se, de skal nå løpe først også. De får nå ha litt å si selv også. Vel-vel, der går Søfteland ut på ytre. - Og tar det rolig. Tørker skøytene og kommer frem til startstreken. Og så: Klare - klar - klar - gå! Nei - nei - nei - nei! Søfteland sto igjen totalt. Han sto igjen totalt, Søfteland. Og Maarse ligger her foran. Bevare meg vel, han tapte, han tapte nærmere sekundet i starten, Søfteland. Men nu går han riktignok en meget god sving, men hva gjør det. Og der går han sterkt innpå Maarse, men han har ødelagt hele sitt løpt fullstendig ved en søvnig start. Og han kommer kanskje så vidt det er foran, ja, det er jammen akkurat så vidt også det. Så går han inn mot mål. Men det er ikke fresen i Søfteland som det burde være. Og Maarse vinner. Ja, jeg har fireførr' her, også. Og det, det forteller i grunnen at Søfteland simpelthen kunne vunnet løpet med en ordinær start".

Artikkelen held fram under annonsen.

Sigmund Søfteland vart nr. 10 med 44,3. Det hadde vore tre tjuvstartar før startaren lét paret gå. Parkameraten Maarse sto urolig på startstreken. Søfteland fortel seinare at skøytespissen hadde glidd over startstreken. Han reiste seg opp for å markera for startaren at dei måtte få prøva ein gong til. Då small det. Han fekk den verste starten i karrieren.

- Eg fekk nesten sjokk! seier Sigmund Søfteland i eit tilbakeblikk i Bergens Tidende tjueåtte år etter. Det var forbaska at det skulle skje akkurat der. Men uflaks og dramatikk er ein del av idretten.

Ein sikker sølvmedalje gjekk tapt. Kanskje kunne det har vorte gull.

Fortalde til familien

Dottera Anne Søfteland er fødd femten år etter løpet. Ho hugsar godt at faren snakka om denne hendinga i barndommen.

- Eg trur det gnaga han, fortel Anne Søfteland i dag. Han var nok litt bitter.

Anne Søfteland minnest faren som ein utovervendt og humørfylt person. Engasjert, men med heftig temperament. Han var veldig sportsinteressert all sin dag, og glad i friluftsliv og fysisk aktivitet, også etter han la opp. Han jogga heile livet og hadde ein spenstig kropp. Ein gong då han kom inn etter ei treningsøkt, var han skikkelig irritert og snakka utydelig. Han hadde stått på hendene og den eine handa hadde glippa. Han slo ut ei tann.

Faren fortalde også frå OL i Cortina i 1956, men kanskje ikkje så ofte og detaljert som frå OL i Oslo, minnest Anne Søfteland.

NM i varmegradar

Sigmund Søfteland gjorde det jamt bra i sesongane etter OL i Oslo. I 1955 var NM lagt til Krohnsminde i Bergen. Fetteren, Olav Søfteland, er eit levande leksikon om karrieren til Sigmund Søfteland. Han var på tribunen og såg Sigmund vinna 500 m på 48,4 i mildever og vallesletta. Isen var skrøpelig. Hjallis og Sigmund gjekk i par på 5000 m. Hjallis ramla og Sigmund gjekk ein yttersving for mykje. Meisterskapen vart flytta til Voss andre dagen, og Knut "Kuppern" Johannesen fekk laurbærkrans rundt halsen før første gong i karrieren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Med flagget på brystet - endå ein gong

Neste sesong var OL-sesong. Sigmund Søfteland og 18 år gamle Alv Gjestvang viste gode takter. Avisene fortalde at russarane presterte skremmande gode tider, men Sigmund Søfteland seier til Arbeiderbladet: "Kan russerne gå fort, kan vel vi gå fort også".

Så var det OL-start på ny. Denne gongen kom Sigmund kjapt ut, men i siste ytre fekk han ei vindkule i mot seg som øydela løpet. Han fekk tida 42,7 og 16. plass. Russaren Jevgenij Grisjin vann på 40,2. Alv Gjestvang kapra uventa bronsemedaljen.

Hjallis

Sigmund Søfteland og Hjallis hadde ein god tone seg imellom. Etter ein 5000 m då Søfteland kom i mål på 9,06,00, kommenterte Hjallis: "Herregud, hvor sliten du ser ut". Sigmund repliserte: "Ja, takk for det. Eg har jo holdt på eit heilt minutt lenger enn deg"·

VG kårar den raskaste

Skøytereporteren Knut Bjørnsen og ishockeyreporteren Gunnar Kroge i VG-sporten kom i 1956 i heftig diskusjon om kven som var raskast på dei først hundre meterane, skøyteløparane eller ishockeyspelarane. VG inviterte til duell på Frogner stadion. Knut Bjørnsen tok med seg Sigmund Søfteland og Gunnar Kroge stilte med Ivar Brandsæter frå ishockey-klubben Tigrene. Begge skulle gå hundre meter, først med lengdeløparar, og så med ishockey-skøyter. Sigmund var kjappast i begge disiplinar, og VG slo til med denne overskrifta: SØFTELAND FORSVARTE SKØYTESPRINTERNES ÆRE.

Familie og jobb

Ser vi på skøytetidene, var 1957 hans beste sesong. Sigmund Søfteland sette personlig rekord på 42,1 på Fagernes og toppa årsstatistikken framfor Alv Gjestvang. I NM i 1957 vart han nr. 6 på distansen. Sigmund oppnådde 41,5 på 300 m bane på Årnes i 1956. I mange statistikkar står Søfteland med 42,0 frå 1955, men den tida er også oppnådd på 300 m bane.

Sigmund Søfteland deltok på stemne i endå nokre år, men etter 1958-sesongen gav han seg som eliteløpar. Han var 35 år gamal. Familie og arbeid kravde meir. Sigmund og Sonja Brun gifta seg i 1958 , og dei fekk sitt første barn Hege i 1959. Sidan kom Kjersti (1961) og Anne (1967) til. Etter han la opp, vart han trenar for unge løparar, mellom andre for Nils Aaness som vart europameister i 1963.

Dottera Anne Søfteland fortel at faren drog heile familien med på skøytebanen - til Frogner, Valla Hovin og Bislett. Eller han kommanderte dei med ut på ski i Nordmarka og Østmarka. Anne hugsar skiturane med blanda fryd, faren var ingen god skismørar. Det vart mange turar på bakglatte ski eller på ski som kladda. Mottoet til faren var enkelt: Det viktigaste er ikkje å vinna, men å delta. Det hende at Sigmund trefte kong Olav på skiturar i Marka. Då stoppa dei to gamle olympia-deltakarane opp og slo av ein prat, og kongen fekk seg ein god latter.

- Vi var ein musikalsk familie, fortel Anne Søfteland. Far spelte fiolin, mor song, Hege og Kjersti spelte piano eller gitar og eg tussefløyte. Hunden vår ulte. Musikken var med og batt familien saman og bygde bru over misstemningar. Far til Sigmund, min farfar, Jon Søfteland, var ein av dei første som tonesette Os-songen «Det ligg ei bygd mellom fjordar og fjell», skriven av Nils Tveit. Eg måtte læra melodien, og far sa at eg aldri måtte gløyma den. Eg syng den ofte når eg er ute og trimmar, seier Anne Søfteland. Ein nydelig melodi med folkeviseklang.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dottera Kjersti var med i fleire fjernsynsprogram som barn på 1970-talet. Ho var gjest i Lørdagskveld hos Erik Bye saman med Joséphine Baker og Danny Kaye og song «Du skal få ein dag i mårra».

- Som ein far

Carina Blålid er til dottera til Kjersti og bur på Søfteland. Ho har overtatt album, klippbøker med alle fanbreva og premiesamlinga frå tanta, Anne Søfteland. Carina fortel at morfaren Sigmund var som ein far for henne; ho voks opp med ukjend pappa. Kvar sommar kom morfaren køyrande frå Austlandet. Etter å ha vore ei vekes tid i barndomsheimen, reiste Sigmund og Carina austover. Dei hadde heile sommarferiar saman. Han pleidde å høyra på Reiseradioen. Då sat han gjerne med tyggis i munnen, sigarett i handa og med teikneblokk på fanget. Han likte å teikna. Elles i året snakkast dei to mykje på telefon. Carina var berre 13 år då morfaren døydde.

- Eg hugsar morfar som ein omgjengeleg kar som var stolt av det han hadde vore med på. Han kjende nok på stjernestatusen; skøyteløparane på 1950- og 1960-talet var kjendisar. For meg var han ein varm omsorgsperson. Kanskje prøvde han å ta igjen litt fordi han var travelt opptatt med jobb og som trenar då eigne barn voks opp, reflekterer Carina Blålid.

Beste minne

Trulig var skøytestemnet på Myravatnet den 1. mars 1954 det kjæraste skøyteminnet for Sigmund Søfteland. Tilskipinga skin som ei storhending i soga til norsk skøytesport. Hjallis var trekkplasteret. Overskrifta i Bergen Tidende dagen etter: 35 000 TILSKUERE PÅ SKØYTESTEVNET I GÅR. Verken før eller seinare har det vore fleire tilskodarar på eit skøyteløp i Norge. Dei som var der, gløymer det aldri. Hjallis sigra på 3000 m. Heimefavoritten Sigmund Søfteland slo Hjallis i samløp på 500 m og vann på 44,8.

Typisk sprintar

- Sigmund var ein typisk sprintar, seier Olav Søfteland.

Han var svært god i starten. Beina gjekk som trommestikker og han gjekk første 100 m under 10,0. Men dette vart stundom eit problem. Han var så ivrig at han gløymde å gli. I to omtalar i Aftenposten stod det at han "benfløy". Dette er nok forklaringa på at han dei første åra hadde mykje ujamne resultat. Han var ofte overtent. Dei eksplosive beina hans gjorde at han gjekk gode svingar. Han vart kritisert for at han alltid opna for stekt på lengre løp enn 1000 m, og så stivna han og fekk ei svak avslutning. Han svarte at han stivna uansett, og då kunne han like godt opna hardt.

Siste oppløpsside

Sigmund Søfteland døydde uventa i barndomsheimen i Os den 30. juli 1993. Han vart 69 år gamal. Det var hjarta som svikta. Livet enda der karrieren starta, på Søfteland, som han framleis etter mange år i Oslo kalla heime. Han er gravlagd på Os kyrkjegard.