Mimikken og replikken var på plass då sjuandeklassingane på Nore Neset skule køyrde partileiardebatt. Sjekk den stemmesankande augneblinken til Høgre-leiar Karoline Krokhaug (nr 2 frå høgre).
Mimikken og replikken var på plass då sjuandeklassingane på Nore Neset skule køyrde partileiardebatt. Sjekk den stemmesankande augneblinken til Høgre-leiar Karoline Krokhaug (nr 2 frå høgre).

Drivne partileiarar i velregissert debatt

Dei gode replikkvekslingane kom tett som hagl då partileiarane i 7. klasse ved Nore Neset skule debatterte fredag.

Det var proft gjennomført fra A til Å då sjuandeklassingane ved Nore Neset skule i samband med sitt valprosjekt inviterte til partileiar-debatt i gymsalen.

På førehand hadde dei to sjuandeklassane blitt inndelte i ni gruppar - eitt for kvart politiske parti som er representerte i Os-politkken - før dei deretter valde sin partileiar, som skulle føra ordet i debatten på fredag.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Hovudpoenget har vore å læra elevane litt om partipolitikken i Os, og det komande valet som sådan. Ved å gjera det på denne måten har me verkeleg engasjert elevane. Dei har vore veldig ivrige i heile prosessen, seier klassestyrar Peter A. Derksen.

Klassestyrarkollega Monica Alnes presiserer at elevane ikkje har fått høve til å vera forutinntekne.

- Dei fekk ikkje høve til velja parti sjølv. Den inndelinga gjorde me rett og slett heilt tilfeldig, seier ho.

Tuva Baggen var stødig og myndig som ordstyrar.
Tuva Baggen var stødig og myndig som ordstyrar.
Denne femteklasse-gjengen var villige til å gje alle partileiarane ein sjanse, sjølv om dei trudde dei visste kva dei ville stemma alt før debatten.
Denne femteklasse-gjengen var villige til å gje alle partileiarane ein sjanse, sjølv om dei trudde dei visste kva dei ville stemma alt før debatten.
Det var smekkfull sal då partileiarane entra scenen.
Det var smekkfull sal då partileiarane entra scenen.
Johan Døsen Borgen var einaste herremann i panelet utan at det såg ut til å bry han særleg.
Johan Døsen Borgen var einaste herremann i panelet utan at det såg ut til å bry han særleg.
Senterparti-gjengen hadde bakt ei svært god kake.
Senterparti-gjengen hadde bakt ei svært god kake.
Venstre-leier og hennar partifellar lokka med nypoppa popkorn.
Venstre-leier og hennar partifellar lokka med nypoppa popkorn.

Kosteleg mimikk

For underteikna, som dagen i førevegen var med på å dekkja (den ekte) partileiar-debatten i Symrasalen, var det kosteleg å sjå mini-leiarane i aksjon på scenen i gymsalen. Ikkje berre prata dei som sine vaksne rollemodellar, elevane var også - med rimeleg treffsikker stylist-hjelp - kledde som sine respektive partis vaksne leiarar.

Sper me på utagerande risting på hovudet når motdebattantane kom med sine innlegg, gestikulering med armer og fingre og tunge og hjarteskjerande sukk, så var debatt-panelet på Nore Neset skule, dei ekte leiarane opp av dage.

Sjølv små nyansar kunne ein kjenna att. Når Frp-representant Nora Refsdahl Johannessen prata, fekk ho tillitsfulle nikk frå både Høgre og KrF.

Når AP-leiar Emma Karoliner Opedal uroa seg for lite midlar til fleire lærarar, var det til stor begeistring frå den raud-grøne fløyen.

Nær ampert

Også dramaturgien var som den skulle. Gjennom den vel 20 minutt lange debatten var dei innom fire viktige tema. Profesjonelt og myndig leidd av ordstyrar Tuva Baggen var dei gjennom fire viktige tema: Skule og oppvekst, helse og omsorg, kultur og idrett og utbygging og samferdsle.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein del usemje var det kring bruk av pengar på skule og idrettsanlegg, men skikkeleg temperatur vart det ikkje før temaet kring Hordfast kom på bordet i siste bolk.

Her reiste fleire av debattantane seg og banka i bordet medan dei song ut sitt standpunkt.

Tale Skeie (Venstre), Tuva Berge (Sp) og Kathrine Madelen Li (TvS) var frå seg over at nokon ville rasera naturen i Øyane eller på Halhjem ved å ilandføra ei enorm flytebru. Medan troikaen Nora Refsdahl Johannessen (Frp), Karoline Krokhaug (Høgre) og Malene Nordtveit Lunde (KrF) prøvde det dei kunne å beroliga dei høgrøysta om at brua skulle i tunell, utan at det såg ut til å dempa brumotstandarane. Ei stund vart det nær litt ampert.

Fekk essensen

Om lag 150 elevar fekk med seg debatten. Etterpå vart heile mellomskule-trinnet invitert til dei ni partia sine stand i klasseromma til sjuandeklassingane. Her fekk dei servert kaker, parti-brosjyrar og andre meir eller mindre utilslørte effektar som kunne hjelpa partia å sanka stemmer før skulevalet på slutten av dagen.

Også underteikna lèt seg freista til å kjøpa. Sjokoladekaka til TvS var kanskje den beste.

For 5. og 6. klassingane var nok debatten til dels vanskeleg å hengja med på. For aktørane og resten av sjuandeklassingane, var det nok meir lærerikt.

- Eg tenkjer at noko av dette vart litt innvikla for dei minste, men dei fekk kanskje snappa opp essensen av kva dei ulike partia står for. Så var det jo uansett ein artig oppleving for dei som fekk prøva seg på podiet, seier lærar Derksen.

Han la til at dei dessverre ikkje rakk å meddela resultatet av skulevalet før helga.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det tek vel litt tid å telja opp, så det får elevane presentert i samband med vekestart måndag.