E39 Stord-Bergen: Det er inga skam å snu

Eit vesentleg moment i vurderinga om kor vidt trasévalet for E39 bør takast opp att, har å gjera med den påtenkte kommunereguleringa der Os og Fusa blir ein kommune, skriv Knut Skåtun.

Det fylgjande er ei revidering av lesarinnlegg i Os og Fusaposten i januar 2017:

Denne meiningsytringa kjem noko seint, men bør likevel takast med i slutt vurderinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Denne saka har mange sider i det som må vera det største vegutbyggingsprosjektet nokon gong i Hordaland.

Etter intense drøftingar valdepoliti- karane eit alternativ med veg frå Stord over Tysnes og Reksteren, med ei uhorveleg svær bru frå Reksteren til Os. Det har vore mange vanskeleg spørsmål knytt til miljøtekniske forhold og ikkje inst prosjektet.

Men regjeringa fekk fleirtal i Stortinget for at brua skal byggjast. Alt dette kan samanfattast som ei blanding av "Vett og uvett".

Eit vesentleg moment i vurderinga om kor vidt saka skal ta kast opp att, har å gjera med den påtenkte kommunereguleringa der Os og Fusa blir ein kommune. Tett samband mellom kommunane er viktig for at me får ei god framtid. Det er noko av bakgrunnen for tanken om flytebruplanen frå Venjaneset til Hatvik.

Denne skrivaren har publisert eit forslag om dette i Os & Fusaposten. Dette tok dåverande ordførar i Os, Terje Søviknes, opp med Helge Andre Njåstad, stortingsrepresentant for Frp. Det gjekk fram av samtalen at flytebrua kunne rekna med såkalla ferjeavløysingsmidlar. Det ville verta eit vesentleg tillegg til finansieringa av flytebrua.

Pengebruken

Det opphavlege forslaget for E39 - Fusa-alternativet - bør vurderast på nytt med bakgrunn i ny kunnskap og røynsle i vegbygging:

Frå Børtveit på Stord til Hodnanes på Tysnes, vidare med ny bru over Lukksund og veg vidare til ein stad mellom Mjånes og Engevik, bru over fjorden, avkøyringsveg til Sævareid, tunnel gjennom Håvikamulen, 2 800 m.

Veg i dagen i Håvik, avkøyring til Strandvik, 500 meter tunnel Håvik- Øpstad, 3500 meter veg/tunnel til Venjanesområdet. Flytebru med høgd frå Venjaneset-Halvorskallen, 3800 meter. Flytebru Halvorskallen- Bjånes/Hatvik, 2000 meter. Veg tunnel Hatvik/Bjånes-Lyseparken, 6500 meter.

Artikkelen held fram under annonsen.

På Øpstad må det leggjast til rette for avkøyring til Eikelandsosen. Den såkalla Hordalandsdiagonalen kan etter mitt skjønn starta i Lyseparken, gå gjennom Fusa til Eikelandsosen å utbetra Fv 552: Eikelandsosen-Hålandsdalen-Tørvikbygd- Ljones.

Dei talstorleikane som er brukte i framstillinga er omtrentlege. Alle tekniske tiltak byggjer på kjent kunnskap. Mykje har endra seg under vegs, m.a. synet på miljøforhold. Pengebruken er ein viktig faktor som må vega tungt i ei ny vurdering.

Etter skrivaren sit skjønn bør det - med bakgrunn i den faktainformasjonen som er brukt i denne framstillinga - vera sterke grunnar til å gjennomføra ei ny vurdering av eit revidert Fusa-alternativ for E39.