Patricia fortel si dramatiske historie med håp om at folk kan sjå at innvandrarar kan tilføra det norske samfunnet mykje godt.
Patricia fortel si dramatiske historie med håp om at folk kan sjå at innvandrarar kan tilføra det norske samfunnet mykje godt.

- Eg sluttar aldri å vera flyktning

Patricia Langeland fortel om si fortid som aktiv opposisjonell mot diktatoren Augusto Pinochet i heimlandet Chile. Samtidig tek ho til orde for at Noreg må ta imot fleire flyktningar.

Øystein Lid

ol@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei fleste i Os kjenner Patricia Langeland som ein suksessrik og dyktig dansar, og instruktør for kulturskulens mest populære tilbod.

- Eg begynte med 30 elevar i 1993. I dag er det 180 elevar på danselina, seier Patricia.

At ho har ein spansk aksent på Os-dialekten sin, og er fødd i eit land som heiter Chile, er det mange som veit. Men i dag har ho møtt oss for å fortelja historia om korleis Patricia Carolina Garcia Oñate måtte flykta for livet med ein eitt år gamal son å ta vare på.

Patricia og Sebastian kort tid etter at dei var komne til Noreg.
Patricia og Sebastian kort tid etter at dei var komne til Noreg.

1983: Under dikatoren

Det tok til i 1983. 18 år gamle Patricia flytta heimefrå for å studera dans i hovudstaden Santiago. Ein by med like mange innbyggjarar som heile Noreg samanlagt. Samtidig vart ho aktiv i studentpolitikken i byen som var senter for diktatorens skrekkvelde.

- Når du lever i eit diktatur, har du to val. Enten kan du akseptera at det er slik, eller så kan du kjempa i mot, seier Patricia. Ho valde det siste.

Å vera politisk aktiv var svært risikabelt i landet der alle andre politiske parti enn diktatorens var forbodne. Sjølv om det var amerikanske CIA som hjelpte den tidlegare generalen Augusto Pinochet å ta makta frå Salvador Allende i 1973, var regimet han innførte langt verre. Det brutale regimet hans og det hemmelege politiet CNI (tidlegare DINA) sørgde for at politisk aktive jamleg vart fengsla, torturerte eller til og med drepne.

Kjempa for demokrati

- Eg vart meir og meir aktiv i det underjordiske nettverket som stod imot diktatoren. Eg var nok veldig idealistisk og brann for saka.

- Kva var kampsakene dykkar?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det kokte ned til ein ting: Me ville ha demokrati. Me prøvde å vekkja til live att ein kamp som hadde roa seg litt ned. Prøvde å skaffa internasjonal merksemd om saka. Me ville vekkja folk: "Dette kan me ikkje finna oss i lenger", var parolen.

Dette var starten på den rørsla som seinare skulle få namnet Concertación - sentrum/venstre-koalisjonen som til slutt fekk gjennomslag for demokratiske val i landet.

Telefonen vart avlytta

Men vegen dit fram var risikabel for alle som torte å delta. Patricia merkte at ho vart halden under oppsikt. Telefonsamtalar vart avlytta.

- Av og til kunne ein høyra rare lydar og til og med stemmer på tråden. Eg visste ikkje kven eg kunne stola på etter kvart. Dei hadde spionar som infiltrerte studentmiljøa, fortel ho.

Når nokon vart tekne til fange av det hemmelege politiet, auka risikoen for dei attverande. Faren for at nokon skulle nemna namn på andre politisk aktive under forhøyra, var stor.

Midt oppi det heile skjedde det mykje fint også. Ho møtte ein ung lege, som brann for akkurat det same som Patricia.

- Eg var nok meir politisk aktiv enn han. Han var lege, hjelpte sjuke i fattige område, eller gravide som ikkje kom seg til klinikken for å føda. Me vart glade i kvarandre, fortel Patricia.

Våren 1987 vart det klart at dei venta eit barn i lag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein tragedie og eit mirakel

Men så skjedde det tragiske. Den unge legen og kjærasten til Patricia vart funnen drepen.

- Han døydde av skadane han fekk under tortur. Det var sjølvsagt ikkje rapportert nokon stad, men me visste kven som hadde gjort det: Det hemmelege politiet. Eg tenkte at det var min feil at det skjedde. Dei drap han fordi eg var med i motstandsrørsla. Den einaste "feilen" han gjorde, var å hjelpa folk, seier Patricia.

Seks månader seinare, då ho var 22 år gamal, kom Sebastian til verda.

- Då var det mykje som endra seg. Plutseleg hadde eg ikkje ansvar berre for meg sjølv lenger.

Hadde nesten gjeve opp håpet

Etter dette dukka tanken på å flykta til eit anna land opp. Åleinemora søkte asyl i Australia og Canada, men fekk avslag. Så ein dag kom det ein telefon frå ei dame ved den norske ambassaden i Santiago. Patricia veit den dag i dag ikkje korleis dei hadde funne henne.

- Ho sa ho hadde høyrt om Sebastian og meg. Eg vart så glad for at ho sa det på den måten. Eg torte nesten ikkje tru det. Eg hadde gjeve opp håpet. Men eg tok mot til meg, og reiste til ambassaden for å snakka med dei.

Der fekk ho fortelja historia si medan eittåringen Sebastian leikte på kontoret til ambassadør Frode Nilsen.

- I ambassaden er du ikkje lenger på chilensk jord. Eg følte at eg kunne pusta der. Og kjente at det var lenge sidan sist eg hadde pusta skikkeleg. Eg kjente at det var lenge sidan eg hadde gråte, fortel Patricia.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eit fly til Noreg

Ho fekk straks status som FN-flyktning. Ei veke seinare gjekk det fly til Noreg. Folk frå ambassaden følgde med ho inn på flyet for det kunne vera folk på flyplassen som ikkje ville at ho skulle reisa.

- På flyet sørgde eg litt over landet eg forlét. Eg måtte reisa frå venene mine, og ein fin jobb på eit lite teater i byen. Eg hadde ikkje eigentleg valt å forlata Chile, det var meir det at eg ikkje hadde noko val, seier ho.

- Det var mange som burde ha vore med meg på det flyet, som ikkje fekk vera med. Og dei er ikkje meir i dag, legg ho til.

Framme i Noreg vart ho ikkje plassert på noko asylmottak, men i eit eige husvære på ein gard i Brandbu/Jaren.

- Eg er så glad for at eg ikkje vart plassert på noko asylmottak. Der stuar dei i hop folk med vanskelege opplevingar, i staden for å la dei koma inn i det norske samfunnet. Eg hadde ikkje takla det.

- Ville visa meg tilliten verdig

Overgangen frå millionbyen Santiago til lille Brandbu var stor. Men Patricia kjende seg trass alt heldig, og var fast bestemt på at ho måtte visa seg tilliten verdig. Men ho valde vekk 500 timar norsk som del av vaksenopplæringa.

- Eg tenkte at det måtte finnast ein betre måte å læra norsk på. Så eg tok eit år på folkehøgskule i staden. Og der møtte eg Vidar Langeland. Han var lærar der, og lærte meg norsk, fortel ho.

Snart vart dei to forelska i kvarandre, og fekk sonen Benjamin i lag. Dei budde framleis på Austlandet, medan Vidars foreldre budde i Os.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Familie betyr utruleg mykje i Chile. Eg spurde om me ikkje kunne flytta til Os, slik at besteforeldra kunne få vera med barneborna sine, smiler Patricia.

Ny start i Os

- Korleis var det å koma til Os?

- Det var ein veldig sjarmerande stad å koma til. Eg tykte naturen her var fantastisk fin i forhold til den på Austlandet. Men samtidig er alt nytt. Det var einsamt. Sjølv om du er gift med ein nordmann og alt. Du har jo ikkje barndomsvener, til dømes. Eg krympa nok litt, vart litt liten, seier ho.

Etter kvart kom Patricia inn som tilsett i Os kommune, først på SFO på Os skule. Når ho fekk sjansen, brukte ho det ho hadde med seg frå Chile, og då særleg dans og drama. Så gav Mette Samdal henne sjansen til å bli danseinstruktør på kulturskulen.

- Eg har bygt opp eit dansemiljø her som ikkje fanst frå før. Det er eg stolt over og glad for.

- Mange fortener same sjanse

Men det er ikkje berre for å fortelja den positive historia om kor heldig ho har vore, ho deler med «Os og Fusapostens» lesarar. Ho har også ein politisk bodskap.

- Eg kjem aldri til å slutta å vera innvandrar. Eg kjem aldri til å slutta å vera flyktning. Og det er så mange andre som fortener den same sjansen som eg fekk. Folk set seg ikkje i overfylte båtar fordi dei har det godt i heimlandet, seier ho.

Ho legg til at ho skjønar at mange i Noreg er redde for kva som kan skje dersom ein slepper inn mange flyktningar og asylsøkjarar.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Nordmennene er veldig snille når du blir kjende med dei, men samtidig litt skeptiske.

- Men eg er sikker på at den investeringa ein må gjera i flyktningar, og i å integrera dei i Noreg, vil løna seg på lang sikt. Gje folk ein sjanse! avsluttar ho.