Ei veke fylt med spanande og lærerike opplevingar. Alt frå kyrkjer og obeliskar, til iskrem og pasta. Sjølv om me til tider kjende at magen rumla og føtene verkte, var veka strålande, bokstaveleg talt, skriv Sunniva Brendehaug.
Ei veke fylt med spanande og lærerike opplevingar. Alt frå kyrkjer og obeliskar, til iskrem og pasta. Sjølv om me til tider kjende at magen rumla og føtene verkte, var veka strålande, bokstaveleg talt, skriv Sunniva Brendehaug.

Ei reise gjennom kunsthistoria

SKULETUR TIL ROMA: Med passet i handa vandra me inn på flyet, og suste av stad til ei veke me aldri kjem til å gløyma.

Denne våren, til liks med mange vårar før, var 2STFO ved Fusa vidaregåande skule til Roma på studietur. Turen gjekk føre seg den 18.-23. april, og det var ei perfekt opplading før eksamenstida. Me pakka koffertane våre klare, og kom med eit smil om munnen til Flesland måndag morgon.

Kyrkjer, obeliskar og pasta

Ei veke fylt med spanande og lærerike opplevingar. Alt frå kyrkjer og obeliskar, til iskrem og pasta. Sjølv om me til tider kjende at magen rumla og føtene verkte, var veka strålande, bokstaveleg talt. Sola skein, og me var samla i latter og glede. Me fekk innblikk i historia, arkitekturen og kunsten til Roma og resten av verda. Desse store og praktfulle byggverka, som heile verda får gleda av å sjå og ta vare på.

Artikkelen held fram under annonsen.

Me var innom dei store kyrkjene i Roma, Vatikanmuseet, Colosseum og mykje meir. Det er utruleg masse me kjem til å hugsa, men det var tre stader som for meg blei ekstra eksepsjonelle og minnerike.

Colosseum

På tredje plass kjem Colosseum. Colosseum er eit amfiteater som vart laga rundt år 80 e. Kr. under styret av den romerske keisaren Vespasian. Dette byggverket blir rekna som eitt av dei mest kjende og imponerande byggverka i heile verda. Teateret blei brukt til blant anna teaterstykke, gladiatoroppvisingar og dyrejakt.

Colosseum hadde sitjeplassar til over 50 000 tilskodarar, og denne kjensla av det enorme, fekk me verkeleg føla på. Å gå opp alle trappene og sjå utover tribunen og scenen, fekk meg verkeleg til å tenkja over kor utruleg det er at me kan stå og sjå utover der det ein gong har sete 50.000 romarar og sett på dødsleikar. 1936 år sidan, og det er nesten som om me framleis kan høyra brøla frå løvene og skrika frå menneska.

Sandstorm

Andre plassen på lista mi går til Palatinhøgda. Der stod me i ein "sandstorm" og såg utover Forum Romanum. Sjølv om det for det meste bestod av ruinar, var det eit vakkert syn. Me såg langt utover, og kunne få auga på kuppel etter kuppel, og bak oss stod appelsintrea som parasollar i sola. Det storslåtte med denne staden, var opplevinga av å stå på toppen av Roma og sjå utover all den rike og historiske arkitekturen.

Sist men ikkje minst, ein klar førsteplass til Peterskyrkja. Dette var for meg den absolutt største opplevinga. Eg blei mållaus allereie då me gjekk inn på Petersplassen, og såg dei langstrakte "armane" som leia opp til kyrkja.

Enormt og storslått

Alt ved Petersplassen og Peterskyrkja var enormt og storslått. Dei sparte verkeleg ikkje på noko då dei bygde Peterskyrkja på 15- og 1600-talet! Det faktum at 20.000 menneske er innom denne kyrkja kvar dag, seier litt om kor vakker den er.

Når du står på utsida, kan du verkeleg ikkje begripa at det i teorien kan vere 60.000 folk inne i kyrkja på ein gong, men i det du går inn, er det som om du går inn ein portal til ei anna verd. For kvart skritt du tar, ser kyrkja større og større ut. Det dukkar opp fleire og fleire rom, og dersom du løftar blikket, blir du ståande og stirra. Det er verkeleg umogeleg å forklare kor enorm opplevinga er. Kvar kvadratmeter er dekka med måleri, skulpturar eller annan vakker kunst. Hovudet ditt blir fylt opp av inntrykk, og auga dine får ikkje kvila.

Då veka vår var omme, skoa slitne ned og hovudet fylt med minne for livet, vende me nasen heim. Mette på både opplevingar og pizza, sette me oss på flyet. Trøtt og sliten var eg, men takksam for at eg er så heldig å ha fått ei slik reise med ein så fantastisk klasse.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rome tested, Rome approved.

Sunniva Brendehaug