Innsendaren samanliknar det å skriva Bjørnafjorden med å skriva Hjellamarka.
Innsendaren samanliknar det å skriva Bjørnafjorden med å skriva Hjellamarka.

Ein nynorsklærar om Bjørnefjorden

Lars Skorpen meiner det bør vera "e" i Bjørnefjorden.

Heile min barndom og oppvekst hadde eg utsyn frå stova over Bjørnefjorden i storm og stille, og seinare har eg baksa meg til ti bøker (skribent eller medskribent), tre hefte og tallause artiklar der Bjørnefjorden har spela hovudfjordrolla, utan at dette gjer meg til spesialist på korleis namnet på fjorden skal skrivast. Men eg føler faktisk at det er den mangeårige norsklæraren i ungdomsskulen, meir enn skribenten, som burde seia noko om dette. For dei tretti 16-åringane som sat stille i klasserommet og venta på forklaringar med opne auge og øyre - dei godtok ikkje at svaret vart svada. Om dei hadde stilt spørsmålet, ville eg truleg tenkt meg til dette svaret:

Eg er eit a-menneske, for ikkje å skryta på meg å vera eit ja-menneske. Det tyder at bokstaven a, etter mi meining, er med på å laga musikk og klang i nynorsken, saman med dei mange og flotte diftongane. Difor må vi i vårt dialektområde halda fast på a-infinitiven (å køyra, å springa), som no ser ut til å bli pressa av banen. Truleg fordi bokmålsnaboen i nord (Bergen) og e-infinitiven i nynorsk-ordlistene påverkar den oppveksande slekt til å bli e-infinitivsmenneske, som det fanst svært få av i vårt nynorske dialektområde. Men heldigvis har vi dei klangfulle a-endingane i substantivbøyinga (Hokjønn bunden form eintal, inkjekjønn bunden form fleirtal og fleirtalsendingane i hankjønn).

Artikkelen held fram under annonsen.

Men e-en i Bjørnefjorden er noko anna. Eg ser på den som ein rask, skriftleg overgangsvokal (sambindingsvokal) mellom Bjørn og fjorden, og denne er utan klang og raskt tenkt, lesen og observert. Denne må ikkje blandast saman med den i det munnlege og dialektiske "Bjødnafjorden", som har både klang og trykk midt i namnet. Vi kan samanlikna med dei osiske, dialektiske orda "Vadlabruo" og "Hjedlamarkjo", som ville bli skrivne Vallebrua (etter garden Valle) og Hjellemarka (etter garden Hjelle).

Lars Skorpen