Eit viktig valg

Når ein skal ta val, er det viktig å veta kva alternativ ein har å velja mellom og konsekvensane av dei ulike alternativa.

Fram til 1855 var Fusa Kommune saman med Samnanger og Os i kommunen Ous. Fusa såg dagens ljos i 1855. Det viktige valet som me fusingar snart skal ta stilling til, er om det no - 161 år seinare - er på tide å gå saman med Os og laga ein ny kommune rundt Bjørnafjorden. Når ein skal ta val, er det viktig å veta kva alternativ ein har å velja mellom og konsekvensane av dei ulike alternativa.

Fordelane

For Fusa sin del er det to alternativ. Det eine er å halda fram som eigen kommune. Det andre er saman med Os å laga ein ny kommune rundt Bjørnafjorden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eg har vore med i utvalet som har forhandla med Os om ein intensjonsavtale. Resultatet er ein avtale der følgjande er sikra:

. Ingen eigedomsskatt i den nye kommunen.

. Me får behalda dagens skulestruktur, inkl. Fusa Ungdomsskule.

. Fusa bu- og behandlingssenter skal drivast vidare som i dag.

. Alle tilsette i dagens to kommunar er sikra jobb i den nye kommunen.

. Arbeidsplassar, både dei på kommunehusa og andre stader, skal fordelast på dei to kommunane slik at Eikelandsosen som kommunedelsenter vert styrkja.

. Vegen frå Eikelandsosen til Osøyro skal rustast opp med gul midtstripe.

. Det skal etablerast ei snøggbåtrute mellom Os og Fusa.

Artikkelen held fram under annonsen.

. Det skal framleis vera legekontor og helsestasjon i Eikelands-osen.-

. Det kal framleis vera brannstasjon med mannskap i Eikelands-osen.

. Den nye kommunen forpliktar seg og til å arbeida tett opp mot Hordaland Fylkeskommune for å få behalda Fusa vgs og Tannklinikken i Eikelandsosen.

. Lokalpartia i dei to kommunane skal arbeida for å sikra god geografisk spreiing på kandidatane ved kommunevalet i 2019.

Bakdelane

Kva er så bakdelane ved å bli ein del av ein ny kommune rundt Bjørnafjorden?

. Det vert lenger avstand til sentraladministrasjonen, ordførar og rådmann.

. Inntil bru er bygd vil me vera avhengig av ferje/hurtigbåt.

. Nokre tilsette i begge kommunane kan koma til å få lengre reiseveg på jobb.

Artikkelen held fram under annonsen.

. Færre Fusingar i kommunestyret.

Som i dag

Kva så med alternativet, Fusa som i dag? Det er sikkert kjent for dei fleste at Fusa har ein dårleg økonomi. På Formannskapet sitt møte 1. juni fekk politikarane ei sak om revisjon av budsjett og økonomiplan. Årsaka er at vedteke budsjett for 2016 og vedteken økonomiplan for perioden 2017-2019 ikkje er i balanse. Tala viser at Fusa må redusera drifta med ca 14 millionar per år dersom ein skal halda fram som eigen kommune.

Auka eigedomsskatt

Om politikarane vil, kan dei i nokre år finansiera delar av gapet på ca 14 millionar ved å auka eigedomsskatten. Maks eigedomsskatt er 3,5 goner høgare enn det du betaler i dag.

Ein kan seia at dette på den eine sida er eit val mellom å betala eigedomsskatt som er 3,5 gonger høgare enn det du gjer i dag eller kr 0 i eigedomsskatt.