Familiane Strømman, Øvredal, Hisdal, Gravelsæther og Aadland grilla pølser på Banktjørno.
Familiane Strømman, Øvredal, Hisdal, Gravelsæther og Aadland grilla pølser på Banktjørno.

Fantastisk vinterdag i Os

Det var mange som valde å nyta den flotte vinterdagen på dei is og snødekte vatna i Os laurdag. Også i morgon er det meldt stabilt, kaldt og flott vintervêr i Os og Fusa.

I Os og Fusa må ein ofte nøya seg med vintersport på TV, men på laurdag var det fantastiske forhold for å utøva vinteraktiviteter like utanfor stovedøra. I Os hadde ei rekkje born, unge og heile familier via føremiddagen til vatna der isen er meldt trygg.

På sørsida av Ulvenvatnet gjekk snøfresaren for full mugge for å utvida skeisebanen. Lenger ute på vatnet hadde andre funne fram skia og gjekk lange rundar i vintersola.

Artikkelen held fram under annonsen.

På Banktjørno hadde ei gruppe med dugnadsvillige foreldre sikra gode skeisetilhøve etter at dei måka fredag kveld. Eit telt med dieselvarmar fungerte som varmetelt for dei som trong ein pause mellom skeise-turane.

I nær ti minusgradar var det langt frå påskestemning på isen, men eit par familier lèt seg ikkje stoppa av det. Dei hadde teke med ein gedigen grill og serverte pølser i brød til den store gullmedalje.