Christoffer Hafsås og Mats Cato Moldskred helsar fotografen og håpar han fekk med seg at det endeleg vart mål. Mats Catos 3-1-skåring var viktig for å drepa kampen mot Sund.
Christoffer Hafsås og Mats Cato Moldskred helsar fotografen og håpar han fekk med seg at det endeleg vart mål. Mats Catos 3-1-skåring var viktig for å drepa kampen mot Sund.

– Fekk du med deg den, eller?

Os sløste stort med sjansane før 3-1 sat i nota. Då helste like godt Mats Cato og Christoffer til fotografen.

– Me måtte jo sjå at du fekk skåringa med deg, flirte Os-spissane etter kampen.

Sjansebonansa

Dei burde slått gjestane Sund og saman, men enda til slutt med moderate 4-1 – noko som heller ikkje er å kimsa av.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er greitt nok, men det er alltid irriterande å sløsa med sjansane. Me burde ha skåra dobbelt så mange mål, konstaterte Mats Cato Moldskred.

Den heimvende Os-spissen skåra det viktige 3-1-målet då dei gul-svarte hadde stonga og stonga og kampen stod og vippa, men var etter kampen mest irritert på seg sjølv ettersom han ikkje skåra fleire.

– Sjå på den heilt mot slutten. Eg har jo heile målet, men så tek eg meg for mykje tid. Det er irriterande, sukkar 31-åringen.

Marius Mikkelsen kikkar med eitt auge og får med seg at headinga hans går i mål. 4-1 er ordna på Kuventræ denne laurdagen.
Marius Mikkelsen kikkar med eitt auge og får med seg at headinga hans går i mål. 4-1 er ordna på Kuventræ denne laurdagen.
Torkel Hjertnes og mange med han hadde gode sjansar til å drepa kampen med skåring i løpet av første halvtimen av andre omgang. Her sentrar han til slutt til Øystein Takle Eide som skytar i ein forsvarar på Sund.
Torkel Hjertnes og mange med han hadde gode sjansar til å drepa kampen med skåring i løpet av første halvtimen av andre omgang. Her sentrar han til slutt til Øystein Takle Eide som skytar i ein forsvarar på Sund.

Moldskred-karusell

Av kamp-juryen var det Endre Brenne som vart kåra til dagens osing. Med 1-0-skåring på eit flott hovudstøt i første omgang og målgjevande til Kristoffer Hoas si 2-1-skåring like før pause, legitimerte strandebarmingen ei slik utnemning, men sjølv om backen var god, var det for underteikna liten tvil om at bestemann var evigunge Moldskred.

Rett nok brukte han tid på å koma i gang, og var nær ved å bli utolmodig og venda for mykje heim, men etter kvilen køyrde han verkeleg karusell med forsvararane på laget frå Sotra. Rundturane hans med motstandarane gjorde dei så svimmel at dei fort gløymde Øystein Takle Eide, Sander Kvittingen, Christoffer Hafsås og Marius Mikkelsen som kom til ei rekke sjansar etter raid frå Mats Cato.

4-1 kom derimot på eit innlegg.

Rafael Villen, som også kom betre sin rett etter kvilen, fann Marius Mikkelsen på bakarste stolpe. Dei kvit-blå ropte febrilsk på offside, men hadde ei dårleg sak, og måtte derimot sjå austevollingen heada ballen i galant boge over eigen sisteskanse.

– Typisk kamp for oss

Det nye trenarteamet med Tim Henrik Sperrevik og Frode Steffensen var langt meir nøgde med andre omgang, enn første.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette var ein typisk kamp med slik motstand me møter no i 4. divisjon. Alle legg seg bakpå, og utan stor bevegelse og tempo, blir det vanskeleg å skåra, seier Frode Steffensen.

Før Sperrevik legg til:

– Men etter kvilen var det mykje betre. Då snudde me spelet raskare og varierte meir for å strekkja laget deira. Me hadde nok målsjansar til å vinna med tre-fire mål meir, men får alt i alt vera nøgde, seier Sperrevik.

Med fire sigrar på rad ligg Os no på andreplass på tabellen, tre poeng bak Fyllingsdalen 2, som slo Os i den første seriekampen i år.

Neste kamp for Os A-lag blir borte mot NHH på torsdag.

Kampfakta:

Os - Sund 4-1 (2-1)

Kuventræ

Os starta med dette laget: Anders Fossen Lunde - Endre Brenne, Divaldo Cardoso, Torkel Hjertnes, Harry Moore - Marius Mikkelsen, Rafael Villen, Øystein Takle Eide, Frode Storebø - Christoffer Hafsås, Mats Cato Moldskred.

Artikkelen held fram under annonsen.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no