Åsa Gjerde er glad for at legen pressa på for at ho skulle gjera noko. I dag kjenner ho seg både sunnare og lettare.
Åsa Gjerde er glad for at legen pressa på for at ho skulle gjera noko. I dag kjenner ho seg både sunnare og lettare.

Fekk kilo-tap som bonus

Ved hjelp av Grete Roede-kurs og sterk vilje seinka Åse Gjerde kolesterolen til normalt nivå på tre månader.

Inntil i fjor på denne tida hadde Åse Gjerde aldri delteke på eit kosthaldskurs av noko slag. Eit ultimatum frå legen endra på det ganske umiddelbart.

- Under ein rutinemessig sjekk fekk eg påvist det legen meinte var for høgt kolesterol. Ho gav med valet: Enten å få ned nivået, eller bli sett på kolesterol-seinkande medisin, fortel Åse.

Artikkelen held fram under annonsen.

Utan å fundera særleg lenge på det var ho klar på at ho ville gjera noko med det.

Medviten på samansetningar

- Som person er eg flink til å gjennomføra endringar dersom eg får det føre meg, men denne gongen såg eg likevel etter høve til å gjera det i lag med andre, fortel 66-åringen.

Løysinga vart Grete Roede-kurs.

Anita Botnevik har halde kurs i Os sidan i 2014. Ho har hjelpt mange osingar til betre matvanar i desse åra.
Anita Botnevik har halde kurs i Os sidan i 2014. Ho har hjelpt mange osingar til betre matvanar i desse åra.

- Eg starta på Anita Botnevik sitt kurs i januar. Etter og vart meir og meir medviten på kva eg puttar i munnen. Tre månadar seinare var kolesterolet seinka frå 6,5 til 5,0, fortel Åse.

Ho er ikkje i tvil om kva som var den største aha-opplevinga hennar i høve til inntak av mat.

- Det er samansetningar. Det å læra kva som gjer ein godt, og kva som ikkje gjer ein godt. Skilnad på sunt og usunt fett, og ikkje minst, det å få i seg rett kombinasjon av protein og karbohydratar, konstaterer søftelendingen.

Held vekta ved like

Til dagen jobbar Åse som tillitsvald i fagforeininga Delta i Os kommune. I ein travel kvardag har ho lite tid til å trena.

- Eg har spøkt med at eg må vera blant eit fåtal som har gått ned åtte kilo på eit halvår utan å forlata kontoret, eller sofaen, men det er jo ikkje heilt rett. Litt mosjon har eg. Til dømes er eg med på aquatrim i terapibassenget i Osbadet, fortel Åse.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vel eitt år etter at ho starta livsstilsendringa held ho den nye match-vekta utan problem.

- Eg følgjer slavisk dei nye kosthaldsvanane eg lærte meg på kurset. Eg deltok på tre kurs hos Anita i fjor, men no ser eg for meg at eg skal klara meg sjølv, understrekar 66-åringen.

Ho legg til at ho er glad ho fekk oppfordringa frå legen.

- Det var det sparket bak eg trong for å gjera ei endring. No føler eg meg rett og slett betre i kvardagen, slår Åse fast.

Stor interesse i Os

Kursahaldar Anita Botnevik starta sjølv på Grete Roede-kurs i 2013. 23 kilo-tap seinare var ho klar for å bli kurshaldar sjølv. I september 2014 heldt ho sitt første Grete Roede-kurs i Os.

- No har me hatt faste kurs i AMFI Os i godt over to år. Interessa har vore stor, og Åse Gjerde er berre ein av mange som har fullført kursa våre med vellukka resultat, seier Botnevik.

Ho minner om at vektreduksjon og sunt kosthald er viktig for meir enn korleis ein ser ut utvendig.

- I fjor haust gjekk startskotet for Grete Roedes kampanje for å betre folkehelsa i Noreg. Med støtte fra LHL (Landsforeningen for Hjerte- og Lungesyke) og Diabetesforbundet har Grete Roede utarbeidd materiell for helsepersonell, fastlegar, fysioterapeutar og frisklivssentralane i alle kommunane i landet. Me håpar det vil vera med på å bidra til at befolkninga i Noreg skal få sunnare levevanar med sunn vekt.