Gustav Manuel da Rosa Holmefjord, Julian Lønøy Johansen, David Prestegard Skåtun, Jonas Valestrand, Julia Angelskår, Sol Atalie Romundset, Isabel Smørholm og Stine Lill Bjørndal Milde. Solveig Tuft er kontaktlærar.
Gustav Manuel da Rosa Holmefjord, Julian Lønøy Johansen, David Prestegard Skåtun, Jonas Valestrand, Julia Angelskår, Sol Atalie Romundset, Isabel Smørholm og Stine Lill Bjørndal Milde. Solveig Tuft er kontaktlærar.

Fire + fire førsteklassingar

For å få ei betre forståing av korleis bokstavane i alfabetet skal skrivast, arbeider elevane ved Strandvik Montessoriskule mellom anna med sand. Måndag denne veka stod G og K for tur.

Det er måndag morgon, og på Strandvik Montessoriskule er skuledagen godt i gang når Os og Fusaposten kjem på besøk. Medan andre- og tredjeklassingane tek seg ein tur i gymsalen, får førsteklassingane klasserommet heilt for seg sjølve.

Dei åtte elevane er forholdsvis samde om at det er kjekt å vera skulegutar og -jenter. På skulen leser dei masse, lærer bokstavar, arbeider med ulike former for byggjeklossar (montessorimateriell), teiknar, spelar kort og mykje, mykje anna.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det beste med å gå på skulen er at vi kan læra noko nytt, slår Julian Lønøy Johansen fast.

- Gymtimane er også kjekke. Då leikar vi syltetøy, fortel Julia Angelskår, og prøver å forklara den uinnvidde journalisten kva aktiviteten går ut på.

Alle i klassen har ulike arbeidsoppgåver kvar dag. Det kan vera alt frå å rydda til å tørka støv.

- Dei er blitt veldig flinke til å halda orden, fortel lærar Solveig Tuft.

Skriv i sand

Dei fleste elevane var godt kjente med skulen då dei tok til i første klasse i haust. Storparten har nemleg gått i barnehagen som ligg vegg i vegg med skulebygget.

- Dei er veldig trygge når dei tek til i 1. klasse, seier Tuft.

Måndag morgon står to nye bokstavar på timeplanen. Elevane skal verta betre kjente med G og K i alfabetet.

- Vi har sandpapirbokstavar og så skriv vi i sand, fortel Sol Atalie Romundset.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Er det nokre bokstavar som er vanskelegare å læra seg enn andre?

- Nei, kjem det kjapt frå heile gjengen.

- Vi bruker ikkje namna på bokstavane, men lydane. Vi tenkjer over kvar i munnen bokstavane sit, forklarar Tuft.

Uteskule, felles lunsj og å dela klasserom med dei som er litt eldre (2. og 3. klasse), er andre kjekke ting ved skulekvardagen.

- Elevane les for kvarandre og hjelper til på andre måtar når det er nokon som treng hjelp, fortel Tuft.