Her er første klasse ved Strøno barneskule saman med læraren Siv Tone Virkesdal. Attmed læraren sit Iris, Thea, Julie, Ivan og Sverre.
Her er første klasse ved Strøno barneskule saman med læraren Siv Tone Virkesdal. Attmed læraren sit Iris, Thea, Julie, Ivan og Sverre.

Five little monkeys

Dei fem elevane som går i første klasse på Strøno skule kan ikkje berre rekna og lesa, dei har også lært seg litt engelsk, og kan syngja den populære barnesongen «Five little monkeys».

Wenche M. Eriksen

wenche.eriksen@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

"Dei fem små apekattane" på Strøno barneskule, er blide, opne og sprudlande, og er ikkje vanskelege å koma i kontakt med.

Når lokalavisa kjem innom, sit dei og jobbar saman med 2. klassen, noko dei ofte gjer, ifølgje læraren Siv Tone Virkesdal.

I den siste skuletimen skal dei ha matte, og ho får gjengen med seg inn i eit eige rom.

Saman med førsteklassingane frå Halhjem og Lysekloster har dei vore på biblioteket i Os og høyrt eventyr denne dagen.

- Det var veldig kjekt, seier Julie og lyser opp. Men, så vert ho litt alvorleg igjen, og fortel at ho vart litt bilsjuk på bussen tilbake.

Norsk, engelsk og litt spansk

Når me spør kva dei likar best på skulen, kjem det å læra bokstavar og telja høgt på lista.

- Eg kan skriva tå og is, og så kan eg skriva namnet mitt, fortel Sverre.

Klassekompisen Ivan har nettopp vore i Spania, og har lært seg to ord på spansk: Hola og Euro.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Men det aller kjekkaste var at me fekk ta med oss brus og popcorn til siste dagen før jul, seier han.

- Eg synest at det var veldig kjekt å sjå filmen «Jakob og Neikob» på første skuledagen vår, seier Iris.

Og så har altså gjengen lært seg den populære barnesongen om dei fem små apekattane på engelsk. Og den byrjar slik: Five little monkeys jumping in the bed. One fell off and bumped his head.