Rafael Villen vart einaste målskårar i kampen mellom Førde og Os laurdag. Spanjolen og resten av Os-laget slåst godt mot laget frå Sogn og Fjordane og kunne ta seg ein fortent kvil etter innsatsen. (Arkivfoto)
Rafael Villen vart einaste målskårar i kampen mellom Førde og Os laurdag. Spanjolen og resten av Os-laget slåst godt mot laget frå Sogn og Fjordane og kunne ta seg ein fortent kvil etter innsatsen. (Arkivfoto)

Fortent siger etter solid innsats

Med 1-0-siger borte mot Førde kunne Os A-lag gleda seg over tre uhyre viktige poeng og kjensla av endeleg å ha fått løn for strevet.

Med 1-0 over Førde stansa Os den leie tapsrekkjen dei har vore inne i den siste månaden. Fire tap på rad tærar på både spelarar og trenarar.

– Jaudå, det har vore tungt den siste tida. Speseielt ettersom me i fleire av kampane har følt at me har vore på høgde motstandaren utan å få betalt for innsatsen. Men i dag hadde me endeleg marginane med oss, og det smakte veldig godt, seier trenar Hassan El Fakiri.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vågde og spela

Heimelaget var klart best dei første 20 minuttane. Os sleit med mottaket og det å halda på ballen på den noko humpete grasmatta, men frå og med det 25. minutt og utover kom dei gul-svarte meir og meir med i kampen.

– Me hadde ein veldig god periode mot slutten av første omgang og første halvtimen av andreomgang. Då vågde me å ta ned ballen, halda på han og spela kvarandre gode. Det var også i denne perioden at målet vårt kom, fortel Fakiri.

Målet vart sett inn av Rafael Villen. Spanjolen kom på et godt djubdeløp mellom Førdes sisteskanse og ein stoppar og breisida eit innlegg frå Erik Kanestrøm i mål.

– Etter målet skapte me fleire gode sjansar og burde ha skåra minst eitt til, men det siste kvarteret vart det tungt. Då køyrde Førde oss godt og me fall langt heim i eigen målgard.

– Så denne gongen hadde de litt margin og hell med dykkar?

– Ja, me må vedgå det. Førde kunne godt ha skåra mot slutten, men gutane jobba steinbra og eg meiner me fortente sigeren alt i alt, seier Fakiri.

Neste kamp for Os er heime mot Brann 2 neste søndag.

Lysekloster spelar sin rund åtte-kamp på komande måndag borte mot Aalesund 2.