Livlig FFO-gjeng i høljregnet torsdag ettermiddag.
Livlig FFO-gjeng i høljregnet torsdag ettermiddag.

Fotballfritidsordninga stadig meir populær

I løpet av det siste året har Os Turn dobla talet på FFO-medlemer i klubben.

Det rår stor stemning når «Os og Fusaposten» entrar klubblokalet til Os Turn torsdag ettermiddag. Linselusa står i kø for å bli foreviga før dei plikoppfyllande lystrar Endre Brennes formaning om å setja seg til bords og forsyna seg av maten som Sylvia Vangsnes så fint har førebudd og laga til på borda.

- Jada, me har «Os og Fusaposten» med oss her i dag, men de kan oppføra dykk som vanleg, så får han eit godt inntrykk av korleis me har det, seier Brenne.

Artikkelen held fram under annonsen.

Stort, flott kollektiv

Etter nær tre år med fotballfritids-ordning er det blitt bra system på tinga i klubbhuset på Kuventræ.

- Etter skuletid vert dei henta i bil av Rafael Villen. Når dei kjem hit startar me med leksejobbing. Deretter er det felleslunsj, fortel Endre Brenne.

A-lagsspelaren til Os Turn har hatt ansvaret for FFO-en sidan han kom før sesongen. Strandebarmingen trivst kjempegodt med å leia ettermiddagsøktene med FFO-gjengen.

Endre Brenne er hovudansvarleg for FFO-en på Kuventræ. Med seg har han frivillige Frode Lungren. Sistenmnde har vore med på FFO-en til Os Turn sidan oppstarten i 2013.
Endre Brenne er hovudansvarleg for FFO-en på Kuventræ. Med seg har han frivillige Frode Lungren. Sistenmnde har vore med på FFO-en til Os Turn sidan oppstarten i 2013.
Sjølv gjer han sitt beste for å læra seg norsk, men i lunsjen på FFO-en er det fast opplegg at Rafael Villen lærar borna spansk.
Sjølv gjer han sitt beste for å læra seg norsk, men i lunsjen på FFO-en er det fast opplegg at Rafael Villen lærar borna spansk.
Borna er storveges nøgd med lunsjen dei får servert i klubbhuset til Os Turn.
Borna er storveges nøgd med lunsjen dei får servert i klubbhuset til Os Turn.
Jacob Santiago, Emil Hanevik, Jonas Rotnes, Jonas Grand Knutsen og Lars Arne Mo gjer seg klare for ei bortimot halvannan times fotballøkt.
Jacob Santiago, Emil Hanevik, Jonas Rotnes, Jonas Grand Knutsen og Lars Arne Mo gjer seg klare for ei bortimot halvannan times fotballøkt.
Deltakarane på Os Turns FFO har nett fått nye Nike-ballar. - Dette er ekstra lette ballar, spesielt mynta på yngre spelarar. Det at dei ikkje er så tunge gjev spelarane stor meistringskjensle, seier Endre Brenne.
Deltakarane på Os Turns FFO har nett fått nye Nike-ballar. - Dette er ekstra lette ballar, spesielt mynta på yngre spelarar. Det at dei ikkje er så tunge gjev spelarane stor meistringskjensle, seier Endre Brenne.
Full fart i hinderløypa før speleøkta kan starta.
Full fart i hinderløypa før speleøkta kan starta.

- Dette er ein knallfin gjeng. Full i liv og energi, og alltid i godt humør, seier Brenne.

Han gler seg over at stadig fleire melder seg på FFO-en.

- Me har tilbod fire dagar i veka, men dei fleste deltakarane er her mellom ein til tre dagar i veka. Totalt er me no oppe i over 80 born. Det er vel dobbelt av kva me hadde for eitt år sidan, fortel Brenne.

Han er klar på at det er mange si forteneste at det heile går så bra.

- Me er eit bra kollektiv som driv dette. Hans Parnefält tek seg av det administrative, Sylvia er kjøken-sjef. I tillegg har eg Rafael Villen og Frode Lundgren som faste hjelparar, fortel Endre.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skippar ein time

Sistnemnde har vore med nesten sidan starten. Frode Lundgren ofrar til og med ein time av arbeidstida si for å vera med.

- Det har eg gjort sidan eg starta. Eg tek rett og slett ein time fri frå jobben, ler Lundgren, som til dagen jobbar på Os Maskinering.

Om kvifor han prioriterer som han gjer, seier han dette:

- Eg synest det er kjempemoro å vera med og sjå utviklinga på unge fotballspelarar. Dessutan er det jo veldig lærerikt for meg som trenar. Endre Brenne er ein kapasitet med store kunnskapar, skryter Lundgren, som er trenar for Os jenter 14 og 16.

Brenne sjølv er snar med å dempa skrytet.

- Det er no ikkje alt eg finn på sjølv. Me har ein fast treningsbank som me får frå Norges Fotballforbund og sponsoren Telenor. Men, jo takk, det er hyggjeleg at du meiner eg har kunnskap, Frode, smiler Endre til trenar-kollegaen.

Unisont spansk

Inne i klubblokalet kombinerer dei inntak av fast føde med kjappe leksjonar i spansk.

Etter at dei godt over 20 FFO-deltakarane har fått i seg litt av lunsjen starter Rafael Villen sitt faste spansk-kurs. A-lagsspelaren, som opprinneleg er frå Malaga, har skrive glosane på ein white-board. Det er tydeleg at borna har vore med på dette før.

Artikkelen held fram under annonsen.

- So let me hear you: Allo!

- ALLO! lyd det høgt og samstemt frå borna rundt borda.

- Adjos!

- ADJOS!

- uno, dos, tres!

- UNO, DOS, TRES!

- Chocolate!

- CHOCOLATE!

Artikkelen held fram under annonsen.

Tydeleg leiar

Etterpå vert gjengen sendt for å skifta til fotballty. Henning Wold og Kim Markus Norheim er utplasserte og gjer ein glimrande jobb med å heia fram gutane så skiftet går noko lunde raskt.

Vel framme på kunstgrasbanen har Endre Brenne og Frode Lundgren alt sett opp oppvarmingsløypa.

- Då stiller me oss i mål og gjer klar for oppdeling, roper Brenne.

Like etter vert det fullt kappløp blant dei siste ut frå klubbhuset.

- De er seina, roper Brenne, før han i lag med den oppstilte gjengen tel ned for gjengen som kjem springande 10,9,8,...

Full trøkk i regnet

Deretter tek Villen og Lundgren med seg ei gruppe medan Brenne tek gjengen som skal varma opp med hinderløype. Brenne er venleg, men krystallklar i innstruksane.

- De skal hoppa, ikkje gå over hindera. Her må ein gjera det rett, konstaterer han.

Utover i oppvarminga opnar himmelslusene seg for fullt. Den unge gjengen på kunstgraset bryr seg mindre om det. No er det full trøkk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tilbake igjen ved klubbhuset står Sylvia og ryddar noko søppel.

- Det er det å koma seg ut og koma seg i gang. Når dei først er komne seg ut, er det full trøkk uansett vêr. Og dei har det morosamt. Det er ikkje vanskeleg å sjå, konstaterer kjøkensjefen før ho går opp og ryddar bort lunsjen.