Fysioterapeut Bjørg Gjersvik Støle, Karla Larsen, Jostein Heggland, Liv Thuen, Erik Barrie Hennes og Dordi Anne Koldal.
Fysioterapeut Bjørg Gjersvik Støle, Karla Larsen, Jostein Heggland, Liv Thuen, Erik Barrie Hennes og Dordi Anne Koldal.

Frå kortpusta til korte pausar

- Treningstilbodet er heilt fantastisk. Eg trur ikkje eg hadde fungert så bra, korkje fysisk eller psykisk, om eg ikkje hadde delteke.

Camilla Kvamme

camilla.kvamme@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

Det meiner Dordi Anne Koldal. Saman med fire andre likesinna, er ho på trening for kolspasientar på Luranetunet. Treninga er i regi av det interkommunale kolsteamet.

Den sosiale biten er ifølgje gruppa minst like viktig som sjølve treninga.

- Her treffer eg andre med same plager som meg, seier Liv Thuen.

Ho er blant dei mest trufaste utøvarane i trimrommet. Det er ikkje ofte ho skippar treningane på tysdagar og fredagar.

- Det hender at eg må ut i hagen å jobba litt om våren, men bortsett frå det, trur eg at eg berre har vore borte éin gong, fortel ho.

Lettare å pusta

Treningane vert leidde av fysioterapeut Bjørg Gjersvik Støle. Ho fortel at det plar vera mellom 5 og 10 som deltek.

- Det er plass til fleire, seier Støle medan ho losar gjengen gjennom ei økt med knebøy og vekter.

- Kor mange er vi komt til no? spør ho kvintetten.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg klarar ikkje alltid å halda styr på tellinga. Men eg får som regel beskjed når dei har fått nok, seier Støle.

Treninga er frivillig. Dei som ønskjer kan delta. Men fysioterapeuten vil gjerne ha ein samtale med nye deltakarar før dei tek til.

- For kolspasientar er det ikkje så kjekt å røra på seg for då vert ein tungpusta. Men helst skal ein trena tre gonger i veka, fortel Støle.

- Vi vert ikkje friske, men ved hjelp av treninga vert det lettare å pusta. Det synest i alle fall eg, seier Thuen.

- Ved å trena så klarer ein kanskje å gå opp den trappa som ein hadde problem med å gå utan pausar tidlegare, seier fysioterapeuten.

Lågterskeltilbod

Det interkommunale kolsteamet er del av ressurssenteret for kols, diabetes og kreft på Luranetunet. Senteret vart opna i januar 2014 og er eit resultat av samhandlingsreforma.

Det har vore litt omrokkeringar i teama det siste året. Sjukepleiaren i diabetesteamet har vore i permisjon. Ho har ikkje hatt vikar, men kjem attende om få dagar. I tillegg kjem det ny sjukepleiar i kolsteamet i midten av august.

- Føremålet med senteret er å gje tilbod til brukarane i nærleiken av der dei bur. Oppgåvene våre er knytt til førebygging, spesialkompetanse og å sikra gode pasientløp, fortel nestleiar på Luranetunet og ansvarleg for ressurssenteret, Hilde K. Storum.

Artikkelen held fram under annonsen.

Senteret er eit lågterskeltilbod. Innbyggjarane skal vita at det finst nokon ein kan ringja og spørja til råds, når ein har trong for det.

- Ein førebyggjer mykje engstelse ved å vera tilgjengeleg, seier kreftsjukepleiar Anita Tenold Herland.

Trening for kreftpasientar

Til hausten startar kreftteamet med trening for kreftpasientar. Treninga vil, til liks med kolstreninga, vera i lag med fysioterapeut Støle.

- Treninga er tilpassa den enkelte, og er noko alle kan klara uavhengig av diagnose, alder og kjønn, seier Herland.

Det vert òg sett av tid til sosialt samvær i samband med treningane. I tillegg skal ein ta føre seg ulike tema, som ernæring, fatigue, meistring, osv., frå tid til anna.

- Vi kjem til å høyra med dei som bruker tilbodet kva behov dei har, seier Herland og legg til:

- Den sosiale biten er veldig viktig. Å treffa andre i same situasjon har ofte ein veldig positiv effekt på brukarane.

I tillegg til Storum, Støle og Herland arbeider legane Maren Nygard (kreft) og Bjørn Petter Johannessen (diabetes), ergoterapeut Marny Strømland og diabetessjukepleiar Trine Langeland Skogheim ved senteret. Og til hausten kjem det altså ein ny kolssjukepleiar som skal erstatta Sindre Aasen. Stillinga som lege i kolsteamet er enno ikkje fylt.