Dagleg leiar i RadiOs, Ivar Tønnesen, var sjølv tidleg ute med å laga radio. No ønskjer han unge osingar velkomne til å laga program over FM-bandet i Os.
Dagleg leiar i RadiOs, Ivar Tønnesen, var sjølv tidleg ute med å laga radio. No ønskjer han unge osingar velkomne til å laga program over FM-bandet i Os.

Frir til den yngre garde

RadiOs ønskjer å fornya seg. Eitt av grepa er å hanka inn yngre, kreative sjeler.

Dei har halde det gåande i 27 år og har stadig eit godt grep om eit noko vaksnare publikum. Den yngre garde derimot, slit nok meir med å finna frekvensen til RadiOs.

- Me er dei første til å sjå dette, og me har difor eit sterkt ønske om å knyta til oss yngre musikkinteresserte og prateglade osingar. Ingenting hadde gledd oss meir enn om me hadde funne ungdomar som vil koma her og laga program for sin eigen generasjon, seier dagleg leiar Ivar Tønnesen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mest gamalpop

Han vedgår glatt at han ikkje heng med på dagens musikkfront.

- Korkje eg eller Terje Hatvik er av årgangen som følgjer med på dagens musikk. Me lagar våre program, men me ønskjer å vera ein allsidig kanal, og ser gjerne at dei som er unge no får sin faste post i vekeprogrammet, seier Tønnesen.

Frå studioet roper Hatvik oppglødd at han nett no spelar musikk av nyare dato, men når han kjem ut etterpå, medgjev han lett at det kanskje er unntaket.

Terje Hatvik er ansvarleg for aktueltsendingane og redaktør i RadiOs. Han ser gjerne at yngre, kreative og radiointeresserte melder seg i lokala i Telthuskvartalet.
Terje Hatvik er ansvarleg for aktueltsendingane og redaktør i RadiOs. Han ser gjerne at yngre, kreative og radiointeresserte melder seg i lokala i Telthuskvartalet.

- Me heng ok med på lokale artistar, men når det kjem til hip-hop eller rapping, er vel Ivar og eg ganske langt frå å vera korkje fan eller sjanger-kjennarar, humrar Hatvik.

- Me er vel mest glad i gamalpop, og når eg seier gamalpop, så meiner eg musikk frå før 1980-talet, konstaterer Tønnesen, med eit lite smil.

Lover ein trygg start

Dei to har lang fartstid frå radio-mediumet og har begge sine faste spalter på RadiOs. Erfaringa deler dei gjerne.

- Ja, det er klart at ungdomen skal få opplæring. Såpass kvalitetssikring må me ha. Me slepp ikkje folk laus på kanalen før dei har fått god skulering. I starten ønskjer me å få inn ungdom som kan laga sendingar som vert redigerte og sendt i opptak. Livesendingar er framleis for vidarekomne, seier Tønnesen, og nikkar mot Hatvik, som er i gang med å oppdatera osingane på helgas fotballresultat.

Livesending neste steg

Med tida ønskjer kanalen også at komande talent skal få høve til å køyra direktesendingar.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Ein treng litt erfaring før ein får køyra direktesendingar. I dag har me berre tre programpostar som går live, Terje Hatviks aktuelt-sending, han køyrer kvar vekedag, Haakon Brekkes «God Lørdag formiddag» og Inger Brekkes «Morgenstund har gull i munn», fortel Tønnesen.

Underteikna fekk prøva livesending like etter.

- No gjer me som dei gjer i TV2s programpost «Torp», der journalistar intervjuar journalistar, sa Terje Hatvik og drog underteikna inn i studio.

Resultatet kan høyrast på RadiOs, og sjåast på «Os&FusaTV».