Jon Sivert Rykkel fekk æra av å springa sjarmøretappen for det sterke Venstre-laget. Her vinnar han framfor "hare-laget" til Os Turn jenter 14 og 15 og Jan Helge Corneliussen og TvS.
Jon Sivert Rykkel fekk æra av å springa sjarmøretappen for det sterke Venstre-laget. Her vinnar han framfor "hare-laget" til Os Turn jenter 14 og 15 og Jan Helge Corneliussen og TvS.

Frisk valkampinnspurt på flett ny arena

Det vart ein durabeleg og anleis valinnspurt då våre lokale politikarar i samband med opninga av sentralidrettsanlegget på Kuventræ sprang 4 x 100 m stafett.

Arenaen var anleis, men innsatsen like stor. Om det er skuleval, meiningsmålingar eller debattar, så har politikarane ein eigen evne til å gje alt for å gå til topps. Politikar-stafetten på den nye tar-tan-dekte løpebanen på Kuventræ, var ikkje noko unntak.

Ikkje overraskande gjekk det best for Venstre. Med fordelen av å springa venstresving heile vegen var dei uslåeleg. Heller ikkje "hare-laget" til Os Turn jenter 14-15 år klarte å tukta dei mørkegrønt-kledde Venstre-politikarane. Simon Aasen, Glenn Erik Haugland, Marie Eide og Jon Sivert Rykkelvar rett og slett suverene og vann fullt fortent framfor TvS og Miljøpartiet De Grønne.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ordførar Terje Søviknes måtte stå over stafetten grunna problem med ryggen. Om det hadde hatt noko å seia for Framstegsparti-gjengen som hamna noko bak i leksa, skal vera usagt.

Fantastisk anlegg

Politikar-stafetten var eit vellukka og humoristisk innslag på laurdag, men mest av alt handla det om å markera at Os Idrettspark er blitt ein realitet. Prosjektsjef for det flotte friidrettsanlegget, Tor Inge Døsen, var kry då han tok ordet framfor dei mange frammøtte.

- Dette er ein stor dag for Os. Det har ikkje vore arrangert mange friidrettsstemner her dei siste åra. For friidretten er dette som med Moses då han endeleg kom seg ut av ørkenene etter 40 års vandring. Men no er me altså framme. Me har fått eit fantastisk anlegg, og om ikkje lenge er det heile fullført med dobbelt idrettshall på andre sida av klubbhuset til Os Turn, sa Døsen til applaus frå dei frammøtte.

Eit stornøgd Venstre-lag. Marie Eide, Glenn Erik Haugland, Jon Sivert Rykkel og Simon Aasen.
Eit stornøgd Venstre-lag. Marie Eide, Glenn Erik Haugland, Jon Sivert Rykkel og Simon Aasen.
Nils-Anders Nøttseter var raskt ut av startblokken på politiker-stafetten.
Nils-Anders Nøttseter var raskt ut av startblokken på politiker-stafetten.
Ordførar Terje Søviknes heidra Tore Moberg og Jan Borgen for deira innsats for idretten i Os. I Borgens fråvær var det sonen Mons Martin som tok imot blomane.
Ordførar Terje Søviknes heidra Tore Moberg og Jan Borgen for deira innsats for idretten i Os. I Borgens fråvær var det sonen Mons Martin som tok imot blomane.
Tor Inge Døsen meinte at med eit slik anlegg som dette burde det vera mogleg å få ein norsk meister i friidrett frå Os innan seks år.
Tor Inge Døsen meinte at med eit slik anlegg som dette burde det vera mogleg å få ein norsk meister i friidrett frå Os innan seks år.
Dagleg leiar i Osbadet, Bård Alfstad, får driftsansvaret for Os Idrettspark. Han fekk også æra av å ta med ballongane som vart sleppt til himmels i samband med den offisielle opninga.
Dagleg leiar i Osbadet, Bård Alfstad, får driftsansvaret for Os Idrettspark. Han fekk også æra av å ta med ballongane som vart sleppt til himmels i samband med den offisielle opninga.
Kulturkrabben til Os kommune og Osbadets Plaske fann tonen, både saman og med borna.
Kulturkrabben til Os kommune og Osbadets Plaske fann tonen, både saman og med borna.
Det er ikkje kvar dag ein får høve til å sjå nærare på ordførarens halskjede.
Det er ikkje kvar dag ein får høve til å sjå nærare på ordførarens halskjede.

To friidrettsplassar

Ordførar Terje Søviknes sa at det var ein gledens dag for friidretten.

- No har me fått Friplassen på Søfteland og eit kjempeanlegg her på Kuventræ. Dette må bli bra for rekrutteringa, sa ordføraren.

Etterpå nytta han høvet til å takka Os Turn, Ad-hoc-utvalet som har jobba med idrettsparken, Os Idrettsråd, prosjektavdelinga i kommunen, entreprenørane, og ikkje minst Trond Mohn.

- Trond Mohn gav oss ti millioer kroner. Det var starten me trong for å få resten på plass, sa Søviknes.