Korleis overlevde ho reformasjonen, og korleis kom ho til Hålandsdalen?
Korleis overlevde ho reformasjonen, og korleis kom ho til Hålandsdalen?

Fusas fyrste protestantar

Fusa har aldri vore maktas midte. Det er berre bra vanlegvis, men ikkje når me vil finna ut korleis det var å leva her då Danmark-Norge gjekk frå å vera eit katolsk til å bli eit protestantisk land. Me hadde visst mykje meir om forgjengarane våre dersom dei hadde vore nasjonale storleikar og ikkje meir eller mindre alminnelege menneske.

FORFATTAR: TORIL HJARTÅKER HAUGE

ILLUSTRASJON: MORTEN HOLMEFJORD

Midt på 1500-talet budde det om lag 450 menneske i det området som no er Fusa kommune. Då den lutherske Christian vann kampen om den dansk-norske krona i 1536, vart alle saman brått protestantar. Det spelte inga rolle kva den enkelte meinte om pave, helgenar og dei 95 tesane til Luther - om dei i det heile hadde høyrt om dei. Den religionen herskaren hadde, gjaldt også for undersåttane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kan angra seg

Om lag 110 av Fusas fyrste protestantar kan nemnast ved namn, og det kan dei fordi dei fleste av dei er nedskrivne på dei mest sentrale og til dels einaste skriftlege kjeldene me har herifrå på 1500-talet: Skattemanntala. Det er altså skattebetalarane som har redda seg frå historias store hav av gløymsle, så no kan dei angra seg, alle dei som arbeidde svart på 1500-talet.

Ikkje at det var så lett å sleppa unna. På denne tida vart det kravd inn skattar berre når kongen meinte det trongst, men då var det også viktig at folk betalte. Lensherren på Bergenhus heldt oversikt over det som mangla av innbetalingar. For eksempel står Ener (Einar) i Løffræ (Lygre) og Olaff i Osteswe (Øpstad) på skattelistene frå 1519, men utan innbetalt sum. Tre år etter kjem det med i rekneskapen at Oluff i Østestuffue har betalt 1 mark (16 skilling) og Ener heile 20 mark (320 skilling). Mon tru om ikkje det gjorde opp for både restskatt og forseinkingsgebyr.

Betalte smør, geiter og dyreskinn

Men om styresmaktene var strenge med at folk gjorde opp for seg, var dei romslege når det gjaldt betalingsmåte. Mykje vart betalt med mynt av ulik type og opphav. Reint sølv var like gyldig. Jordleiga vart gjerne betalt med smør, og i 1567 kom det meste av den innbetalte skatten frå Fusa i form av talg og geiteskinn. Den såkalla fredtollen, avgifta bøndene måtte betala for å selja varene sine i Bergen, vart helst betalt med geiter og sauer, og viss du vart funnen skuldig i eit brotsverk, kunne du godt bøta for det med dyreskinn. Futen godtok pels både frå oter, mår, rev og røyskatt. Han var ikkje vanskeleg slik.

Preikestolen i Haalandtz kircke (no Holdhus kyrkje) anno 1570.
Preikestolen i Haalandtz kircke (no Holdhus kyrkje) anno 1570.

Uvelkomen bondetynar og handelspartnar

Økonomien var mangslungen, og lensherren på Bergenhus var ikkje berre ein uvelkomen bondetynar. Han var også ein mogleg handelspartnar og oppdragsgjevar. Fleire fusingar var inne i transportbransjen allereie då. I 1567 førte Huge Jonnsenn og Rasmus y Dypuig (Djuvik) leidangskatt til kongens sjøboder i Bergen. Den turen fekk dei fire skilling for. Ein mark (16 skilling) fekk Chriistoffer Jngilbreizenn, Ellinge po Hage (Haga), Siuord (Sjur) po Skiørsannd (Skjørsand) og Anndbiørnn po Store Liid (Storli) på deling då dei frakta nokre dyr frå Os til Bergenhus. For slike løner var det ikkje mykje dei kunne handla med seg heim. Ei ny bukse kosta 14 skilling, og ei lykt åtte. Men han Sjur Skjørsand hadde eit eige ærend i tillegg. Han selde seks naut til slottet og fekk 11 dalar for det, tilsvarande om lag 616 skilling. For den summen kunne han fått 40-50 par bukser, viss han ynskte det, eller 7-8 tønner korn. Kanskje frua hans, Brita Ingebrigtsdotter Fòr, ville bli blidare viss han kom heim med den lasta.

Trelast var etterspurd

Ein annan velståande Siurd kom frå Luneruig (Lundervik). Han handla på gamlemåten, i naturalia. For ei tønne korn på Bergenhus betalte han to pund smør, det vil seia rundt 12 kilo.

Slottet sin etterspurnad etter varer frå omlandet var ofte større enn tilbodet. Det gjaldt ikkje minst trelast, ei vare som enno sysselset mange i Fusa. I den urolege tida rundt innføringa av reformasjonen vart det rive og bygd i stor stil på Bergenhus, og futen i Sunnhordland, Jens Staldsvend, vart sendt rundt i distriktet sitt for å skaffa tømmer. I juni 1537 er han komen til Strandvik. Ganske fortvila skriv han herifrå til slottsfrua Sophia Krummedige at no er det tomt for brukande tre i den skogen der dei før har hogge, og han veit ikkje kvar han skal få tak i ny. Og viss det likevel skulle finnast noko, får han ikkje folk til å hogga! Tvinga nokon til å selja tømmer kunne han ikkje. Berre viss bøndene frakta trelasta til Bergen, hadde kongens menn fyrsteretten til å kjøpa. Kanskje det var derfor skogeigarane vegra seg med å hogga når futen bad om det; dei kunne få betre betalt når skottar og hollendarar kom direkte til bygda og handla med dei der?

"Randsaga" tømmer

Det skulle vera rift om skogen i Strandvik i lang tid framover. Me finn ikkje mange døme på at fusingar skreiv samanhengande tekstar før midten av 1800-talet, eller at dei hyrte inn nokon til å gjera det for seg, men når dei fyrst gjorde det, dreidde det seg ofte om kven som skulle eiga eit visst stykke jord eller skog, eller kven som hadde lov til å ta ut tømmer.

I 1592 måtte både lensmann og fem lagmenn samlast for å rydda opp i ein krangel mellom Gutthorm Lasseson Haauig (Håvik) og Willem Andersson Noortued (Nordtveit). Dei skulle "randsage" noko tømmer desse to hadde hogge i Håvikmarka, og dei konkluderte med at begge hadde rett til å ta ut skog derifrå. Gutthorm eigde i skogen sjølv, mens Willem hadde arverett på vegne av kona si, Guro Tomesdotter Haauig (Håvik).

Artikkelen held fram under annonsen.

Tre av fem skattetoppar frå Baldersheim

Det var avtalar som dette det var viktig å få ned på papiret, økonomiske forhold. Den haldninga hadde dei til felles med lensherren på Bergenhus og staben hans. Verken fut eller folk skreiv for moro skuld. Det dreier seg om reine og skjære materielle behov, og takka vera lensherrens rekneskap kan me i dag vita kva folk heromkring kalla seg og gardane sine for fem hundre år sidan. Dessutan får me ein peikepinn på kvar velstanden låg. Øvst på skattelista i 1519 står Olaff i Bendall (Bjørndal) og Swen pa Ballesem (Baldersheim). I 1563 toppar Siurdt (Sjur) po Lunderuig (Lundervik), Joenn po Reffnne (Revne) og Asmundt po Klep (Kleppe). Kvar av desse betalte tre-fire gonger meir i skatt enn det som var vanleg. Eg synest det er verdt å merka seg at tre av fem skattetoppar på 1500-talet budde i bygda Baldersheim.

På plassane nedanfor kom følgjande åtte menn, alle frå 1519-lista, og her er Fusa-halvøya tungt representert: Brønill (Brynjel) pa Forr (Fòr), Ellingh pa Skoddwn (Skåtun), Torsten pa Dalland, Andbiorn i Vig (Vik), Symon pa Hawig (Håvik), Swen pa Henanger, Sewat (Sivert) pa Twet (Tveit) og Askell pa Helleland (Helland). Desse hadde råd til å ha dreng, og dei betalte dobbel så mykje skatt som den alminnelege gardbrukaren.

Berre to kvinner

Berre to kvinner er nemnde i skattemanntala frå vårt område: Ingeborg i Dala (Dale) i 1519 og Sitzell po Haffskor (Havsgård) i 1563. Som kvinne på 1500-talet hadde du valet mellom to vegar dersom du ynskte å bli innskriven i lensherrens rekneskap. Du kunne enten gjera slik Sissel og Ingeborg truleg hadde gjort: Gifta deg med ein skattebonde, overleva han og for all del ikkje gifta deg opp att. Som ugift enkje var det deg futen spurde etter når han kom til gards. Alternativet var å flytta til Bergen og busetja deg i Øvregaten. Dette distriktet hysa ikkje berre dei velkjende prostituerte, men yrkesaktive kvinner i mange bransjar, gifte og ugifte, og alle var skattepliktige.

Inger Vinterkatten og Citzele Buldre!

Spennet i velstand blant kvinnene i Bergen var enormt. Enkelte var for fattige til å betala noko i det heile, mens ho som toppar Øvergatens skatteliste i 1521, Barbara Oluffsdotter, gav 24,5 mark og fire skilling til statskassen (til saman 396 skilling). Det var 12 gonger så mykje som den gjengse gardbrukar i Fusa gav ifrå seg tre år tidlegare.

Om det fanst kvinner frå Fusa blant bydamene, veit me ikkje, for svært få av dei oppgav geografiske etternamn. Dei fleste sa kven dei var dotter til, men nokre hadde lausrive seg fullstendig frå slekta og skapte sine eigne tilnamn. Ei av dei må ha hatt eit snev poesi i seg, for då skatteinnkrevjaren kom, kalla ho seg Inger Vinterkatten. I eitt av nabohusa derimot sat Citzele Buldre! Ja, humor hadde dei òg, enten Citzele sjølv eller skrivaren som var så uheldig å møta henne. Same korleis det lét i ho: Seks skilling fekk han med seg derifrå.

Gud stod åleine igjen

Men kvar blir reformasjonen av midt i all denne pengepraten? Han finst der, om enn noko skjult i dei kjeldene som gjeld vårt område spesifikt. For midt i denne oppramsinga av eigarskap og dalar og skilling, blir stundom dei himmelske maktene påkalla, gjerne som ei helsing i innleiinga eller som avskjed. Og det er i desse små dråpane av åndeleg liv me kan skimta eit skilje mellom den tida folk var katolske, og tida etter 1536 då dei var blitt protestantiske.

I katolsk tid helsa avsendaren gjerne med både Gud og Maria og andre helgenar, slik Bergensbispen Olaf Thorkelsön gjorde det då han skreiv til erkebiskopen sin i 1527: "Edir nadir gudt Maria oc sancte Sunniua befallandis medt liiff oc sæll tiil euich tiidt". (Måtte Dykkar nåde med liv og lukka vera overgjeven til Gud, Maria og den heilage Sunniva til evig tid.)

Så - brått - i 1536 forsvinn Maria frå så og seia alle brev og dokument her til lands. Gud står åleine igjen. I det tidlegare nemnde brevet futen sende frå Strandvik til slottsfrue Sophia i 1537, helsar han henne med desse orda: "Venlig oc (kerlig) Hellsen alltidtt forsendtt medtt Gud". Når han skal datera brevet, held han seg likevel til katolsk skikk og bruker helgendagane: "Screffuedtt i Strandvigh nesthe Søndag ffore ste. Botolffs dag Anno domini Mdxxxvij",

Artikkelen held fram under annonsen.

med andre ord 10. juni 1537.

Kongen gjev prest til folket

Både brevet og futen er ganske typiske. I heile Noreg vart helgendagane brukt til datering lenge etter at folk skulle slutta å feira dei. Fyrst på slutten av hundreåret tar vår sekulære tidsordning med dato og månadar over.

Erik Rosenkrantz, slottshøvdingen på Bergenhus, praktiserte den nye skikken då han underretta folk i Fjelberg om at han på kongens vegne og med råd og samtykke frå superintendent (biskop) Dr. Jens Skellerup sender Hr. Peder Anderssön som sokneprest til dei. Brevet er "schreffuet paa bergenhusz den 19 Apriilis Anno 1561". Vel så viktig i reformatorisk samanheng er maktforholda som Rosenkrantz her demonstrerer. No er det kongen som gjev prest til folket. Biskopen har berre godkjent tilsetjinga. Formelt sett vart ikkje presteskapet statlege embetsmenn før i 1660, men i realiteten var kongen deira nest øvste sjef heilt ifrå 1536 av - med einaste Vårherre over.

Ei halv ku i bot

Det gjekk lang tid før folk fullstendig slutta med skikkar og markeringar rundt helgendagane. Eit tiår etter innføringa av reformasjonen risikerte du ei bot på 10 mark (verdien av om lag ei og ei halv ku) dersom du feira i utide og ikkje nøgde deg med dei heilagdagane som kongen hadde fastsett. Så forargeleg var det at folk sette seg på bakbeina og klamra seg til det katolske åket som lutheranarane ville fri dei ifrå. Men kongens menn, til og med tidlegare katolske geistlege som Gjeble Pederssønn, Bergens fyrste protestantiske biskop, var lydige og tilkalla ikkje helgenar i tekstane sine lenger. I alle fall på papiret greidde dei seg frå no av utan Maria.

Ei stilling for ulærde menn

Ei anna konkret endring reformasjonen førde med seg, er den nye stillinga som også lokale, ulærde menn kunne tre inn i: Stillinga som kyrkjeverje. Også i katolsk tid fanst det slike ombodsmenn som passa på det praktiske rundt ei kyrkje, men her i våre trakter er det fyrst midt på 1500-talet me har spor etter dei. I 1563, då Fusa vart slått saman med Os og Samnanger for å danna Os prestegjeld, var det Arnne po Hinnanger (Henanger) som var kyrkjeverje for Stranduig kircke (Strandvik kyrkje) , Oluff på Berge for Fuse kircke (Fusa kyrkje) og Niels po Aas (Åse) for Haalandtz kircke (Hålandsdalen kyrkje).

Viss alt hadde gått riktig for seg, var det kyrkjelydane sjølve som hadde valt Arnne, Oluff og Niels som verjer. Alle tre var rimeleg velståande bønder, og oppnemninga var utan tvil ei tillitserklæring, men eit verv å misunna nokon var det neppe.

Fire skilling for barnegravferd

Kyrkjeverja var ein typisk mellomleiar. Klager kom frå alle kantar. Folk i soknet klaga over for høge og for mange avgifter, og på ymse vis prøvde dei å sleppa unna. Mellom anna ville dei helst få dei døde i jorda og halda gravferd utan prest, for det kosta.

I 1539 låg prisen for ei barnegravferd på fire skilling, det vil seia det same som Huge Jonnsenn og Rasmus Djuvik fekk for ei fraktereise til Bergen nokre tiår seinare. Skulle presten lesa over grava til eit vakse menneske, tok han 12 skilling. Berre viss ein person drukna eller på annan måte ikkje kunne leggjast i jorda, slapp etterkomarane å betala, for då hadde ikkje presten nokon jobb å gjera der. Sjølvkostprinsippet vart strekt langt. Dei fleste av desse avgiftene var for øvrig framhald av katolsk praksis. Stykkprisordninga var inga luthersk oppfinning.

Artikkelen held fram under annonsen.

Slapp betalingsvilje

På den andre sida av kyrkjeverja stod superintendenten og lensherren. Dei var misnøgde med soknebarnas disiplin, inkludert slapp betalingsvilje. Dessutan burde vedlikehaldet av kyrkjer og kyrkjegardar vore betre. Kyrkjeverjene får til dels svært detaljerte retningslinjer for korleis dei skal gjera jobben sin. Kyrkja skal vera rein og enkel. Stilen er svært protestantisk, svært økonomisk. På alteret skal det brenna to lys: Eitt for Jesu blod, eitt for lekamen hans. Meir er ikkje nødvendig! Den som tenner fleire lys enn desse to, må bøta med tre mark (48 skilling).

Å handtera folks motvilje og sørgja for at denne økonomien gjekk rundt, var Arnne Henanger, Oluff Berge og Niels Åse si oppgåve, og det synest som dei gjorde jobben sin. Dei fekk i alle fall folk til å betala landskyld (leige av jord som kyrkja eigde), tiende og avgifter, og dei leverte desse inntektene vidare til kongens menn. Av lensrekneskapen i 1563 får me eit inntrykk av kor store desse tre sokna var på den tida. Mens både Strandvik og Fusa kyrkje gav mellom 4 og 5 dalar (om lag 252 skilling) til Bergenhus, kjem det berre vel 1,5 dalar (84 skilling) frå Hålandsdalen. Der var kyrkjelyden enno liten etter den store mannedauden 200 år tidlegare.

Ein åttekanta preikestol

Disiplinproblema som vart nemnde ovanfor, gjeld Vestlandet generelt, ikkje spesielt Fusa. Det er ikkje sikkert folk var så opprørske her. Tvert om finst det eit nydeleg døme på at både kyrkjeverje og sokneborn var lydige og gjorde akkurat som dei var bedne om.

På 1540-talet fekk kyrkjeverjene i oppgåve å få bygd preikestol i den kyrkja dei var sett til å skjøtta. Kan no det vera nødvendig, då, synest mange å ha tenkt, for enno utpå 1600-talet var det flust av kyrkjer i Norge som mangla dette framståande elementet i kyrkjeinventaret. Men sjå! I eitt av dei mest folketomme sokna i heile Bergens stift set dei i gang. Enten det var Niels Åse som tok oppdraget på alvor, eller det var etterkomaren hans: I 1570 kom det opp ein åttekanta preikestol i Hålandsdalen kyrkje. Han vart malt i den rimelegaste fargen som fanst - såkalla engelsk raud-, han vart utskoren med karveskrudhjul og gotisk faldeverk, og det beste av alt: Han heng der enno, i den tømmerkyrkja som står der no og heiter Holdhus kyrkje. Han skal vera den eldste etter-reformatoriske preikestolen som enno er i bruk i Norge. Kvar olsok har presten sjansen til å stå der, men i seinare tid vel han like gjerne å preika ifrå koropninga, på same plan som kyrkjelyden, slik skikken var i katolsk tid.

Kva speler det for rolle kven me var mens me levde her?

Mykje av inventaret i norske kyrkjer er kome til som gåver frå soknebarna. Eg tippar at det også gjeld preikestolen i Holdhus gamle kyrkje. Han har nemleg initialane TES og IES skrivne inn på seg, og som kjent er det ikkje uvanleg at sponsorar vil markera seg. Ein skulle tru at slike rause menn også var gode skattebetalarar, og i skattemanntalet frå 1563 finn me då også tre brukbare kandidatar: Thorbiørnn po Giøem (Gjøn), Thorstenn po Orra og Jørgenn på Øfre Boelstad (Øvre Bolstad). Det er også mogleg at T og I var to søner av Endrett Olaffson j Biørdall (Bjørndal), berre at dei ikkje var skattepliktige det året.

Like truleg er det at T og I er to av dei som er gått under i historias store hav av gløymsle. Fleirtalet av Fusas første protestantar er jo ikkje nemnd i lensherres rekneskap eller nokon annan stad. Men somme av desse skjulte personane, slike som TES og IES, stikk så vidt nasen sin opp av havet, til dømes med initialane sine, som for å erta oss og seia: "Kva speler det for rolle kven me var mens me levde her? Både før og etter reformasjonen trudde me på eit evig og himmelsk tilvære. Kvifor skulle me vera så opptekne av å setja spor etter oss i denne i den forgjengelege verda?".

Eit tiår etter innføringa av reformasjonen risikerte du ei bot på 10 mark (verdien av om lag ei og ei halv ku) dersom du feira i utide og ikkje nøgde deg med dei heilagdagane som kongen hadde fastsett.