Jannicke Sælen, Thomas Bakke, dagleg leiar Kristian Nygaard, Jon Bendik Melhus, Geir Daltveit og Øyvind Larsen Nygaard gler seg til å flytta inn i nye lokale i Industrivegen.
Jannicke Sælen, Thomas Bakke, dagleg leiar Kristian Nygaard, Jon Bendik Melhus, Geir Daltveit og Øyvind Larsen Nygaard gler seg til å flytta inn i nye lokale i Industrivegen.

Gler seg til å flytta

Etter 25 år i Bahusfabrikken er Os ASVO klar for å flytta inn i flett nytt bygg i Industrivegen.

Litt vemodig vert det kanskje for nokon, men mest av alt gler dei seg, dei kring 60 tilsette i Os ASVO som no får heilt nye lokale i enden av Industrivegen vis a vis Lyssand Gartneri.

Meir tilpassa

Denne veka starta dei å flytta, ein prosess dei reknar med å bruka kring ein månad på.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er mange maskinar og utstyr som skal flyttast på. Eg trur det kjem godt med å gje seg sjølv litt tid med det heile, seier dagleg leiar Kristian Nygaard.

Han har leia produksjonsbedrifta i snart åtte år.

- Me går inn i spennande tider. Både produksjonsmedarbeidarane og me i leiinga gler oss sjølvsagt veldig. Det blir noko heilt spesielt å få sine eigne flett nye, tilpassa lokale, seier han.

I dette bygget vis á vis Lyssand Gartneri sine lokale, kjem Os ASVO til å innta dei to øvste etasjane. Teknisk etat i Os kommune flyttar inn i første og andre etasje.
I dette bygget vis á vis Lyssand Gartneri sine lokale, kjem Os ASVO til å innta dei to øvste etasjane. Teknisk etat i Os kommune flyttar inn i første og andre etasje.
Jannicke Sælen håpar ho får halda fram med dei same arbeidsoppgåva når Os ASVO flyttar til Industrivegen. I bakgrunnen ballong-kunstnar Thomas Bakke.
Jannicke Sælen håpar ho får halda fram med dei same arbeidsoppgåva når Os ASVO flyttar til Industrivegen. I bakgrunnen ballong-kunstnar Thomas Bakke.

I storleik går dei faktisk ned, men dei nye lokala vert langt meir tilpassa produksjonsarbeid.

- Me går frå 2.900 kvm her til vel 2.100 der oppe. Men det vert meir rasjonelt, nyare og sjølvsagt flottare, seier han.

Ein annan fordel er det reint økonomiske aspektet.

- Me er eigd av Os kommune, men har vår heilt eigne økonomi. Då er det klart det løner seg å eiga framfor å leiga, konstaterer Nygaard.

Mange oppdrag

At Os ASVO no tek løftet med å byggja sjølv, er også takk vere tett samarbeid med kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det nye bygget i Industrivegen skal me dela med kommunens teknisk etat. Dei tek dei to første etasjane, medan me tek dei to øvste.

Bedrifta merka ein sterk nedgang i oppdrag då Lyssand trenindustri vart lagt ned, men dei siste åra har dei merka større pågang igjen.

- Me leverer mykje til industrien, har lakkavdeling og driver kantine som kan levera lunsj og møtemat. I tillegg har me i det siste laga ein del klatreelement til klatreparkar. Eitt av våre nye oppdrag er element til den komande klatreparken på Kyrkjeflaten i Os, fortel Nygaard.

På omvising til teknisk etat

Like før lunsjtid tysdag tok Os og Fusaposten seg også ein prat med produksjonsmedarbeidarane i Os ASVO. Samtlege såg fram til flyttinga.

- Det blir noko heilt eige å få jobba i nye lokale, men eg håpar eg får halda fram med å gjera det eg gjer. Dei arbeidsoppgåvene eg har no, trivst eg nemleg godt med, seier Jannicke Sælen som mellom anna pussar plast-element til stillas-konstruksjonar.

Jon Bendik Melhus gler seg til å få omvising hos teknisk etat.

- Dei blir jo naboane våre. Dei har sagt at me skal få koma nedom og sjå korleis dei har det, seier Melhus.