Klasse 6B på Kuventræ skule synest det er kjekt å jobba heime og gi pengane til born som bur i SOS-landsbyar rundt om i verda.
Klasse 6B på Kuventræ skule synest det er kjekt å jobba heime og gi pengane til born som bur i SOS-landsbyar rundt om i verda.

Gode klassegjerningar på Kuventræ

Alle dei 16 klassane ved Kuventræ barneskule er med på å bidra til SOS-barnebyer sin omvendte julekalender. Dei jobbar og gjev løna si til borna i barnebyane rundt om i verda.

"Den største gleda du kan ha, er å gjera andre glad", heiter det, og det ser det ut til at elevane ved Kuventræ skule har teke til seg.

Me stikk innom i klasserommet til 6B under kalenderopninga no like før jul.

Artikkelen held fram under annonsen.

Framme ved tavla står ein lysestake med tre tende lys, og Jørgen er den som får utlevert eit peparkakehjarte som skal fyllast med positive ord frå klassekameratane.

- Du er snill, du er smart, du er god i mål, du er ein god kamerat, er ord som kjem frå dei andre elevane. Positive tilbakemeldingar som er gode å ha med seg på vegen vidare.

- Men kva går den omvende kalenderen ut på?

Kvar dag fram mot jul opnar klassen ei ny luke, og får vita litt om korleis born i SOS-landsbyane har det.
Kvar dag fram mot jul opnar klassen ei ny luke, og får vita litt om korleis born i SOS-landsbyane har det.

- Jau, fram til skuleavslutning vil borna jobba litt for foreldre eller andre familiemedlemmer, og får løn for dette. Pengane vert putta i ein konvolutt som vert lukka, og så leverer borna konvoluttane på skulen. Alle pengane som kjem inn går til SOS barnebyer sitt arbeid rundt om i verda, fortel læraren Karina Otneim.

- Eg laga taco og tørka støv heime, fortel Jørgen.

Me spør nokre av elevane kva dei synest om ein slik omvendt julekalender.

- Eg synest det er kjekt når pengane går til eit godt formål, til nokon som treng det meir enn oss, seier Jonathan.

- Det er veldig bra, for då veit me at det går til born som treng det, kjem det frå Michelle.

Artikkelen held fram under annonsen.

Også Jakob Santiago synest det er ein god idé å jobba heime og gje pengane til ungar slik at dei får eit betre liv.

- Eg blir meir motivert til å jobba når eg veit at det går til nokon som treng det i ein SOS-landsby, kjem det frå Jakob N.

- Og så er det veldig koselig å få peparkake med fine ord til kvar elev, legg han til.

Det er SOS-landsbyar i mange land, også i Noreg. Klasse 6B har lært litt om kvart land dei har fått opp i kalendaren, og elevane ramsar opp Peru, Mexico, Nepal, Colombia, India og Vietnam. Ikkje berre gjer dei ei god gjerning, dei lærer også meir om situasjonen i desse landa.