Jeanett Kallekleiv fekk både bukett og gratulasjonar då ho opna Borgvêr-butikken torsdag. Mamma Ann-Lisbeth hjelpte til i kassen.
Jeanett Kallekleiv fekk både bukett og gratulasjonar då ho opna Borgvêr-butikken torsdag. Mamma Ann-Lisbeth hjelpte til i kassen.

Gratulasjonar og bukett til gründerjenta Jeanett

Ein blir populær når ein opnar ny butikk i Os sentrum. For Jeanett Kallekleiv vart torsdagen ein god festdag.

Klesbutikken Borgvêr har lenge vore annonsert i Tønjum-bygget i Os sentrum. Torsdag klokka 12. opna Jeanett Kallekleiv dørene for første gong, og kundane kom i hopetal.

- Eg har litt sommarfuglar i magen, men mest av alt er eg veldig spent og gler meg, seier 23-åringen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Stormønstring

Ho hadde samla godt med krefter før den offisielle opninga. Bak disken stod mamma Ann-Lisbeth, medan pappa Arne mingla med kundane og baud på små forfriskingar og mat.

- Jeanett har så mange som hjelper seg. Sjå berre på dei flotte kanapéane. Dei er det veninner av ho som har laga, seier han.

Elles var både søster og kjærast i arbeid.

Det stod godt med folk klare for å koma inn då Jeanett opna klokka 12.00.
Det stod godt med folk klare for å koma inn då Jeanett opna klokka 12.00.
Barokk-stolane i vindaugshjørnet passa godt i lokale. - Ein finn mykje flott på Finn.no, seier Jeanett.
Barokk-stolane i vindaugshjørnet passa godt i lokale. - Ein finn mykje flott på Finn.no, seier Jeanett.

- Det blir ikkje slik kvar dag, men det er veldig kjekt at så mange kunne vera med meg og hjelpa til i dag, smiler hovudpersonen.

Ho fekk fleire bukettar og gratulasjonar.

- Det er tydeleg at du er ønska her i sentrum?

- Ja, det er utruleg kjekt å bli teken imot på denne måten. Eg får berre håpe at det vert like kjekke dagar framover også, ler Jeanett.

Retrostil

I dei opne lokala i førstehøgda i Tønjumgården hadde ungjenta fått laga eit praktisk og oversiktleg butikklokale. Ein liten krok ved vindauget utmerkte seg spesielt, og passa ekstra godt i lokalet.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Ja, dei to stolane fekk eg på Finn.no. Brukte, men utruleg kule, synest du ikkje, seier Jeanett og smiler godt etter å ha fått eit anerkjennande nikk.