1. og 2. klassingane lærer å setja ord på kjenslene sine mellom anna ved å teikna og skriva. Her held Isa Mathea Holmefjord (bak) og Mathea Eikeland på å gjera ferdig teikningane sine.
1. og 2. klassingane lærer å setja ord på kjenslene sine mellom anna ved å teikna og skriva. Her held Isa Mathea Holmefjord (bak) og Mathea Eikeland på å gjera ferdig teikningane sine.

Har det bra med grøne kjensler

Veit du skilnaden på grøne og raude kjensler, og korleis du kan gjera raude kjensler om til grøne? Det veit elevane ved Nore Fusa oppvekstsenter alt om.

Den første veka i det nye året har elevane på Nore Fusa oppvekstsenter fokusert på å ha det bra. Livsmeistring og psykisk helse har stått på timeplanen. Det vil seia ingen vanlege timar, og ingen vanlege lekser.

- Framfor å lesa og rekna har dei fått i oppgåve å gjera forskjellige ting saman med andre, og for andre. Elevane skal til dømes laga mat, skriva kort eller brev, gje kompliment, og seia hei og smila til folk som dei møter, fortel rektor Hege Steinsland-Hauge.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Betre enn vanleg skule

I klasserommet til sjetteklassingane ved skulen, har lærar Martin Haugen gjeve elevane i oppgåve å skildra tre ulike situasjonar. Situasjonane skal sjåast frå ein negativ ståstad (dal) og ein positiv ståstad (topp).

- Vi skriv om ein gut som ikkje får laurdagsgodt, fortel Isak Boge Bakken, Vilde-Sofie Næss og Ruben Matland.

Av dei raude kjenslene, eller dalane, som trioen knytter til episoden er at pappa er streng, og at guten er lei seg.

Kristina Skibenes held fram den grøne og raude bamsen som symboliserer dei grøne og raude kjenselene våre. - Dei er så søte, seier ho og smilar.
Kristina Skibenes held fram den grøne og raude bamsen som symboliserer dei grøne og raude kjenselene våre. - Dei er så søte, seier ho og smilar.
Jørgen Næss Boge, Vegard Solheim og Eline Boge Østvik.
Jørgen Næss Boge, Vegard Solheim og Eline Boge Østvik.
Rektor Hege Steinsland-Hauge synest elevane har vore veldig flinke til å setja ord på kjenslene sine. - Dei er veldig opne, og har bidrege mykje, fortel ho.
Rektor Hege Steinsland-Hauge synest elevane har vore veldig flinke til å setja ord på kjenslene sine. - Dei er veldig opne, og har bidrege mykje, fortel ho.
Alle elevane på skulen skal laga og dekorera grøne hender som skal hengja i mediateket i heile skuleåret.
Alle elevane på skulen skal laga og dekorera grøne hender som skal hengja i mediateket i heile skuleåret.
Veka vart avslutta med pysjdag. Dei grøne hendene er også klare til å hengjast opp.
Veka vart avslutta med pysjdag. Dei grøne hendene er også klare til å hengjast opp.

- Han går opp til farmor i staden, er det ein av dei som føreslår.

I andre enden av klasserommet sit Jørgen Næss Boge, Eline Boge Østvik og Vegard Solheim. Dei arbeider med same oppgåve, og fortel at dei synest skulearbeidet denne veka har vore kjekt.

- Det er betre enn vanleg skule. Vi har mellom anna lært å tenkja oss om før vi seier noko, og å sila tankane, slik at vi ikkje seier noko vi kjem til å angra på, seier Jørgen.

- Noko stygt?

- Eg trur ikkje det er så mange som seier stygge ting til kvarandre her. Alle er veldig flinke til å tenkja grøne tankar, slår Eline fast.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg trur nok det var ein del som hadde nokre raude tankar på veg til skulen i dag, seier Jørgen og refererer til det glatte føret, og bussen som var seint ute.

Hjelper kvarandre vidare

Nore Fusa oppvekstsenter har ein ny visjon, nemleg at alle elevane skal vera best rusta for framtida. Ha det bra-veka er eitt av tiltaka i den nye visjonen.

- Alle har ei psykiske helse. Det er like naturleg som den fysiske helsa vår. Ha det bra-veka handlar om å ha det bra i lag med dei andre elevane, men kanskje aller mest om å ha det bra med seg sjølv, fortel Steinsland-Hauge.

Medan dei eldste borna har fått to figurar, ein grøn og ein raud, som skal hjelpa dei å konkretisera dei ulike kjenslene sine, har dei minste fått bamsar.

- Vi snakkar om fire grunnkjensler: Glede, sorg, frykt og sinne. Det er eit relativt enkelt opplegg, men det er effektivt. Det gjer elevane meir bevisste på kva kjensler dei har, seier rektoren og legg til:

- Elevane lærar at det er greitt å verta lei seg og sint. Samstundes får dei nokre verktøy som gjer det enklare å koma vidare og å snu dei raude tankane til grøne. Alle snakkar det same språket, og elevane veit korleis dei skal hjelpa kvarandre.

Del av kvardagen

I løpet av veka har elevane hatt rollespel og leikar, kantine i gymsalen kvar dag, lært seg Klovner i Kamp sin song "Langt å gå" og laga kvar sine grøne hender som skal hengja i mediateket heile året.

I klasserommet til 1. og 2. klasse har elevane teke seg ein liten pause i arbeidet. 6- og 7-åringane byggjer lego før det er tid for friminutt og leik i snøen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Vi har jobba mykje med å setja ord på kjenslene våre, og å ikkje gå å bæra på ting inni oss, men heller fortelja det til nokon ein stolar på, fortel lærar Elin Johnsen.

Før avisa kom på besøk heldt elevane på å fargeleggja. Figurane på bileta syner ulike kjensler, som elevane skal fortelja om.

- Han er sur fordi han måtte ta oppvasken, og ho er lei seg fordi marsvinet hennar har døydd, fortel Mathea Eikeland.

Veka vart avslutta med pysjdag. Då koste elevar og tilsette seg litt ekstra.

- Grøne og raude kjensler kjem til å verta ein naturleg del av kvardagen vår. Figurane kjem til å vera synlege i klasseromma til ei kvar tid, og vi kjem til å repetera tankegangen frå tid til anna for å halda det varmt, fortel Steinsland-Hauge.