Rektor ved Kuventræ skule, Olav Røttingen, kjem til å sakna Bjørg. - Det er rart at ho ikkje er ved skulen lenger. Ho er blitt spurt til råds om mykje, og hadde alltid nokre triks i ermet, seier Røttingen.
Rektor ved Kuventræ skule, Olav Røttingen, kjem til å sakna Bjørg. - Det er rart at ho ikkje er ved skulen lenger. Ho er blitt spurt til råds om mykje, og hadde alltid nokre triks i ermet, seier Røttingen.

- Har satt djupe spor

Rektor ved Kuventræ skule, Olav Røttingen, fortel at Bjørg kjem til å bli sakna og at ho har satt djupe spor etter seg.

- Bjørg har vore her sidan skulen var ny. Ho er den siste av dei som var med den gongen, som no gjev seg. Det er spesielt, seier Røttingen og held fram:

- Bjørg har jobba med spesialpedagogikk i lang tid. Ho har tålmod og evne til å sjå framskritt i sjølv dei minste situasjonar, i tillegg til at ho har vist stort tålmod med dei som slit med å lesa og skriva. Erfaringa som Bjørg har, er det ingen av oss andre som kan visa til. Heldigvis har ho vore flink til å vidareformidla og delt mykje kunnskap. Vi har brukt ho så godt vi kan, særleg den siste tida.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hadde mange triks i ermet

- Kva tenkjer du om dei gode orda ho kjem med til kollegaar, og dei tre rektorane, inkludert deg?

- Det er veldig hyggeleg. Eg vil seia at for å vera gode leiarar, så treng vi gode medarbeidarar. Det er ein spesiell kultur på Kuventræ, der medarbeidarane er flinke til å støtta og dela med kvarandre. Det gjer det lettare å vera leiar, seier Røttingen.

Rektoren fortel at leiarane er avhengige av medarbeidarar som spelar dei gode. Bjørg var så absolutt ein av dei.

- Det er rart at ho ikkje er her lenger. Ho er blitt spurt til råds om mykje, og hadde alltid nokre triks i ermet. Det er mange som har fått mykje kunnskap frå Bjørg, som heldigvis skal jobba her i mange år vidare. Livet går alltid vidare, men eg kjem til å sakna Bjørg. Ho er ein hyggeleg og ikkje minst god person, seier Røttingen.