Jorunn Oldervoll, Bjørg Fossmark, Marit Tysseland og Grete Solheim debuterte på catwalken på tysdagens moteshow.
Jorunn Oldervoll, Bjørg Fossmark, Marit Tysseland og Grete Solheim debuterte på catwalken på tysdagens moteshow.

Headhunta frå Samnanger

Veninnegjengen frå Samnanger reiser ofte til Osøyro, og Madam Ane, for å handla. Tysdag debuterte dei på catwalken i Kløvertun.

Då arrangerte butikkane i Os sentrum, med Tove Tvedt Skarstein i spissen, klubbkveld med moteshow.

- Det var utruleg kjekt, seier Grete Solheim etter at showet er vel blåst.

Artikkelen held fram under annonsen.

Saman med veninnene Bjørg Fossmark, Marit Tysseland og Jorunn Oldervoll har ho teke turen frå Samnanger. Men firkløveret nøydde seg ikkje med å oververa showet frå salen. Damene, som fekk tilnamnet "Fjorden ladies" frå konferansier Geir Magne Johnsen, svinga seg på catwalken som om dei ikkje hadde gjort anna.

- Det var litt skummelt òg, men vi ramla heldigvis ikkje ned, seier Tysseland og smiler.

Titt og ofte reiser damene i samla flokk frå Samnanger til Osøyro for å handla. Dei må alltid innom Skarstein hjå Madam Ane.

- Det var sånn vi hamna her, seier dei og ler.

- Vi dreg og handlar dei dagane vi ikkje har noko anna å gjera. Dagen går med. Vi drikk kaffi, skravlar, koser oss og ler fælt, seier Solheim.

Får firkløveret spørsmål om å stilla på catwalken igjen, så veit dei kva dei skal svara.

- Ja, då, no har vi jo trening, seier Solheim.

- Det er kjekt når det er vanlege folk med, ikkje berre sylslanke modellar, legg Tysseland til.

Artikkelen held fram under annonsen.

Klubb for alle pengane

Konferansier Geir Magne Johnsen opna ballet med å fortelja at han kom til å fungera som kveldens Jan Thomas. Johnsen spurte òg dei frammøtte damene om det var nokon som gjekk i klubb, og vart møtt nærast av ein hånlatter.

- For eit spørsmål, la han til etter at responsen frå publikum hadde lagt seg.

Kveldens tema var klubb, og i tillegg til moteshow på catwalken, stilte Katrine Brattfjell Heggland frå Nordisk Rom, for å fortelja om korleis ein kan dekkja bordet når ein skal invitera veninnene på treff.

Heggland fokuserte på norske produkt, og hadde til dømes valt eit ullpledd til duk.

- I denne klubben er det nemleg ingen som griser, sa ho og smilte.

Bente Bratlund las dikt om søsterskap, medan Andrea Ådland og Mathias K. Nygård frå Kongshaug musikkgymnas imponerte med songprakt og gitarspel.

Frank Bruarøy hadde laga klubbmat, og var til stades på klubbkvelden for å informera om det nye kafékonseptet han skal starta i lag med Berit Nordstrand.

- Vi startar opp etter nyttår, og kjem mellom anna til å servera dessertar ein kan eta kvar dag med godt samvit, sa Bruarøy og la til:

Artikkelen held fram under annonsen.

- Oppskrifter ein kan ta med heim, er også ein del av konseptet. Ønskje vårt er å spreia kunnskap om mat.

Bruarøy kom med eit godt døme på nettopp det, før han forlet podiet.

- Eg serverer alltid poteter med skal. Ein skal ikkje tukla med naturen og fjerna skalet på gulrøter, poteter og eple. Då må du heller eta skalet, og kasta resten, sa han.

Kvelden vart avslutta med loddtrekning på billettane, før dei som ønskte det kunne ta seg ein handletur i sentrum.

- Vi held ope til den siste kunden har gått heim, påpeika Skarstein.