Gjenoppbygginga held på framleis og det vil nok ta lang tid før både vegar og hus er bygde opp att.
Gjenoppbygginga held på framleis og det vil nok ta lang tid før både vegar og hus er bygde opp att.

Hegglandsdalen skule samla inn pengar til jordskjelvråka

Jordskjelvet i Ecuador i april var den verste katastrofen som har råka landet på 30 år. Hegglandsdalen skule og fleire andre har bidrege med midlar til det krevjande oppbyggingsarbeidet.

Jordskjelvet som trefte kysten av Ecuador 16. april vart målt til 7,8 i styrke. I følgje styresmaktene er dette det kraftigaste skjelvet som har råka Ecuador sidan 1979. President Rafael Correa var tidleg ute og erklærte 60 dagars unntakstilstand og ba folk om å gje matvarer, tepper og klede til dei som var råka. Det vart tidleg meldt om mange tusen sakna og skadde, og situasjonen var uoversiktleg.

Samanraste skular

Norsk Folkehjelp sitt regionskontor for Latin-Amerika ligg i Equador og vi har vore til stades her sidan 1985. Vi var tidleg ute for å kartlegga kva vi og partnarorganisasjonane våre kunne bidra med av hjelp til jordskjelvofra. To av våre ecuadorianske partnarorganisasjoner Union of Peasant Organizations of Esmeraldas (UOCE) og National Agrarian Coordinator "Eloy Alfaro" (CNC-EA) var raskt ute på landsbygda med hjelp til å organisera innsamling av klede, mat og pengar. Dei har også bidrege med skulesekkar til born, gjeve opplæring i førstehjelp til born og unge, og dei har fått i gang undervisning i provisoriske bygningar.

Artikkelen held fram under annonsen.

No i sommar skal skular som er raste saman i fleire landsbyar byggjast opp med hjelp frå desse partnarane. Dei har også vore sentrale aktørar i planlegginga av oppbyggingsarbeidet og i påverknad ovanfor lokale og nasjonale styresmakter.

Bølgje av solidaritet

Katastrofa starta ei bølgje av solidaritet, blant folk og redningsmannskap frå heile Latin-Amerika. Frå El Salvador reiste 25 ekspertar i søk og redning, blant dei var det sju frivillige frå Norsk Folkehjelp sin søsterorganisasjon i El Salvador, Comandos de Salvamento.

Desse sju profesjonelle redningsfolka er ein del av ei beredskapsgruppe som er spesialtrent for søk og redning i byar der bygningar har rast saman, for eksempel etter jordskjelv.

Jordskjelvet øydela heile landsbyar, og var årsak til enorme skader på byane langs nordkysten i Ecuador.
Jordskjelvet øydela heile landsbyar, og var årsak til enorme skader på byane langs nordkysten i Ecuador.
I følgje styresmaktene er dette det kraftigaste skjelvet som har råka Ecuador sidan 1979.
I følgje styresmaktene er dette det kraftigaste skjelvet som har råka Ecuador sidan 1979.
Talet på omkomne nådde 661, 12 er enno ikkje funne og over 6.000 vart skadde under skjelvet.
Talet på omkomne nådde 661, 12 er enno ikkje funne og over 6.000 vart skadde under skjelvet.

Dei var blant dei fyrste som kom til Ecuador og vart straks sendt til Manabi-provinsen ved kysten, medan det framleis var mogeleg å finna folk i live. Deira hovudoppgåve var å ta seg inn i øydelagde bygg og søka etter sakna. Diverre fann dei ingen overlevande. Dei frivillige jobba lange og utmattande økter. Det var få timar med søvn, lite mat, og, ikkje minst, sterke inntrykk som prega dei alle.

Verste på 30 år

Nærare 200.000 kroner er samla inn frå privatpersonar, skular, som Hegglandsdalen skule, og fagrørsla til dette viktige arbeidet.

Jordskjelvet øydela heile landsbyar, og var årsak til enorme skader på byane langs nordkysten i Ecuador. Berre i kystbyen Pedernales, som har 55.000 innbyggarar, vart så mykje som 80 prosent av bygningane lagt i ruinar. Talet på omkomne nådde 661, 12 er enno ikkje funne og over 6.000 vart skadde under skjelvet. Dette er den verste katastrofa landet har opplevd på 30 år. Gjenoppbygginga held på framleis og det vil nok ta lang tid før både vegar og hus er bygde opp att.

Norsk Folkehjelp takkar for den viktige solidariske støtta - både økonomisk og moralsk - som de har gjeve til hjelpearbeidet etter jordskjelvet.

Ei stor takk til elevar og lærarar på Hegglandsdalen skule som har gjort ein flott jobb for å hjelpa menneske i naud.

Artikkelen held fram under annonsen.

Åse Vaksinen Sælensminde

Norsk Folkehjelp