Sverre Lunde Pedersen sette naturleg nok den første banerekorden på Os internasjonale barneskeisebane.
Sverre Lunde Pedersen sette naturleg nok den første banerekorden på Os internasjonale barneskeisebane.

Heimom i Os for å opna skeisebane

- Det kjem gjerne fram fleire skeisetalent frå Os etter dette stuntet, sa Sverre Lunde Pedersen då han opna skeisebanen på Telthusplassen laurdag.

Den intime vesle skeisebanen er plassert kant i kant med Baronselva på Telthusplassen. Alt i alt er banen 35 kvadratmeter stor.

- Det må nesten vera ein kortbane dette her, seier Sverre, før han kjapt legg til.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Men du skal ikkje sjå bort frå at eit talent eller to tek sine første skeisetak på glatta her denne månaden.

Det er kultureininga i Os kommune som har sett isbane-tilbodet ut i live. For osingar som ønskjer seg ein tur er isbanen på Telthusplassen open og tilgjengeleg ut desember månad.

- Ettersom underlaget er laga av plast vil banen vera tipp topp i heile desember. I alle høve dersom me er flinke til å bona han, smiler Kjetil Osablod Grønvigh i kultureininga i Os kommune.

Næringssjef Daniel Skotheims son Lars (3) var førstemann ut på isen (plasten) av borna. Her med godt støtta av mor.
Næringssjef Daniel Skotheims son Lars (3) var førstemann ut på isen (plasten) av borna. Her med godt støtta av mor.
Åsmund Lien og familien var på plass i skeisebane-teltet laurdag.
Åsmund Lien og familien var på plass i skeisebane-teltet laurdag.
Kjetil Osablod Grønvigh kunne fortelja at han i samarbeid med William Lindborg fekk ordna telt over banen etter striregnet fredag kveld.
Kjetil Osablod Grønvigh kunne fortelja at han i samarbeid med William Lindborg fekk ordna telt over banen etter striregnet fredag kveld.

Teltstunt i siste liten

Kulturleiar Lisbeth Axelsen fekk æra av å seia nokre velvalde ord i samband med opninga. Ho døpte banen for Os internasjonale barneskeisebane.

Osablod Grønvigh kunne røpa at dei hadde ordna telt over banen i siste liten.

- I utgangspunktet skulle det vera ein uteplass dette her, men med det regnet me hadde i går, fann me ut at me måtte gjera noko. Me ringde William Lindborg og fekk låna hans gamle Rock'n'Lol-telt. Du kan trygt seia at William starta litt på arbeidet som leiar i Os Sentrumsforening i går kveld, fortel Osablod Grønvigh.

Trå sesongstart

For Sverre Lunde Pedersen var skeisebaneopninga i Os eit hyggjeleg avbrekk etter ein litt tung sesongopning denne hausten.

- Det har vore ein tøff start med to V-cup-helgar i Asia. Eg har vore tung i kroppen og ting har ikkje klaffa heilt, vedgår 24-åringen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rett nok vart det ein andreplass i lagtempoen i V-cup 1 i Habin i Kina, men individuelt har det gått noko trått.

- Eg brukar ikkje vera nokon rasar på denne tida av året, men denne gongen har det gått litt dårlegare enn venta. Eg trur kanskje me køyrde den tunge treninga litt for tett inn mot sesongstarten. I tillegg tenkjer eg at reisinga til Kina og Japan tok meir på enn me hadde føresett, seier Sverre.

På isen på Telthusplassen var 24-åringen uansett pigg, og tok både langsidar og svingar med klassisk bøya nakke og ein-svinga arm.

- Koseleg denne banen her. Om dette vert vellukka lagar dei kanskje til ein endå større neste jul, smilte skeisaren.