Amandas fot har blitt sitjande fast under ein Åsane-spelar. Foreldrekontakt Jorun-Elin Dahl kjem hjelpende til.
Amandas fot har blitt sitjande fast under ein Åsane-spelar. Foreldrekontakt Jorun-Elin Dahl kjem hjelpende til.

Her kan Lerum Cup vera over for Amanda (13)

Søre Neset-jentene kjempa tappert i dagens tøffe kamp mot Åsane.

Berre nokre sekund etter kampstart på Kaupanger stadion blir det mål til Søre Neset J13.  Begeistringa er stor blant både spelarar og foreldra på sidelinja. 

– Eg har gitt dei rådet: ”Berre skyt”. Det ser ut til å funka, ler foreldrekontakt Jorun-Elin Dahl. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho er høgt og lågt under heile kampen. Heiar, trøystar og motiverer ilag med trenarane Lene Jensen og Edvard Ramsvik.  I tillegg får dei god hjelp av  ein særs engasjert gjeng med innbytarar.

”Heia Sara! Heia Frida! Heia Helle!” 

Jentene på benken gjer alt dei kan for å halda motet oppe hos lagveninnene på banen. Spesielt når måla begynner å koma imot.

Keeperen kjem seglande inn på lagbiletet i pausen. Du ser at denne gjengen, som er 17 stykker når dei er fulltallige, har det kjekt ilag.
Keeperen kjem seglande inn på lagbiletet i pausen. Du ser at denne gjengen, som er 17 stykker når dei er fulltallige, har det kjekt ilag.
Trenar Lene Jensen instruerer gjengen i pausen.
Trenar Lene Jensen instruerer gjengen i pausen.
SNIL har verdas beste heiagjeng på innbytarbenken.
SNIL har verdas beste heiagjeng på innbytarbenken.
Jentene gjer seg klare til å hoppa innpå.
Jentene gjer seg klare til å hoppa innpå.
Søre Nesets nummer 3 nokre sekund før ho krangla ballen i mål.
Søre Nesets nummer 3 nokre sekund før ho krangla ballen i mål.
Freia (13) har fått ein smell i kneet og må hjelpast av banen. Foreldrekontakt Jorun-Elin Dahl er kjapt på plass.
Freia (13) har fått ein smell i kneet og må hjelpast av banen. Foreldrekontakt Jorun-Elin Dahl er kjapt på plass.

Likevel er SNIL-keeperen synleg frustrert. Det er tøft å vera siste skanse når ein vert liggande under.

Så spennande at det gjer vondt

I pausen stiller dei seg i ring og ventilerer. Nokre av jentene synest Åsane-spelarane knuffar vel mykje. Trenar Lene nikkar.

– Men de skubbar vel også litt, gjer de ikkje?

Dei ler og nikkar. 

Jorun-Elin deler ut klemmar og oppmuntringar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg trur ikkje du finn maken til lag. Dei tapar ofte, men har eit suverent humør. 

Nokre timar tidlegare har dei tapt knepent for naboane Os J13.

– Akkurat det var litt ekstra surt, for då spelte dei jo mot jenter dei kjenner godt. Men så går det ti minutt, og så har dei rista det av seg. 

Jorun-Elin storkosar seg som mor og foreldrekontakt på cup. Det einaste problemet er at ho blir altfor engasjert under kampane.

– Ja, eg har vondt i heile kroppen fordi det er så spennande, ler ho.

Ut med skader

I andre omgang må foreldrekontakten trå til ekstra både ein og to gonger. Fyrst får Freia ein smell i kneet og må hjelpast av banen.

– Det gjer skikkeleg vondt, men eg trur eg kan spela igjen om litt, seier ho og tørkar tårene.

Nokre minutt seinare vert Amandas fot ståande fast under ein Åsane-spelar og 13-åringen går ned for telling og har tydeleg vondt.  Ho hinkar av banen mellom Jorun-Elin og mamma. Tårene renn i frustrasjon og  smerte.

Artikkelen held fram under annonsen.

Trenarane hentar is og hjelper henne av med skoen. 

– Trur du at du kan spela fleire kamper under cupen her?

– Eg veit ikkje, seier ho ærleg. 

– Det gjer veldig vondt no i alle fall.

Mina frå Os J13 kjem bort for å trøysta.

Ho går sjølv på krykker på andre veka etter ein liknande skade. Jentene har gått i same klassen på Lunde skule og er gode vener sjølv om dei spelar for kvar sitt lag.

– Os er det beste laget, sjølvsagt, ler Mina.

Amandas kamplyst vaknar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nei, ikkje tale om. Søre Neset er best, ler ho.

Dagens beste råd

Når kampen er over har Søre Neset tapt med fleire mål. Skuffelsen sit i andleta, men går fort over når dei begynner å snakka om kva som ventar på dei i nabobygda Sogndal; nemleg shopping, tivoli og taco.

– Oppskrifta på ein vellukka cup er lite søvn og masse snop, ler Jorun-Elin. 

Det er kanskje det beste og mest ukorrekte rådet vi har høyrt nokon gong.