Det vart trongt om plassen då Ella Marie Brekke Vangsnes heldt foredrag om Fusa-dokteren Kari Øpstad.
Det vart trongt om plassen då Ella Marie Brekke Vangsnes heldt foredrag om Fusa-dokteren Kari Øpstad.

Historia om Kari Øpstad trekte fulle hus

Det vart trongt om plassen i lokalet; bortimot 100 deltakarar sat nesten som sild i tønne. På programmet stod Ella Marie Brekke Vangsnes sitt foredrag om Fusa dokteren Kari Øpstad. To flinke kvinner delte på æra for det store oppmøtet i Bedehuset.

Ella Marie brekke Vangsnes innleia si forteljing om den kvinnelege legen ved å skissera tilhøva for kvinner generelt på ein plass som Fusa-bygda der Øpstad voks opp.

Heilt andre tider

Det var heilt andre tider. Sjølv om kvinner på hennar tid kunne utøva yrke som jordmor, lærar, handelskvinne, sydame, meierske, telefondame, kokke, vaskehjelp eller fabrikksarbeidar, var det mest bondekvinner.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kari Øpstad var eit barn av det gamle bondesamfunnet, fortalde Brekke Vangsnes. Og bondekvinner arbeidde kvar einaste dag, også sundag. Dei tok alt 'kvinnearbeid', men om det trongst, tok dei også på seg mannsarbeid. Menn gjorde berre mannsarbeid. Mens kvinnene mjølka kyrne, var det få menn som kunne mjølka.

Alt innearbeidet var kvinnearbeid. Matlaging med 5-6 måltid for dagen, barnestell og omsorg for eldre, kleslaging og veving av åkle. Det var mykje vassbering, både inn og ut, til klesvask, oppvask og golvvask. Vatn måtte berast frå kjelda, tunge mjølkespann frå setra. Kvinnene blei sterke av alt tungt arbeid, og ein mann sa ein gong: Hadde eg ei så sterk kone som naboen, så skulle eg sleppa hest!

Det er ingen som kan mæle seg med kvinnfolk

Kari Johanne Øpstad vart fødd i 1890 på ein av Øpstadgardane ovanfor Fusa kyrkja. Då ho var ei lita jente døydde mora i barsel. Ho voks opp med ein far og tre brør. Heldigvis var faren fram for si tid med tanke på kvinner. Han sa: "Det er ingen som kan mæle seg med kvinnfolk når dei er av rette slaget".

Kari Øpstad hadde sjølvironi, sa Ella Marie Brekke Vangsnes, og var ei festleg dame. Men óg eit kompromisslaus losjemenneske.
Kari Øpstad hadde sjølvironi, sa Ella Marie Brekke Vangsnes, og var ei festleg dame. Men óg eit kompromisslaus losjemenneske.
Kari Øpstad hadde ein enorm arbeidskapasitet. Ho reiste ut til sjuke i all slags ver. Med bil eller i båt. Nokon gonger kunne ho vera 'stivfrosen' når ho kom fram.
Kari Øpstad hadde ein enorm arbeidskapasitet. Ho reiste ut til sjuke i all slags ver. Med bil eller i båt. Nokon gonger kunne ho vera 'stivfrosen' når ho kom fram.

Han blei ein viktig person for Kari, og om han var streng, kunne han òg gje henne frie tøylar. Når faren og brørne var ute i arbeid, kunne ho finna på å laga ting til seg sjølv. Ho laga seg ski av tønneved eller snekra ei dokkestove; faren sa ingenting om det.

I tidleg alder blei Kari Øpstad engasjert for målsaka, og 'landsmål' tala ho heile sitt liv. Men i møte med pasientar brukte ho språket som dei brukte. Ho var ein engasjert elev og las dei avisene som faren heldt. Så sette ho seg som mål å bli lege, og etter å ha vore elev i framhaldsskulen i Fusa, folkehøgskulen i Fana og gymnas på Voss, fekk ho i 1914 koma inn på det medisinske fakultet i Oslo. Då var det berre to år siden kvinner fekk rett til å bli innstilt i embetet som dei blei utdanna i.

Ingen enkel veg

Det blei ingen enkel veg for unge Kari, for ho missa fire år av studiet på grunn av alvorleg sjukdom. Men i 1923 kunne ho endeleg ta til i det medisinske embetet. I 1924 fekk ho stillinga som kommunelege i Samnanger, der ho blei til 1931. Årsløna var kr. 4.000.

I 1925, eitt år før den fyrste bilen kom til Fusa, hadde dokteren skaffa seg førarkort. Kari Øpstad køyrde bil i 50 år.

Så blei ho i 1938 headhunta til Fusa, noko ho kvidde seg for. Ho ville "heller til nordpolen", skal ho ha sagt.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Men folket ville ha henne, sa Ella Marie, og slik blei det.

Fusa prestegard blei doktergarden. Der var ho lege til ho gjekk av for aldersgrensa. Ho forblei ugift - sjølvstendig arbeidande kvinner måtte bli ugifte i den tida - og arbeidde 80 timer i veka. Det kunne ho aldri ha klart, om ho ikkje hadde hatt hjelp av Inga Storli.

Inga hadde vore hushalderske på prestegarden, og blei assistent då doktoren flytta inn. Det blei ein fulldøgnsjobb som ho heldt i 36 år. Då fekk ho kongens fortenestemedalje i sølv.

Enorm arbeidskapasitet

Kari Øpstad hadde ein enorm arbeidskapasitet. Ho reiste ut til sjuke i all slags ver. Med bil eller i båt. Nokon gonger kunne ho vera 'stivfrosen' når ho kom fram. Ho hadde etter kvart faste skysskarar, som til dømes måtte køyra henne over isen på Henangervatnet. Det var ikkje veg der enno.

Det var mykje tuberkulose ho møtte, før penicillin vart oppdaga og vaksinering blei innført. Reinsligheit var nok ei utfordring tidlegare; dokteren sa i eit intervju at ho fann "mykje ufyseleg oppvask" i heimane.

Kjend blei ho også som motstandskvinne. Ho spreia beskjedar mens ho køyrde på sjukebesøk. Og ho berga den jødiske guten Edgar Brichta som hadde kome frå Tsjekkia med Nansenhjelpa. Fengsla blei ho då ho vart oppdaga med radioapparat på garden. Då sa ho at det var godt at ho no endeleg fekk kvila, for ho var så trøytt.

Ho hadde sjølvironi, og var ei festleg dame. Men òg eit kompromisslaus losjemenneske som prøvde å skaffa dei mange alkoholikarane som ho fekk i sin praksis, eit betre liv. Veldig opptatt med samfunnssakar var ho, glad i ungar og i hunden sin, Eir.

Døydde i ulukke

I 1964 gav Kari Øpstad seg som lege. Då flytta ho til Laksevåg og begynte med ein privat praksis på Minde. I 1974 døydde ho 84 år gamal i ei trafikkulukke på veg til apoteket for å hente medisinar til ein pasient.

Artikkelen held fram under annonsen.

Då Ella Marie Brekke Vangsnes hadde avrunda sitt foredrag, kom fleire fusingar fram til podiet for å fortelja sine minne om den legendariske doktoren. Me fekk vita at Knut Skåtun hadde vore med Øpstad på doktersbesøk fleire gonger der også Edward Brichta var med.

Olav Dale hadde vore behandla av "tannlege" Øpstad, som hadde brukt ei diger tong til å trekkja ei vond tann.

Rørande minne

Rørande var minnet til Ingebjørg Ragnhildstveit. Ho hadde overlevd då ho var 10 år og låg veldig sjuk, takk vere den dyktige legen, sa ho.

Legen var på veg til ein annan pasient, men då mor til Ingebjørg ba henne innstendig om å koma til dottera, hadde Kari Øpstad snudd bilen, undersøkt jenta og sendt henne til sjukehus. Det hadde berga hennar liv . . .

Me får vel seie på ekte fusisk: Dette foredraget var gasta greie!

Bjørghild des Bouvrie

Fusa senioruniversitet