Søndagens arrangement er eit resultat av ein stor dugnad og gjevarglede der alle involverte stiller opp gratis og der alt som kjem inn denne kvelden, uavkorta går til hjelpearbeid til syriske flyktningar.
Søndagens arrangement er eit resultat av ein stor dugnad og gjevarglede der alle involverte stiller opp gratis og der alt som kjem inn denne kvelden, uavkorta går til hjelpearbeid til syriske flyktningar.

Hjartevarme og gjevarglede for Syria

Søndag vert det stordugnad for Syria i Kløvertun. Marco Elsafadi held føredrag, og Myrna Braza og fleire lokale artistar stiller opp.

- Vi høyrer kvar dag om dei forferdelege forholda i Syria, og då spesielt i Aleppo, der menneska føler at resten av verda har lukka augene for alt som skjer der, seier ein av initiativtakarane, Tove Tvedt Skarstein og held fram:

- Men det finst eldsjeler, mellom andre familien Elsafadi som har familie og vener i Syria. Søndag kjem Marco Elsafadi og søstera Madeleine til Os, og Marco vil halda eit foredrag til inspirasjon og ettertanke.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mor Elsafadi (Hedye) har engasjert seg i hjelpearbeid i mange år og drog også til Lesvos og var med og hjelpte til der.

- Eg fekk vera med og besøka familien i Syria, Hamas og Damaskus, like før krigen braut ut, og veit at dei kronene vi samlar inn søndag kveld vil koma fram til mange som treng det, fortel Tvedt Skarstein.

Marco vil også signera og selja boka si på arrangementet, og alle inntektene vil gå til innsamlinga.

Myrna Braza er ein av fleire lokale artistar som stiller opp gratis for ei god sak.
Myrna Braza er ein av fleire lokale artistar som stiller opp gratis for ei god sak.

- Vi har òg med lokale krefter innan musikk. Olav Skorpen, Kari Torsvik og Solfrid Hernes vil levera musikalske perler. Og Myrna Braza som vi òg kan kalla osing, vil vera med og spela eit par låtar frå si siste plate.

Tvedt Skarstein fortel at søndagens arrangement er eit resultat av ein stor dugnad og gjevarglede der alle involverte stiller opp gratis og der alt som kjem inn denne kvelden, uavkorta går til hjelpearbeid til syriske flyktningar.

- Ein spesiell takk til gjengen på Kuhnle med Eva Havre i spissen som har organisert, samla inn og jobba mykje med Hjartevarme- og gjevarglede-kvelden.