Brudebatt i kommunestyret i Os.
Brudebatt i kommunestyret i Os.

Hordaland må prioritere gode samferdselsprosjekt

Stortinget skal i løpet av våren vedta ny Nasjonal Transportplan. Hordaland har innan samferdselsektoren kome i bakevja og treng eit solid løft for å sikre trygge vegar og jernbaner, skriv Jakob Enerhaug (KrF).

LESARBREV: Dersom Hordaland skal nå fram, må ein satse på realistiske samferdselsprosjekt med nasjonal betydning, slik som sambandet mellom dei to største byane, Oslo og Bergen.

Vi ber samferdselsministeren prioritere utbetring og rassikring av E16/jernbane Bergen-Voss og sikre at dette blir gjennomført tidleg i perioden på kortast mogleg tid. Vi har som samfunn ikkje råd til å vente med dette prosjektet. Vi må gjere alt som står i vår makt for å hindre tap av menneskeliv på denne svært ulukkes- og rasutsette strekninga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det forventa høge og aukande kostnadsnivået på vegprosjektet E39 Hordfast kan vere med og øydelegge for E16 Bergen-Voss. Dessutan medfører E39 Hordfast midtre trasè uakseptabel øydelegging av verdifull natur i Os og over Bjørnafjorden. Vi ber difor samferdselsministeren om å stogge utgreiinga for E39 Hordfast midtre trasé og å heller gjera ny og vidare utgreiing om Hordfast indre trasè tilpassa trafikkmengda. Utgreiinga av indre trasè bør inkludere kopling av Hordfast mot Ringveg Aust og E16.

Jakob Enerhaug

Gruppeleiar

Os KrF