Grilling av pølser og pinnebrød utanfor hytta.
Grilling av pølser og pinnebrød utanfor hytta.

Hyttetur til Steindalssætra

Laurdag arrangerte Barnas Turlag Os sin årlege hyttetur til Steindalssætra. Me var 15 born og 11 vaksne, som var både spente og veldig klare for hyttetur.

Då me kom fram til hytta, var alt den eine turleiaren på plass. Det var full fyr i bålpanna og ungane var ikkje snauare enn at dei fann fram pølser, pinnebrød-deigen, og til slutt marshmallowsane.

Etter maten leika ungane rundt hytta ei stund. Dei herja i bekken ved hytta, og det var ikkje reint få sko og støvlar som måtte gje tapt for det våte element. Men dette problemet delegerte dei små håpefulle utan hemning til sine oppassarar. Dei restaurerte òg den gamle gapahuken, så denne kunne brukast som soveplass for dei som trengte det.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skattejakt

Etter kvart vart det sett ut eit rykte om at det fanst ein skatt i hytta. Det var nokon som hadde "inside information" om kvar skatten etter sigande var gøymd, men han var likevel ikkje å oppdriva, i alle fall ikkje enno.

Fiske

Då det lei mot kveldinga, var det på tide å fiska litt og setja garn. Me fylte to båtar, og fiskarane sette eit garn kvar. Me forsøkte også fiskelukka med stong, men fiskelukka var ikkje med oss den dagen. Men spenninga var stor om me kom til å få noko dagen etter.

Festmat og skattejakt

Så var det på tide med matlaging. Me laga tradisjonell norsk festmat, som me stort sett alltid får i alle bryllaup og på 17. mai: Betasuppe.

Då maten var ete, var det på tide med skattejakt. Ungane heiv seg over det første skattekartet, og leita febrilsk etter skatten. Etter mange omvegar, fann dei til slutt neste post, nedgravd ikkje langt frå hytta. Så bar det vidare opp i eit tre, og inn i muren på hytta. Endeleg fann dei det siste kartet. Då var det eit fantefølgje utan like som sprang gjennom hytta på jakt etter den sagnomsuste skatten. Då dei endeleg fann han, var gleda stor.

Deretter vart det litt (mykje) laurdagsgodt, og etter det gjekk dei fleste ungane på hemsen og la seg. Der blei det sikkert fortalt både hemmelegheitar og historier om spøkelse.

hdkjhqwkld

Neste dag vakna ungane tidleg som vanleg, og det gjekk ikkje lang tid før spørsmålet kom om me kunne gå å trekkja garnet. Då skjønte me vaksne at det var berre å hiva innpå frukosten for tolmodet var ikkje så stor blant den yngre garde.

Skuffelsen var stor. Det var ikkje ein einaste fisk som var gått i garnet. Heldigvis var det fort gløymt.

Dermed bar det opp til hytta igjen, og me grilla ein siste gong medan hytta vart vaska.

Artikkelen held fram under annonsen.

Om Steindalssætra

Hytta er opphavleg frå 1813, året før Napoleon fekk sitt Waterloo, og Noreg si grunnlov. Hytta har nok vorte oppgradert og forbetra sidan den gong, men framleis er det ei primitiv hytte, utan korkje vatn eller straum. Hytta er eigd av Os Ungdomslag.

Kjetil Nygård, Barnas Turlag