Når Hålandsdalen/Strandvik mobiliserer eit alternativ, må vi søkja å finna løysingar, og ikkje motarbeida, meiner Dag Kyrre Lygre.
Når Hålandsdalen/Strandvik mobiliserer eit alternativ, må vi søkja å finna løysingar, og ikkje motarbeida, meiner Dag Kyrre Lygre.

Kjære politikarar og gode bygdefolk i Hålandsdalen og Strandvik

Eg forstår at kommunen ikkje kan driva ein liten grendeskule for 75.000 per elev. Men det kan ein privatskule med ei heil bygd i ryggen. Og dei gjer det godt, skriv Dag Kyrre Lygre.

LESARBREV: Vi er fusingar, og har ungane våre i Ølve Montessoriskule. Vi kjenner også fleire fine folk i administrasjonen i kommunen vår.

I Ølve fekk bygda overta det gamle skulebygget for kr. 1,- av Kvinnherad kommune. Foreldre og bygdafolk har lagt ned kring 2.000 dugnadstimar, og trass i store investeringar som nytt kjøkken og handicaptoalett har skulen no ein solid økonomi. Dette på ein skule med under 30 elevar. Det tette samarbeidet mellom skulen og bygda, gjev ein driv, for både lærarar og elevar. Alle er stolte av skulen sin.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vi bur ikkje i Fusa fordi vi vil bu sentralt, men fordi vi elskar bygdene våre. Eg forstår at politikarane ser det vanskeleg økonomisk å drifta mange små skular. Når Hålandsdalen/Strandvik mobiliserer eit alternativ, må vi søkja å finna løysingar, og ikkje motarbeida.

I rådmannen si tilråding om skulebygga, skriv ho at kommunen er pliktig å betale spesialundervising i privatskulane, og at desse har 2,5% høgare utgifter til dette enn dei offentlege. Når dette blir brukt som argument, må det opplysast om at dette er sterkt misvisande. Privatskular har ei større tiltrekking av elevar med spesielle behov, enn den offentlege. Osterøy Montessoriskule har t.d. fått eit godt rykte, og folk trur det er ein spesialskule. Opp mot halvparten av elevane her har spesielle behov. I realiteten trur eg det er motsett, at private skular har mindre behov for eksterne spesialpedagogar. Montessoripedagogikken hadde jo sitt utgangspunkt hos slike elevar, og færre elevar pr. lærar i grendaskulane, gjer at ein kan møta eleven der han er.

Rådmannen skriv også at rammetilskotet til kommunen vert redusert når fleire elevar går på privatskule. Dette er vel kring 75.000 per elev. Eg har ikkje sett nokon tal på kva kommunen sparar i drifting og løn til lærarar, dersom desse skulane vert privatisert. Når skulen i Eikelandsosen må fornyast, kan dette gjerast med fokus på eventuell enkel framtidig utviding. Og såleis gjerast rimelegare.

Eg forstår at kommunen ikkje kan driva ein liten grendeskule for 75.000 per elev. Men det kan ein privatskule med ei heil bygd i ryggen. Og dei gjer det godt.

Ein god arbeidsgjevar veit at kapitalen til bedrifta ligg hos dei tilsette. I Fusa kommune ligg verdiskapinga hos innbyggarane. Ved å engasjera og spela på lag med innbyggarar og bygder vinn alle.

Skal ikkje bygdefolket få overta skulebygget? Det er bygt opp så mykje frivillig innsats og innsamla pengar rundt dette bygget, at dei eig det meir enn nokon andre.

«Du skal ikke tåle så inderlig vel.» Dette er urett, politikarar.

Dag Kyrre Lygre