På ein rosa madrass i Forstrøno-sundet. Kan ein nokon stad betre ha det?
På ein rosa madrass i Forstrøno-sundet. Kan ein nokon stad betre ha det?

Kjærkomen soldag i skjærgarden

Per definisjon hadde me vår første skikkelege sommardag onsdag. Folk var ikkje seine med å finna vegen til sjøen.

«Os og Fusaposten» gjorde det same. Me tok med oss kamera og fekk rekvirert ein båt. Deretter var det berre å lena seg tilbake, trykka på avtrekkaren og samla så mange flotte sommarbilete me over hovudet kunne klara i løpet av dei par timane me var på sjøen.

Skjærgards-idyll

Turen gjekk rundt Øyane, til Halhjem, tilbake via Strøneosen, gjennom Forstrønen-sundet til Ervikane og tilbake mot Øyane. Undervegs unna me oss sjølvsagt ein pit-stop for påfyll, både for båt og mannskap, på den idylliske hamnen på Vedholmen. Her var det verkeleg sommar, slik me helst vil sjå det - yrande folkeliv og stor aktivitet.