Jonas Rotnes og Vetle August Kuven hadde ein glimrande dag på Osøyro.
Jonas Rotnes og Vetle August Kuven hadde ein glimrande dag på Osøyro.

Kjekt for dei små, innbringande for dei store

Jonas (12) og Vetle (12) var nokre av ungane som storkoste seg på Osøyro i dag. Svært gode besøkstal gav også eit kjærkome løft for handelsstanden i sentrum.

Jonas Rotnes og Vetle August Kuven var ikkje i tvil om at det var kjekt å vera på Osøyro under Vårsleppet. I tillegg til klassikarar som hoppeslott og sukkerspinn, arrangerte også Os orienteringsklubb «Finn fram på Øyro», og ein kunne få testa ut elsyklar.

– Og så har me kjøpt krut som me kan kasta i bakken så det smell, fortalde gutane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eit smart trekk gav gjester tidleg

Sentrumssjef William Lindborg var svært nøgd med dagen. Han trur at det var eit smart trekk å byrja dagen med gratis frukost.

– Det var svært vellukka med rundt 150 frukostgjester. Det førte til at det var folk i sentrum heilt frå tidleg på dag. Nokre av dei som selde varer, har jamvel meldt frå om at dei vart utselde, fortel Lindborg.

Som ei frukt av samarbeidet i Bjørnafjorden Matkultur var det også nokre nye matprodusentar på torget. Lottes lefsebakeri, Tvetakjerring og honning frå Sotra, var noko av det osingane kunne gle seg over.

Lykkehjul høyrer med.
Lykkehjul høyrer med.
Henning Heimdal selde miljøvenlege ballonger.
Henning Heimdal selde miljøvenlege ballonger.
Honning frå Sotra var eit nytt produkt på årets vårslepp.
Honning frå Sotra var eit nytt produkt på årets vårslepp.
Frank Bruarøy kunne gle seg over fullt hus på Havneschefen.
Frank Bruarøy kunne gle seg over fullt hus på Havneschefen.
Os musikkforening spelte opp.
Os musikkforening spelte opp.
Bilfritt sentrum fekk leiken tilbake i gatene.
Bilfritt sentrum fekk leiken tilbake i gatene.
Sentrumsleiar William Lindborg var nøgd med dagen.
Sentrumsleiar William Lindborg var nøgd med dagen.

Både Frank Bruarøy på Havneschefen og Bjørn «Bosse» Sigurjonsson på Hanne's kunne gle seg over fullt hus heile dagen.

– Eg sov berre ein time i natt. Det er konfirmasjonsmat å laga også, så eg tok ingen sjansar, fortel Bruarøy.

– Me har hatt rundt 200 gjester i dag, og er veldig godt nøgde. Me feirar eittårsjubileum i dag, og dette var ein perfekt måte å feira på, seier Sigurjonsson.

Selde miljøvenlege ballongar

Henning Heimdal selde 100 prosent plastfrie ballongar. Nyfikne som me er, spurde me Heimdal kva ballongane han selde på Vårsleppet er laga av.

– Det er rein naturgummi. For oss er det viktig å visa miljøansvar, og difor er me heller ikkje med på ballongslepp lenger. På dagar som 17. mai er det også mange andre ballongseljarar som ikkje er like nøye på det, men me har i alle fall bestemt oss for å ta dette på alvor. Våre ballongar er nedbrytbare, og det er ingenting att av dei etter to år. På grunn av dette, er det heller ingen som har føreslått totalforbod mot ballongar i Os, fortel Heimdal.

Artikkelen held fram under annonsen.

ol@osogfusa.no