Os turn handball, her reprsentert ved Camilla Halhjem, Vivi Dang og Vibeke Ingebrigtsen, bydde på ender og kaker på marknaden i føremiddag.
Os turn handball, her reprsentert ved Camilla Halhjem, Vivi Dang og Vibeke Ingebrigtsen, bydde på ender og kaker på marknaden i føremiddag.

Klar-ferdig-svøm!

Vel eitt minutt gjekk det frå endene vart sleppte frå brua ved Landboden til førstemand passerte målstreken.

For tredje år på rad arrangerte Os handball andeslepp på Osøyro ved inngangen til hausten. Denne gongen var lotteriet flytta éin månad fram for å samkøyra moroa med alt det andre som skjedde på Øyro i føremiddag.

- Vi har selt meir enn 1.500 ender, kunne Camilla Halhjem, Vivi Dang og Vibeke Ingebrigtsen opplysa om vel tre timar før startskotet for andeløpet gjekk.

Artikkelen held fram under annonsen.

I tillegg til lodd, sel jentene kaker, muffins og andre godsaker til inntekt for handballgruppa.

- Det har vore ein litt roleg start, men det byrjar å ta seg opp no, fortel Ingebrigtsen.

Lynraske ender

Då klokka nærma seg to byrja det å fylla seg opp på handicapbrygga ved Kløvertun. Nokre stilte seg òg opp ved dei gule husa langs elva. Arrangørane sleit litt med gjerdet som skulle hindra at endene stakk lenger ned i elva, men eit par minutt over to gjekk startskotet som planlagt.

Mykje vatn i elva førte til at endene fór nedover elva i rekordfart, og vel eit minutt etter at dei hamna i vatnet var det heile over.

I alle fall for dei som hadde kjøpt lodd. For arrangørane starta den møysommelege oppryddinga.