Simen Hjelanes og Tore Kleppe om bord i fiskeskøyta Borganes prøver å skaffa seg eit levebrød av fjordfiske.
Simen Hjelanes og Tore Kleppe om bord i fiskeskøyta Borganes prøver å skaffa seg eit levebrød av fjordfiske.

Klare for å håva inn

Saman har dei to kompanjongane på 62 og 28 både erfaringa og pågangsmotet som skal til for å lukkast med fjordfiske i Fusa og langs kysten. - Det er eit utruleg spanande yrke, seier Simen Hjelanes.

Øystein Lid

ol@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

Februarsola står lågt over Hovlandsnuten og held kuldegradene i sjakk ein siste time. Om bord i fiskeskøyta Borganes er det varme i kabinen, og båten tøffar i retning Eikelandsosen.

- Det er tregt fiske nett no, men neste veke set me kursen mot Lofoten. Då kan me fiska torsk for ein halv mill. kroner på berre den turen, fortel Tore Kleppe (62).

Tøff start

I lag med Simen Hjelanes (28) starta han i fjor Borganes Kystfiske, som satsar på lokalt fiske - og altså ein og annan tur nordover. Starten var litt tøff for dei to gründerane.

Det var skikkeleg storleik på denne langa Simen Hjelanes drog i land i fjor.
Det var skikkeleg storleik på denne langa Simen Hjelanes drog i land i fjor.
Som fiskar kan du ikkje hata måker, slik Odd Børretzen gjorde i det vidgjetne diktet.
Som fiskar kan du ikkje hata måker, slik Odd Børretzen gjorde i det vidgjetne diktet.
Tore Kleppe demonstrerer fartøyets autopilot. Den kan t.d. programmerast til å seia i frå dersom båten er på kollisjonskurs med eit anna skip.
Tore Kleppe demonstrerer fartøyets autopilot. Den kan t.d. programmerast til å seia i frå dersom båten er på kollisjonskurs med eit anna skip.
Fiskeskøyta ligg til lands i Osøyro før turen går vidare nordover.
Fiskeskøyta ligg til lands i Osøyro før turen går vidare nordover.

- Fisket begynte veldig bra. Men så var det som om nokon trykte på ein knapp og brått var fisken vekke, seier Simen, og ser ut over ein blikkstille fjord.

Med investeringar i båten og anna utstyr, vart det ikkje akkurat noko overskot første året. Dei anslår å ha fiska for kanskje 200.000 kroner leppefisk, og 200.000 kroner sei og anna fisk til mottaket.

- På eit godt år kan du greitt fiska for 3-4 mill. kroner. Det skal vera fullt mogleg. Men du veit aldri kva årsløn du vil få i dette yrket, seier Kleppe.

- Samtidig er det noko som gjer dette yrket så spennande. Du veit aldri kor mykje fiske du vil fanga på ein dag. Men me må vera innstilte på at det blir oppturar og nedturar. No første året har eg ikkje teke ut ei krone i løn, fortel Hjelanes.

Han driv difor på med anna inntektsgjevande arbeid på si.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fjordfisket tek seg opp att

Tore Kleppe hugsar den tida det myldra med fiskebåtar på fjordane her, og nedgangsperioden som følgde. Sjølv fiska han etter brisling i lag med Lars Berge på 70-talet. Så var det nedoverbakke for næringa med nedlegging av både fiskemottak og foredlingsindustri.

- No i fjor fekk eg ideen til å starta opp att, og då trengde eg nokon å samarbeida med. Investeringane vart for store å bera åleine. Eg kjente til Simen frå før. Me hadde fiska litt etter makrell i lag.

- Eg har kjent Tore sidan han køyrde skulebussen, seier Hjelanes.

Han gjekk naturbruklinja på Fusa VGS og seinare akvakultur. Han har jobba litt med fiskeoppdrett, men fann ut at det vart for stasjonært arbeid.

- Det var eigentleg å vera fiskar som var planen heile tida. Det var nesten som eit kall, seier Hjelanes.

Den nystarta fiskarverksemda er ikkje åleine om å fiska i Fusafjorden. Dei har konkurranse frå mellom anna Stian Helland i Helland Kystfiske, som starta opp for eit par år sidan.

- No ser me at det er litt aktivitet på fjorden att, og det er veldig kjekt å sjå, seier Kleppe.

- Kva trur de er årsaka til at fisket no ser ut til å ta seg litt opp att?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er vel berre eitt godt svar på det: At olja gjekk til ad undas, seier Hjelanes.

- Og så trur eg mange ser at fiskaryrket faktisk er spanande og tøft. Det er ofte godt betalt også, legg han til.

Får råd frå gamlekara i Fusa

Dei er vel nøgde med å ha Fusa som base for verksemda. Ein ting er at dette er heimkommunen for dei båe to, men ei anna sak er at det framleis er eit miljø av no pensjonerte fiskarar som følgjer med frå land.

- Eg vert stadig oppringt av dei gamle som vil høyra korleis det går. Og dei gjev oss råd om kva som er dei beste fiskeplassane, fortel Kleppe.

- Det har vore veldig fint å starta opp i Fusa. Me har fått mange gode råd i oppstartsfasen, seier Hjelanes.

Fusa er sjølvsagt også ein storaktør innan fiskeoppdrett, også dette har vore ein fordel. Borganes Kystfiske og oppdrettsnæringa har hatt gjensidig nytte av kvarandre.

- Me er med i beredskapsteamet til Bolaks og blir kalla ut dersom det skulle skje ei rømming. Me får godt betalt for det, men dessverre blir dei rømte fiskane destruert, seier Tore.

- Er det utfordringar med å fiska sei som har beita på oppdrettsfôr?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Nei, ikkje dersom du behandlar fisken rett. Etter å ha blødd og sløgd fisken må han straks på is. Fisken vert fort blaut elles. Men tilbakemeldinga me har fått frå fiskemottaket er at kvaliteten er svært god, seier han.

- Kva med lusemiddel eller medisinbruk, har det vore noko problem?

- Nei, og det er svært lite brukt i næringa no. Det er varmebehandling som tek knekken på lusa. No kan du eta fisk rett frå oppdrettsanlegget, seier Hjelanes, som har jobba også i denne næringa.

Skeptiske til sal frå båt

I dei lokale fjordarmane har dei fått mest sei, men også brosme, hyse, lange og ein og annan breiflabb. Alt får dei levera til Nordhordland fiskemottak på Radøy. Dei er del av Samvirkelaget Fiskfråfjorden som hentar fisken med bil på kaien, og køyrer til mottaket.

- Det er heilt uvurderleg for oss. Det fungerer kjempegodt. Dei tek i mot all fisken me har, seier Kleppe.

Samvirkelaget er eigt av verksemder i same bransjen, og har som mål å skaffa kortreist fisk til regionen. Men fiskesal direkte frå båt, som Vest-Norges Fiskesalslag nyleg har opna opp for i fylket, har dei mindre tru på.

- Dersom du har fiska 500 kilo sei, så får du aldri selt alt det på kaien. På mottaket får me derimot levert alt, seier Hjelanes.

- Men at ein einsleg fritidsfiskar sel litt fisk frå båten sin, påverkar vel ikkje kor mykje de får selt til mottaket?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Nei, ein fritidsfiskar går fint. Problemet er viss dette blir normalen. Då undergraver det systemet, seier dei.

- Du må hugsa på at det er svært få fiskemottak att. Her rundt Bjørnefjorden har me ikkje eitt einaste att, og me må gjera det me kan for å unngå å mista dei som er att i regionen, seier Kleppe.