Amalie Lindborg Bøyum og Idun Fjeld er klare for sommarleir på Utøya første veka i august.
Amalie Lindborg Bøyum og Idun Fjeld er klare for sommarleir på Utøya første veka i august.

Klare for ny Utøya-leir

Fredag var det fem år sidan terroren på Utøya. Heldigvis går livet vidare. 3. august er mange unge AUF-arar klare for ny leir.

Onsdag 3. august reiser ei rekkje ungdommar frå heile Noreg til årets sommerleir på Utøya utanfor Hønefoss. Leiren varer til søndag 7.baugust.

Blant dei som er med er styremedlem i Os AUF, Amalie Lindborg Bøyum, og leiar i Os AUF, Idun Fjeld.

Artikkelen held fram under annonsen.

Amalie reiser til Utøya for første gong, Idun var med i fjor, då den første sommarleiren vart arrangert på Utøya etter terroren i 2011.

- Det var på ulike plan ei minnerik og spesiell oppleving. Det som skjedde på Utøya i 2011 prega sjølvsagt opphaldet, men sjølv om det var mange vemodige stunder, hugsar eg aller mest det positive og det flotte samhaldet. Det å sjå alle ungdommane sitja i lag rundt bålet, minte meg på kor stor verdi det er i å stå saman, uansett kva som skjer, seier Idun.

Både i år og i fjor stiller ungdom som var på Utøya då skota fall.

AUF sitt mix-lag i fotball har trena på Krohnsminde for å bli godt nok samkøyrde til å banka Rogaland sitt lag under turneringa på Utøy.
AUF sitt mix-lag i fotball har trena på Krohnsminde for å bli godt nok samkøyrde til å banka Rogaland sitt lag under turneringa på Utøy.
Idun Fjeld (med gitaren) opplevde eit svært sterkt samhald under fjorårets leir på Utøya. Osingen gler seg til å koma tilbake.
Idun Fjeld (med gitaren) opplevde eit svært sterkt samhald under fjorårets leir på Utøya. Osingen gler seg til å koma tilbake.

- Det er veldig flott at dei er med. Dette er ein del av historia, og det vert sjølvsagt ein markering rundt dette i år også, fortel Idun.

Skal grusa Rogaland

I år er leirtemaet «Vi bygger landet». Temaet rommar mye interessant, og ikkje minst, viktig politikk.

- Eg gler meg til me skal sitja framfor scenen i den kjente «bakken» og høyra mellom anna Jonas Gahr Støre, Hadia Tajik, Trond Giske og andre topp-politikere når dei talar, fortel Idun.. Til leiren kjem også "Vilde" frå NRK-serien «Skam», forfattar «Hans Olav Lahlum», komikar Harald Eia og mange fleire.

- Det blir mykje kjekt å få med seg, men i tillegg til politikken er sommerleiren til for å skapa gode minner med gamle og nye venner. Grilling, bading i Tyrifjorden, mimring og idyll - med same gode stemninga som AUF har hatt på øya i over 60 år siden, seier Idun.

Litt sportslege aktivitetar vert det også.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Ja, AUF stiller som vanleg med mix-lag i fotballcupen. Me har alt byrja å trena oss, og me har eitt soleklart mål. Det er å grusa Rogaland, avsluttar AUF-leiaren i Os.