Innsendaren ønskjer at eit grønare samfunn skal veksa fram (Illustrasjonsfoto).
Innsendaren ønskjer at eit grønare samfunn skal veksa fram (Illustrasjonsfoto).

Klimastafett - Ver utolmodig!

Takk til Sigbjørn Grønås, professor em. i meteorologi ved universitetet i Bergen, for hans klare innlegg om klimaendringar i avisa 29. juni. Så flott at han tok opp stafettpinnen som Gerd Andersen rekte fram! For det er få andre som veit betre kva klimaendringane vil bety for oss, og som kan forklara klimakunnskap på ein betre måte. Er osingane klare over kva slags eminense dei har blant sine 'naboar'?

Men me treng ikkje alle vera ekspertar for å kunna gjera noko for den viktigaste saka som trugar framtida til born og barneborn. Og folkeslag i utsette område rundt om i verda. Me som er uroa og meiner det går alt for tregt, me óg er viktige. Me er den såkalla 'grasrota'. Vår oppgåve er å seia ifrå!

Artikkelen held fram under annonsen.

Korleis skal me gjera det? Me skal snakka med andre om våre bekymringar. Me kan melda oss inn i foreiningar som snakkar på våre vegner om klimaproblema og dei gode løysingane. Me kan drøfta saka i sosiale media. Og senda inn våre tankar til offentlege media. Til slutt vil nok politikarane våre forstå at me, deira veljarar, ønskjer ei opptrapping! Det er det viktige, for det er den forståinga som manglar. Politikarar flest trur at veljarane ikkje vil ha ein kraftig klimapolitikk. Men det stemmer ikkje. Det er heller omvendt. Studiar viser gong på gong at veljarar er utolmodige over politikarane si nøling. Difor må me heva stemma!

Og så må me heia på alle dei som med oppfinnsamheit og pågangsmot går framføre for å skapa det gode, grøne samfunnet me vil ha for etterslekta. For det er vel det me vil? Og det er vel ikkje så mykje annleis enn kva generasjonar før oss har arbeidd for? Å etterlata landet i betre stand enn då dei overtok etter førre generasjon. Det er ein dugnad som alle kan og bør vera med på. Tenk, viss me vil, klarar me det!

Dette er mitt vesle bidrag i stafetten som Gerd Andersen starta. Det ville vera fint om stafettpinnen blei teke over av ein fusing eller osing, som skriv om eit klimatema. Om kva meir me kan få til, på veg ut av uføret.

Bjørghild des Bouvrie

Organisasjonssekretær i Besteforeldrenes klimaaksjon