Rektor Tor Johannes Hjertnes og avdelingsleiar for Helse, Gunn Totland Moss, poserer saman med arbeidsuniformar og operasjonsfrakker. Haukeland universitetssjukehus og Kysthospitalet sender utstyret med reisefølgjet til Etiopia.
Rektor Tor Johannes Hjertnes og avdelingsleiar for Helse, Gunn Totland Moss, poserer saman med arbeidsuniformar og operasjonsfrakker. Haukeland universitetssjukehus og Kysthospitalet sender utstyret med reisefølgjet til Etiopia.

- Kunne ikkje gjort dette utan Gunn

Rektor ved Fusa vidaregåande skule, Tor Johannes Hjertnes, seier at turen til Etiopia ikkje hadde vore mogleg utan Gunn Totland Moss.

Totland Moss er avdelingsleiar for Helsefag på Fusa vgs. Ho har tidlegare budd og jobba i Afrika, og har eit breitt kontaktnettverk. Dette har ho brukt for å sy saman turen og opplegget for TAF Helse-elevane på skulen.

- Det er ein ære å få senda elevane til Etiopia, seier rektor Hjertnes og held fram:

Artikkelen held fram under annonsen.

- Vi kunne ikkje gjort det utan Gunn, og det nettverket ho har i miljøet. Vi hadde ikkje våga å gjort det då. Det er ei lang reise til eit land der det har vore litt uro. Vi følgjer også Utanriksdepartementets råd, for at det skal bli ei så trygg reise som mogleg. Det er klart at det gjev ekstra tryggleik når vi har ein person som er så godt kjend i området. Det er flott at elevane kan få ein slik tur, som er solid fagleg forankra. Det blir ei reise som eg trur vil påverka dei for livet.

Møter heilt andre sjukdomar

At elevane kan bli sterkt påverka av ein slik tur, kan Totland Moss stadfesta.

- Etter den førre turen i 2015, var det fleire som sa at dei fekk mykje ut av turen og at han gjorde inntrykk. Nokre kommenterte at turen hadde gjort noko med dei i forhold til framtidsplanar. Dei ville vera med og gjera ein forskjell for andre etter denne turen.

Totland Moss har vore fleire gonger til Etiopia og Addis Abeba både i jobbsamanheng og privat.

- Kva er det som ventar elevane?

- Det er ei annleis verd på mange måtar. Elevane er ute i praksis kvar veke, men i Etiopia er det ein heilt annan standard og heilt andre sjukdomar. Dei kjem til ein storby, og det første som slår dei er nok trafikkbiletet. Det kan vera kaotisk, men dei har eit system på det som kanskje er vanskeleg å få auga på. Det er mange menneske over alt. Elles så er det luktar og farger, og språket er sjølvsagt annleis. Elevane skal bli kjende med både kulturen, maten og folket, seier Totland Moss.

Frå regn og kulde til sol og varme

Avdelingsleiaren for helse fortel vidare at ho har brukt sitt kontaktnettverk for å sy saman programmet for turen.

- Først tenkte eg at det må vera relevant. Vi har eit program om helse, men også litt kultur og historie, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Totland Moss ser fram til turen. Det er det tydeleg at elevane gjer også.

- Dei startar å masa om denne turen på første skuledag, fordi det er eit kull som har vore der før, og så har ordet spreia seg på bygda.

Då Os & Fusaposten vitja reisefølgjet måndag var det grått vêr og regnet drypte på elevane då vi tok bilete utandørs. Elevane uttalte at dei også såg fram til å reisa til Afrika for å koma seg bort frå vestlandsvêret. Det gjer også Totland Moss.

- På denne tida av året er det nesten ikkje nedbør i Etiopia. Det er stort sett varmt heile året når sola er framme, men det kan vera kalde netter. Det skal bli kjekt med litt forandring, seier Totland Moss og smiler.

Ein ekstra dimensjon

Elevane på Fusa vidaregåande dreg nytte av at Fylkeskommunen har internasjonalisering som satsingsområde. Utanlandsturen til Etiopia er ikkje eit enkelttilfelle. Det blir arrangert turar til Sverige, Finland, Litauen, Portugal, Tyrkia, Frankrike og Sveits, i tillegg til Etiopia-turen.

- Slike turar gjev ein ekstra dimensjon til utdanninga. Turane er spreidd på mange ulike program, slik at så mange som mogleg får høve til å vera med på ein slik tur, seier Hjertnes.

VISSTE DU AT:

44 prosent av innbyggjarane i Etiopia lever under nasjonal fattigdomsgrense, 41 prosent er underernærte og 39 prosent lever i ekstrem fattigdom.