- Kurt Oddekalv og oss bubilturistar

Kurt Oddekalv teiknar eit bilete av oss bubilturistar som er 'milevis' frå det som rett er. Eg kan ikkje la hans beskrivelse av oss stå uimotsagt, skriv Jostein Djupvik i dette lesarinnlegget.

LESARBREV: Eg ser i «Os og Fusaposten» av 13.juni at Kurt Oddekalv har kasta seg inn i debatten om oppstillingsplass for bubilar på Haugsneset i Os sentrum.

Kurt'n beskriv oss som 'bråkete bubilturistar som står og rusar med aggregata sine'.

Artikkelen held fram under annonsen.

Me er om lag 60.000 norske bubilturistar som lever opp til H.C. Andersens visdomsord: 'Å reise er å leve'. Eg har sjølv køyrd Noreg og dei andre skandinaviske landa på langs fleire gonger, og i tillegg reist gjennom mange andre europeiske land. Og Kurt: Eg har enno til gode å høyra nokon som 'rusar med aggregata sine', slik du påstår. Det er ikkje bra for deg når du kjem med slike påstandar som du gjer her, du må forholda deg til verkelegheita! Og viss nokon skulle vera redd for at eit aggregat blir starta på Os, er mitt enkle råd å etablera oppstillingsplassar med straumuttak!

Me er som sagt omlag 60.000 reiseglade og godt vaksne menneske som veit korleis me skal oppføra oss. Me bråkar verken med aggregat eller på annan måte meir enn andre mennesker, kanskje rett og slett mindre! Me lever tett og har stor respekt for at naboen som bur berre nokre få meter unna gjerne skal kvila eller sova. Eg kjenner meg ikkje på nokon måte igjen i hans beskrivelse som 'bråkete bubilturistar'. Med mange års erfaring som bubilturist vil eg hevda at Kurt'n sin påstand er direkte feil.

Me i Norsk Bobilforening ønsker Os kommune lykke til med tilrettelegging av ny og flott oppstillingsplass på Haugsneset i Os sentrum. Me gler oss til å komma på besøk.

Jostein Djupvik

Leiar i Norsk Bobilforening

Region Vest.