Kven veit kva ordføraren veit?

Det er oppsiktsvekkande om ordføraren oppriktig trur at saka om Osfest primært er eit spørsmål om storleiken på tilskotet. Dette dreier seg om spørsmål kring rettvise, demokratiske og gjennomskinnelege prosessar. Og om tillit, skriv Nils-Anders Nøttseter (MDG).

LESARBREV: I artikkelen om Osfest i Os & Fusaposten 5. mars svarar ordførar Søviknes på kritikken frå opposisjonen. Mellom anna seier han: "Eg synest det er eit overfokus på det som har med sjølve prosessen å gjera, når den eigentlege usemja består i kor mykje Osfest bør få i støtte".

Storleiken på støtten er eitt element i saka. Men Dei Grøne sitt hovudfokus har tydeleg vore på likebehandling og godt beslutningsgrunnlag. No har det også utvikla seg til ei sak om tillit.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kven kjende til honorara?

Journalisten spør om Søviknes visste at eigarane av festivalen tar ut honorar frå Osfest då formannskapet behandla saka. Søviknes svarar "Ja. Det låg jo i papira at det vart ført noko honorar"

Dette er feil. I søknaden låg det aldri rekneskapsført eller budsjettert noko honorar til administrasjon. I dei formelle saksdokumenta kan ein framleis ikkje finna honorarposten, så innbyggjarane og pressa har aldri hatt høve til innsyn i dette. Det var berre å finna i ein epost til dei faste medlemene i formannskapet 11. februar frå ordføraren. Her kunne ein lesa av resultatrekneskapen at nokon hadde blitt honorerte. Men ikkje kven, for kva, eller kor mykje.

Det som derimot var spesifisert i saksdokumenta og som er offentleg tilgjengeleg, er ei oppstilling over mellombels rekneskap for 2015 og budsjett for 2016. Der kjem det ikkje fram eit einaste ord om desse konsultenthonorara, mens posten "løn" er spesifisert til kr. 0.

Ordføraren hevdar vidare at "Eg kunne ikkje svara detaljert på spørsmålet frå Nøttseter om kva som ligg i honorar og rådgjevings-postane i Osfest sitt førebelse rekneskap. Eg hadde ikkje kunnskap om korleis desse postane var fordelt mellom festivalen sjølv og andre eksterne aktørar som har motteke honorar for det dei har gjort for festivalen". Ein ting er at ordføraren ikkje kunne svara detaljert på om honorarposten inneheldt honorar til eigarane av festivalen. Det oppsiktsvekkjande er at han valde å ikkje svara i det heile. I ettertid syner det seg at Søviknes enkelt kunne ha svara at, ja, dei honorerer seg sjølve.

Ordføraren legg òg til: "Men det har vore sagt heilt sidan Osfest vart etablert at ein ser for seg over tid å ta ut honorar". Dette er informasjon eg ikkje har sett nokon plass, korkje offentleg eller i sakspapira, og som heller ikkje har kome fram i løpet av denne prosessen. Det eg derimot finn offentleg om dette står i Bergens Tidende 1. november 2014. I eit intervju med Berg-Olsen spør journalisten:

"- Festivalen drives av et aksjeselskap, Osfest AS, der du eier halvparten. Har dere lønnsbudsjett?

- Nei. Vi driver på frivillig basis. Ingen tar ut lønn."

På Midtsiden 11. august 2015 kjem det fram at heller ikkje Kjetil Bruarøy og Midtsiden, som har fulgt festivalen tett, er sikker på korleis dette er: "Om dei to eigarane tar ut lønn, og kor stor stillingsprosent dei i så fall bruker på å laga festival, veit eg ikkje." Så kor og når ordføraren har hørt det sagt at ein ser for seg å ta ut honorar, veit ikkje eg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ordførar eller fageining?

Ordføraren seier han har vore sakshandsamar og at administrasjonen normalt ikkje utgreier saker der ein skal ta pengar frå formannskapets disposisjonsfond: "Slik er praksis når det gjeld formannskapets disposisjonsfond. Då er eg involvert i førebuinga sidan dette er midlar nettopp formannskapet disponerer, og ikkje administrasjonen".

Men då er det påfallande at neste sak på agendaen i same møte, der ein tek midlar frå same fond, var førebudd på ein annan måte. I saka, nummer 10/2016 om midlar til sikring av Lysøen, låg det saksframlegg frå kultursjef Lisbeth Lunde Axelsen, som også presenterte saka i sjølve formannskapet. Kvifor skal enkelte kultursaker handsamast av kultureininga og nokre av ordføraren, og kven bestemmer kva saker som berre skal førebuast av ordføraren?

Budsjett eller KUP?

Ordføraren er oppteken av at ikkje midlane til Osfest skal eta av dei andre kulturmidlane i kommunen. Vi i MDG er også opptekne av dette. Vi er samstundes svært opptekne av rettferd. Difor har vi heile tida reagert på at desse midlane går nettopp av formannskapets disposisjonsfond og ikkje vert sett i samanheng med dei andre kulturtilskota. Dersom ein meiner at Osfest ikkje skal ta storparten av KUP-potten, bør ein heller arbeida for auka rammer til kultur i samband med kommunebudsjettet. Slik opposisjonen gjorde i sitt budsjettforslag, med 300.000 ekstra til kultur.

Antikorrupsjon og tillit

Noko av det første Dei Grøne gjorde i kommunestyret var å fremja forslag gjennom alternativt kommunebudsjett om at Os kommune skulle melde seg inn i Transparency International - ein organisasjon som arbeider for antikorrupsjon og gjennomskinnelegheit. Posisjonen stemte det ned, trass oppmoding om dette frå statsminister Erna Solberg. Vi kjem til å fremja forslag om innmelding kvart år heilt til det går gjennom.

Godt førebudde saker og svar på direkte spørsmål er ein føresetnad for tillit til dei politiske prosessane. All tilgjengeleg og vesentleg informasjon skal på bordet. Då er det viktig at vi andre får vita kva ordføraren veit.

Nils-Anders Nøttseter

Formannskapsmedlem

Leiar for Miljøpartiet Dei Grøne Os