Kjekkasen med den eksotiske utsjånaden (mor er norsk, far frå Trinidad) har fått ein fanskare blant damene etter Øya. -Morsomt det, ler Erik Walden. (Alle
Kjekkasen med den eksotiske utsjånaden (mor er norsk, far frå Trinidad) har fått ein fanskare blant damene etter Øya. -Morsomt det, ler Erik Walden. (Alle

Kvinneforeningen: Korleis overleva på ei øy i Strøno?

Erik Walden og ekspedisjonskompis Bjørn-Tore Bachmann Eriksen ville ha ete kvarandre om det stod om livet.

Du kjenner Erik Walden frå TV2s Øya. Den uthaldande osingen som skaffa fisk og delte med sutrekoppane som låg i halvsvima av svolt.

– Hehe, eg hadde det veldig fint der, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det gjekk heile to år frå brannmannen overlevde ei ubebudd øya i Stillehavet, til programmet kom på skjermen. Finalen gjekk mandag for to veker sidan.

– Då eg kom heim, reiste eg ganske kjapt ut hit. Slik kunne eg framleis vera på ei aude øy, seier han.

Stolen påhengsmotor

Øya Erik er så glad i, heiter Forstrønen og ligg i hans barndoms Strøno.

Idag er han lærar på Os ungdomsskule, men Bjørn Tore Bachmann Eriksen har bakgrunn frå utanlandsteneste i Forsvaret.
Idag er han lærar på Os ungdomsskule, men Bjørn Tore Bachmann Eriksen har bakgrunn frå utanlandsteneste i Forsvaret.
Perla på Forstrønen er Erik Waldens favorittstad i Os. - Det er kanskje dumt å avsløra kor fint det er her, ler han.
Perla på Forstrønen er Erik Waldens favorittstad i Os. - Det er kanskje dumt å avsløra kor fint det er her, ler han.
Vi startar turen med bålbygging. Her er Stine Kobbeltvedt og Bjørn Tore Bachmann Eriksen i sving med å samla ved.
Vi startar turen med bålbygging. Her er Stine Kobbeltvedt og Bjørn Tore Bachmann Eriksen i sving med å samla ved.
Villmarkens son, Erik Walden, med den einaste fangsten denne dagen. Ei spissmus som han like etter slapp laus.
Villmarkens son, Erik Walden, med den einaste fangsten denne dagen. Ei spissmus som han like etter slapp laus.
I gamle dager ville Dinah ha glefsa i seg spissmusa, men jaktinstinkta er ikkje det dei ein gong var.
I gamle dager ville Dinah ha glefsa i seg spissmusa, men jaktinstinkta er ikkje det dei ein gong var.
Kan ein ha det betre? Medan lesarane våre førebur fredagstacoen, kokar vi kjøtsuppe og fortel skrøner kring leirbålet.
Kan ein ha det betre? Medan lesarane våre førebur fredagstacoen, kokar vi kjøtsuppe og fortel skrøner kring leirbålet.

Med på tur er Eriks risenschnauzer-tispe og pensjonerte redningshund, Dina, samt kompis Bjørn Tore Bachmann Eriksen. Ungdomsskulelæraren har tidlegare vore seks veker på ekspedisjon med Erik i Canada.

– Ein fantastisk tur i høve at begge fylte 40, smiler Bjørn Tore.

Bålvakt

Ekspedisjonen begynner i ein 13 fots plastbåt ved kaia i Lønnevågen.

– Det er pappa sin båt. Han tykte så synd i meg då påhengsmotoren min vart stolen, at han overlet sin eigen båt med motor til meg, smiler Erik.

Medan Os & Fusapostens lesarar tek helg og steiker kjøttdeig til tacoen, set Kvinneforeningen sjøbein på Forstrønen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Erik og Bjørn Tore går straks i gang med å byggja ein ringmur av stein og sanka furegreiner i passande storleik.

– Hæ, skal du fyra opp med fyrstikker? Er ikkje det juks, seier vi sjokkert når Erik ordnar fyr i bålet på null komma niks.

– På Øya strevde vi i timesvis for å laga eld og bytte på å vakta over bålet. Eg trur vi gjer det enkelt i dag, ler han.

Pulled pork og sneglar

Bjørn Tore diskar opp med grønsaker og pulled pork i kjøtsuppa. Men fyrst smører han inn gryta med grønsåpe.

– Då festar soten seg i såpa og kan vaskast vekk etterpå.

Kvinneforeningen, som var innstilte på villsau-jakt og sneglesanking for å overleva, er letta over Bjørn Tores kokkelering.

– God mat er viktig på tur. Ein forbrenn mange fleire kaloriar når ein må halda varmen og stadig bevegar seg, seier han.

Då Erik og Bjørn Tore var i Canada, gjekk dei ned 21 kilo tilsaman.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi fiska ørret og åt det eine herremåltidet etter det andre, likevel raste vi ned i vekt, ler Erik.

Svalt i hjel

I det enorme landet kan ein gå i vekesvis utan å møta andre menneske. Før satelittelefonar og moderne kommunikasjon, kunne det bli lagnadstungt om ulukka råka. På turen gjekk Erik og Bjørn Tore innom tømmerkoia der tre menn i 1927 svalt i hel, ein etter ein.

Dagboka til den siste overlevande vart funnen i ein omn og utgitt under namnet «Death in the Barren Ground».

– Vi las boka på turen vår, men stussa på kvifor dei ikkje åt dei døde for å overleva. Så byrja vi å diskutera om vi ville ha ete kvarandre. Det ville vi, seier Erik medan Bjørn Tore nikkar og ler.

Lytt til oss!

Vil du vita meir om kva vi snakka om? Lytt til podcasten vår.

Anne Marie Aarøen Vangsnes

anne-marie@osogfusa.no