Sverre Solheim har hatt slag. I november vart han kontakta av ein annen kar med slag. Det redda truleg livet til mannen som heilt tilfeldig slo nummeret til Solheim.
Sverre Solheim har hatt slag. I november vart han kontakta av ein annen kar med slag. Det redda truleg livet til mannen som heilt tilfeldig slo nummeret til Solheim.

Livsviktige tastetrykk

Ein tilfeldig telefonsamtale til Sverre Solheim (70) på Eikhovdaheimen i Fusa, redda truleg livet til karen i nabofylket. Sverre har nemleg sjølv hatt slag, og skjønte kvifor mannen snakka så usamanhengande.

Camilla Kvamme

camilla.kvamme@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

70-åringen veit nøyaktig kva tid episoden som har gjort han så tilfreds i vekene før jul, fann stad. Han har skrive det ned i den vesle notatboka si. Laurdag 26. november.

- Eg trur det var på føremiddagen, seier han og tek eit kjapt blikk i boka.

Her står nummeret til karen, som ein trygt kan seia hadde hell i uhell denne laurdagen.

Solheim har framleis problem med å hugsa tal og tid. I den vesle boka si skriv han ned viktige ting han må hugsa, deriblant nummeret til slagpasienten som kontakta han for snart to månader sidan.
Solheim har framleis problem med å hugsa tal og tid. I den vesle boka si skriv han ned viktige ting han må hugsa, deriblant nummeret til slagpasienten som kontakta han for snart to månader sidan.

- Eg er berre så glad for å kunna hjelpa nokon, seier han og smiler.

Sendte sjukebil

Då telefonen først kom, trudde Sverre Solheim at den framande karen i andre enden var full. Det einaste han greidde å få tak på i ordflommen i røyret, var namnet på sjukehuset karen sokna til. Resten var heilt uforståeleg.

Etter å ha tenkt seg litt om, slo det Solheim: Han har vel ikkje fått slag?

- Eg bestemte meg for å ringja han opp att. Mannen snakka framleis like uforståeleg, og eg forstod at det var slag. Det var akkurat slik eg sjølv hadde det då eg vart sjuk, fortel 70-åringen.

Du skal få hjelp, var beskjeden frå Sverre til den ukjente karen. Deretter tok han kontakt med personalet på Eikhovdaheimen, som igjen kontakta det aktuelle sjukehuset.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein sjukebil vart sendt til den rette adressa. Dermed fekk karen som ein laurdag føremiddag i november, tasta eit heilt tilfeldig nummer på telefonen sin, og hamna hjå 70 år gamle Sverre i Fusa, som hadde vore gjennom akkurat det same, den hjelpa han trengte.

- Eg er ikkje religiøs, men Vår Herre må nok ha hatt ein finger med i spelet i dette tilfellet, trur han.

Seinare på dagen fekk den gode hjelparen telefon frå sjukehuset. Det stod etter forholda bra til med slagpasienten.

Mista taleevna

Solheim måtte sjølv ha hjelp frå dei rundt seg, då han fekk hjerneslag i mai 2015. Han budde åleine i ei campingvogn på Heimstad i Hålandsdal på den tida. Sjølv om Solheim merka at det var noko som ikkje stemte, gjekk det tre dagar før han kom seg til ein lege. Då var det veninna hans i Åsane som tok affære.

- Ho ringte meg. Eg trudde alt var i orden. Men ho forstod ingenting av det eg sa, fortel han.

Veninna tok kontakt med ein slektning av Sverre og bad han om å ta seg ein tur bort til han.

- Eg skjønte ikkje kvifor han kom på besøk måndag føremiddag. Han pleidde alltid å koma om sundagane, seier 70-åringen.

Sjølv om han var ved bevisstheit, og fekk med seg det som hendte, skjønte han samstundes at noko var galt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Frå legekontoret i Eikelands-osen gjekk turen vidare til Haukeland Universitetssjukehus. Først to månader seinare, etter opphald på Haukeland og Nordåstunet, var han attende i heimkommunen.

- I starten hugsa eg ingenting. Eg visste ikkje kven borna mine var, kva eg heitte eller kor eg kom frå, fortel han.

Solheim hadde mista evna til å snakka. Det vil seia orda låg lagra i hovudet, men han greidde ikkje å få dei ut.

Vaktmeisterassistent

I februar 2016 fylte Sverre Solheim 70 år. Han var flytta inn på Eikhovdaheimen på Fusa, og forma var på stigande kurs.

Faktisk var tilstanden så god, at han i løpet av sommarmånadene tok på seg oppgåva med å stella i hagen.

Solheim kjøpte grasklippar som han køyrte ved sidan av den elektriske rullestolen sin. Klipte hekken på framsida av bygningen slik at alle bebuarane, etter gamalt av, skulle få utsikt til sjøen, måla hagemøblar, plukka bos, og mykje, mykje meir. Utstyr og måling skaffa han sjølv. Med pengar frå eiga lomme.

- Det var heilt strøkent her. På døra si fekk han skilt der det stod vaktmeisterassistent, fortel logopeden som har arbeidd med 70-åringen sidan august 2015.

- Eg var den einaste her som kunne gjera det. Eg er 70, dei andre som bur her er nærare 90, seier Solheim beskjedent.

Artikkelen held fram under annonsen.

Trekkspelreperatør

Tidlegare har Solheim drive si eiga transportverksemd. Han har også vore dagleg leiar i eit datafirma.

70-åringen har alltid vore glad i musikk, og var mellom anna blant initiativtakarane til Torgdagen i Bergen.

Då Solheim var litt oppi åra, byrja han å reparera og stemma trekkspel. Fusingen har med andre ord ei solid livserfaring.

Framleis slit 70-åringen med etterverknader etter slaget. Tid og tal er til dømes vanskeleg.

- Eg veit kva eg vil seia. Men det kjem feil ut. Det var difor eg ikkje turte å ringja legevakta sjølv då eg fekk telefonen frå karen med slag. Eg var redd for å oppgje feil telefonnummer til han, seier Solheim.

70-åringen spelar ikkje lenger heller. Sjølv om dei rundt han, meiner tonane lét bra, høyrest det galt ut oppe i hovudet hans.

- Akkordane høyrest feile ut. Då er det ikkje morosamt å spela, seier han.

Ringjer om att og om att

Korleis det går med mannen han hjelpte for snart to månader sidan, veit ikkje Solheim sikkert.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mannen har prøvt å ta kontakt med 70-åringen fleire gonger, men har framleis store problem med språket, og endar opp med å verta svært frustrert kvar gong han ringjer.

- Ut frå eiga erfaring trur mannen sikkert at det han seier er forståeleg, men så seier eg at eg skjøner ingenting. Då kan det vera lett å verta sint, seier Solheim og legg til:

- Eg er uansett utruleg glad for å kunna hjelpa. Av alle personar han kunne ringt den dagen, er det utruleg merkeleg at det var nettopp hjå meg han hamna.