Christian Fotland har orientert gruppeleiarane om Luranetunet-saka.
Christian Fotland har orientert gruppeleiarane om Luranetunet-saka.

Luranetunet-saka: - Me tek dette på største alvor

Rådmannen har orientert gruppeleiarane i partia etter saka i Klassekampen der det kjem fram krass kritikk av tilhøva på Luranetunet.

Rådmannen stadfestar i eit brev til gruppeleiarane onsdag kveld at kommunalsjef for helse og omsorg i januar mottok  eit brev frå hovudtillitsvald i Sjukepleiarforbundet der det vart retta bekymring kring bemanning, arbeidspress og arbeidstilhøva for dei tilsette på ei avdeling.

Tysdag morgon vart kommunen også kjend med eit nytt brev knytta til same avdeling og mange av dei same utfordringane.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Dette brevet vart sendt direkte til Klassekampen. Innhaldet i brevet er i stor grad gjengitt i Klassekampen (i sak onsdag), ifølgje rådmannen. 

Han opplyser at kommunalsjefen og einingsleiar i etterkant av brevet i januar "starta ein prosess i lag med tillitsvalde og dei tilsette for å sjå på tiltak for å betre situasjonen".

- Rådmannen tok opp brevet i drøftingsmøte med hovudtillitsvalde, og kommunalsjefen fekk i oppdrag å kalla inn til fellesmøte med HTV og verneteneste på Luranetunet, heiter det i brevet til gruppeleiarane.

- Det vart halde eit avklaringsmøte/kartleggingsmøte 31. januar med HTV og verneombod. Det vart då sett ned punkt om samhandling og samarbeidsrutinar mellom leiing, HTV og verneteneste, heiter det vidare.

Det vart også sett fokus på dei såkalla nærværsgruppene på Lurane, ifølgje rådmannen. Dette grepet var retta mot  det vidare arbeidet i samhandlinga mellom leiinga og dei tilsette "for å sikra god informasjonsflyt ut i avdelingane".

Kommunalsjefen hadde ifølgje rådmannen i denne perioden jamlege samarbeidsmøte med einingsleiar der blant anna ressursituasjonen skal ha vore tema.

- Det vart sett inn noko ekstra ressursar på denne avdelinga, men ikkje så mykje som dei tilsette ønska seg, utdjupar rådmannen.

Då rådmannen etterlyste status nokre veker etter, skal det ha blitt rapportert at situasjonen hadde betra seg noko og at kommunalsjef og einingsleiar ville følgja saka vidare.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Saka i Klassekampen viser at saka ikkje er løyst, konstaterer rådmannen i brevet til gruppeleiarane og listar opp desse momenta for arbeidet vidare:

-  Kva er fakta i saka? Korleis kan vi sjekka ut objektivt status på avdelinga i høve arbeidsmiljø, bemanning og faglege utfordringar

-  Kva med turnus, sjukefråvær, vikarbruk, kompetanse og organsiering av arbeidet?

-  Korleis fungerer samhandling tillitsvalde/verneteneste/leiarar?

-  Korleis fungerer avvikssystemet i høve medisinhandtering og forbetringsarbeid?

-  Korleis vert rutinar følgde opp?

-  Korleis er situasjonen på dei andre avdelingane?

-  Korleis fungerer det palliative arbeidet ved avdelinga, og er dette eit einskild eksempel med at ein pasient døde åleine på rommet?

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette kartleggingsarbeidet starta onsdag, og kommunalsjefen har hatt eit første møte med alle avdelingsleiarane for å gå gjennom punkta i brevet, opplyser rådmannen. Han har også sjølv hatt møte med alle hovudtillitsvalde onsdag. 

No ventar nye møte med hovudtillitsvalde og verneombod. Rådmannen har også vore i dialog med kommuneadvokaten for å sjå om det ligg varslingselement i brevet som er omtala i Klassekampen.

- Eg ønskjer med denne orienteringa å formidla at vi tar situasjonen på største alvor, at vi ønskjer ei faktabasert tilnærming og at vi vil koma med målretta tiltak om kartlegginga viser at dette er naudsynt, avsluttar rådmannen orienteringa overfor gruppeleiarane.